Torsdag kravde sju demokratar i Senatet ei etisk gransking av kva rolle dei to republikanske senatorane Ted Cruz og Josh Hawley hadde under storminga av nasjonalforsamlinga.
Dei har begge utmerka seg som sterke motstandarar mot at Kongressen skulle godkjenne valet. Cruz og Hawley er ifølgje CNN skulda for å ha lagt til rette for Trump-tilhengjarar som angreip.
Dei to senatorane seier at skuldingane mot dei, opplagt er ein partipolitisk hemn og eit politisk spel frå Demokratene.
Josh Hawley kallar granskingskravet misbruk av Senatet sitt etiske regelverk. Han meiner og at riksrettstiltalen mot president Donald Trump er forfatningsstridig, fordi Trump har gått av som president og at Senatet ikkje har noko rolle i å straffe ein avgått president.
Det har kome fleire rapportar om at grupper blei viste rundt i Kongressen dagen før storminga, sjølv om bygninga var stengt for besøkande.
125 arresterte
Mange av dei 125 som er sikta etter angrepet på Kongressbygningen 6. januar, då begge kammer var samla for å godkjenne valet av Joe Biden som ny president, har alvorlege skuldingar hengande over seg.
Mange er fengsla og sikta for vald mot politiet, for å ha hatt ulovlege våpen eller for dødstruslar.
Spekulasjonane om der låg ein konspirasjon bak angrepet blir tyngre å bevise.
Dei første som er skulda for dette er tre medlemmar i den høgreorienterte militsgruppa «Oath Keepers». Ifølgje siktinga er krigsveteranen Thomas Edward Caldwell skulda for å ha koordinert ei gruppe på over 30 personar før og undervegs i opprøret.
Om dei hadde hjelp av nokon høgare opp i systemet blir no etterforska.
Videoar viser valden
Stadig fleire detaljar rundt storminga kjem fram sidan vitne blir avhøyrde og videoar blir analyserte. Politiet skal ha fått over 100.000 tips.
Framståande Trump-tilhengjarar frå fleire delstatar er namngitte og arresterte.
Timevis med videomateriale frå sosiale medium blir undersøkt av etterforskarane med sikte på å klarlegge kven som gjorde kva og identifisere dei skuldige. Fleire av dei arresterte har avslørt seg sjølv på sosiale medium når dei har posta bilde av eiga rolle i opprøret.
Videoar viser at fleire politifolk blir angripne på målretta vis. Ein politimann skrik i smerte når han blir klemd mellom mobben og ein døropning. På ein annan video forsøker ein inntrengjar å rive gassmaska av ein politimann.
På trappa utanfor blir fleire politimenn slått gjentekne gonger med ei hockeykølle av ein demonstrant, som no er identifisert og sikta, skriv New York Times.
– Faren ikkje over
Dei fleste angriparane som er identifiserte så langt, er Trump-tilhengjarar, ifølgje nyheitsbyrået AP.
Fleire kan bli siktet for meir alvorlege lovbrot, som å ha medverka til å organisere og samordne storminga, der fem menneske døydde.
Blant gruppene som FBI ser nøye på, er Proud Boys, der fleire medlem skal ha hatt intern kommunikasjon under angrepet.
CNN melder at nok ein person som hadde brukt walkietalkie for å organisere ei gruppe frå Proud Boys, blei arrestert natt til fredag.
I QAnon-grupper skal det ha gått ut beskjedar om å logge ut, slette kontoar på sosiale medium og halde seg unna nettet.
Politiet i hovudstaden Washington seier til CNN at faren for nye angrep ikkje er over.
LES OG: