Hopp til innhold

Rørt prosjektleiar

Opningseremonien i Tall Ships Races vart sterk for prosjektleiar Helge Hjelle.

Helge Hjelle

Prosjektleiar i Tall Ships Races Måløy, Helge Hjelle, var godt nøgd med opningsseremonien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Eg har problem med å halde tilbake tårene, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

- Heilt fantastisk

Saman med fleire har han lagt ned tusenvis av timar for å få i stand Tall Ships Races i Måløy. Difor vart opningseremonien sterk for Hjelle.

LES OGSÅ: Båtfesten er i gang

- Dette er heilt fantastisk. Vi har fått ein pangstart på årets utgåve av Tall Ships Races.

Stolt prosjektleiar

- Eg er svært stolt, legg han til.

Og at fleire tusen menneske hadde funne vegen til opningsseremonien varma Hjelle.

- Eg tykkjer eigentleg at dette berre skulle mangle. Og eg visste at folk ville møte opp, seier han.

- Spektakulært

Prosjektleiaren var strålande nøgd med opningseremonien på Torget i Måløy.

- Det var eit spektakulært show. Veldig bra, strålar han.