Hopp til innhold

Sabeltann i Måløy

- Eg var ikkje redd, seier vesle Martin Solvang.

Kaptein Sabeltann, Tall Ships Races 2008

Kaptein Sabeltann og hans mannskap var sjølvsagt på plass under Tall Ships Races i Måløy.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Laurdag føremiddag var det dei minste som skulle få underhaldning på hovudscena. Kaptein Sabeltann med heile mannskapet sitt underholdt med sang og musikk.

- Dei var pysete

Heller ikkje Henrik og Iver Oksholen vart skremde av sjølvaste Kaptein Sabeltann.

- Nei, han var ikkje så veldig skummel. Men Pelle og Pysa var pysete, ler dei.

Petter Oksholen og Ørjan Solvang hadde teke med seg borna til Måløy. Dei skryt av opplegget for dei heilt minste under Tall Ships Races.

For store og små

- Det har vore veldig bra, her er noko for både store og små, seier dei.

Planen var at barna skulle få reise på sjørøvartokt ilag med sjølvaste Kaptein Sabeltann. Men dette vart utsett til i morgon.

- Vi hadde planlagt å vere med båten i dag, men då ser det ut til at vi lyt tilbake i morgon også, smiler Solvang.