Hopp til innhold

Sliten Hjelle tok pust i bakken

Prosjektleiar i Tall Ships Races, Helge Hjelle, unna seg nokre minutt pause etter premieutdelinga.

Tall Ships Races 2008

Helge Hjelle

Foto: Sander Heggheim/NRK

- I dag har det gått i ett. Eg har mange oppgåver, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Blir rørt

Han er ifrå seg av begeistring for arrangementet dei har fått til i Måløy.

LES OGSÅ: Rørt prosjektleiar

- Som eg sa i stad, har eg lett for å bli rørt. Dette er heilt klart det største eg har vore med på når det gjeld arrangement og underhaldning, seier han.

- Klar i morgon

Men det vert ikkje mykje kvile på Hjelle i kveld. For etter at ting har roa seg, skal han rett på fest.

- No skal eg roe ned på ein av båtane, og snakke med båtfolket. Det gler eg meg til, seier han.

- Men i morgon klokka sju er eg klar til innsats att, smiler han.