Hopp til innhold

Gav alt for England

Phillip Joaklan og venene hans sparte ikkje på kruttet i palleløpet under Tall Ships Races i Måløy.

Tall Ships Races 2008

Engelske Phillip Joaklan gav alt i palleløpet laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Vatnet var ikkje kaldt. Det var deilig, ler William De Jonge, som nett har kome opp ifrå vatnet etter at han datt uti.

- Elskar Noreg

Sjølv om dei ikkje fekk beste tid, hang dei ikkje med leppa.

GALLERI:

- Vi elskar å vere i Noreg. Du finn ikkje maken til natur heime i England, seier Justin Sightorp Frotts.

Skal feste

Saman har dei tre vore med på eit skip ifrå London. Dei er ifrå Manchester og vart med til Noreg for å gjere ein ting.

- Vi skal feste, ler dei.

- I tillegg må vi få seie at vi tykkjer at det norske folket er utruleg greie. Dei er veldig vennlige. Det er kjekt, seier Joaklan.