Hopp til innhold

- Gud hjelpe for ein jobb

Prosjektleiar Helge Hjelle kan puste ut etter eit prikkfritt Tall Ships Races i Måløy.

Tall Ships Races 2008

Helge Hjelle

Foto: Sander Heggheim/NRK

- Det har vore travelt. Gud hjelpe meg for ein jobb vi har hatt, men vi har på same tid hatt det utruleg artig, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

- Stort

I går var han med på Captains Dinner der to frå kvart einaste skip, pluss politikarar og andre kjende fjes var med. Ein av kapteinane sette i gang tre gonger hipp hurra for Helge Hjelle.

- Det var stort. Eg fekk klump i halsen, men det er viktig for meg å formidle dette til alle medarbeidarane mine. Dei skal alle ha ære for dette fantastiske arrangementet, seier han.

Brukte ferien

Han seier at han berre har fått god-ord frå både kapteinar og andre.

- Mange har lagt 14 dagar av ferien sin til å hjelpe til under Tall Ships Races. Mange har brukt all si fritid. Då er det utruleg kjekt at vi lukkast, seier han.

Til Bergen

- Då vi fekk vite at Måløy skulle bli vertskap fro Tall Ships Races var det utruleg viktig for oss å vise at vi klarte å gjennomføre det. Og det har vi klart så til dei grader, smiler han.

Neste veke går turen vidare til Bergen, der båtsirkuset held fram.

- Det skal eg nyte, smiler han.