Hopp til innhold

2500 kilometer med ost

Kevim Hacvnhecorne reiste 2500 kilometer for å selje pølser og ost.

Boder Tall Ships Races

Heile 75 forskjellige ostar hadde han med seg frå Frankrike.

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Vi har køyrt kring 2500 kilometer frå Frankrike til Måløy, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

GALLERI: Meir enn båtar og skip

Store mengder

Anledninga er sjølvsagt Tall Ships Races i Måløy. Han har med både pølser, ost og oliven i store mengder.

- Vi har selt bra, her er mykje folk som er glade i ost, smiler han.

Favoritten

Totalt har han med seg heile 75 forskjellig ostetypar, og 18 forskjellige pølser.

- Dei fleste kjøparane er norske, seier han.

Den mest populære osten er Beaufort. Han fortel at det har gått mykje av den. Men sjølv er han ikkje så glad i ost.

- Nei, når ein står over osten ein heil dag blir du ikkje så gira på ost etter arbeidstid, ler han.

Ingen båtekspert

No går turen vidare til Tall Ships Races i Bergen. Deretter ventar ein lang køyretur til Nederland og eit nytt Tall Ships Races. Men nokon båtekspert er han ikkje.

- Eg er ingen ekspert, men følgjer med og tykkjer det er interessant, seier den einaste engelsktalande av dei seks medarbeidarane.