Hopp til innhold

Frå småby til storby

Måløy gjekk frå å vere ein småby med 3000 innbyggjarar til å bli ein større by med mange fleire tusen.

Tall Ships Races 2008

Gatene i Måløy sentrum er fulle av folk.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Vi merkar sjølvsagt at det er mykje meir folk her enn elles, seier Liz Cathrin Johnsen som er butikkmedarbeidar ved Eurosko i Måløy.

Tall Ships Races 2008

Liz Cathrin Johnsen har mykje å gjere i jobben på Eurosko under Tall Ships Races.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Dobbel bemanning

Dei har merka at tusenvis av sjøfolk og andre har innteke Måløy. Dei har sett inn ekstra mannskap for å kunne ta unna alle kundane.

- Vi har dobbel bemanning under Tall Ships Races, seier ho.

Og sjølv om det til tider kan bli svært hektiske dagar under arrangementet, seier ho at det er kjekt.

- Fantastisk

- Her er alltid noko å gjere, det er mykje kjekkare å vere på jobb når det er noko å gjere, smiler ho.

Sjølv meiner ho at det er fantastisk stemning i Måløy.

- Veret, stemninga og folkemengda er heilt fantastisk. Eg er sikker på at dette vil vere med på å fremje Måløy som turistmål i framtida, seier ho.