Hopp til innhold

Politiet meiner militsmedlemmer planla og koordinerte kongressopprøret

Høgreekstreme militsgrupper planla å storme Kongressen, ifølgje politidokument. Dei skal ha koordinert angrepet medan det gjekk føre seg.

Angrep på Kongressen 6. januar 2021.

Politiet i kongressbygningen arresterte fleire under den valdelege storminga av den amerikanske nasjonalforsamlinga 6. januar.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Militsmedlemmer frå Virginia, Ohio og andre delstatar planla storminga i fleire dagar, skriv Washington Post. Under opprøret kommuniserte dei og la planar om å jakte ned folkevalde for å ta dei i såkalla borgararrest, heiter det i politidokument framlagde for retten.

Ifølgje dokumenta, deltok Thomas Edward Caldwell, ein leiarskikkelse i gruppa Oath Keepers, i angrepet. Marineveteranen skal ha koordinert ei gruppe på over 30 personar før og undervegs i opprøret.

Direkte frå opprøret

Ein telefonsamtale skal vise at gruppa handla etter ein plan då Kongressen blei storma.

– Vi er rundt 30–40 stykkjar. Vi held oss saman og held oss til planen, sa medtiltalte Jessica Watkins, også ho veteran frå forsvaret, i ein samtale, då opprøret var i gang.

– De skal utføre borgararrestar. Arrester forsamlinga. Vi har rett til det på grunn av forræderi og valfusk, svara ein mann, som seinare oppmoda Watkins og dei andre til å følgje planen.

– Dette er det vi har trena for, sa mannen.

GODT FORBEREDT:

ANGREP: Voldelege demonstrantar inne i Kongressen 6. januar.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP

Granskar videomateriale

Dei siste arrestasjonane i etterforskinga av opprøret, viser at FBI dreiar søkjelyset over mot høgreekstreme militsgrupper. Medlemmer av grupperingar som Oath Keepers, Proud Boys og Three Percenters er arresterte.

Ifølge Oath Keepers sjølv, har dei over 1000 medlemmar som er klare til å gjere opprør.

Demonstranter inne i Kongressen, i midten Jake Angeli, også kalla QAnon-sjamanen.

Demonstrantar inne i Kongressen, i midten Jake Angeli, også kalla QAnon-sjamanen.

Foto: JIM LO SCALZO / EPA

Fleire timar med videomateriale frå sosiale medium blir undersøkte av etterforskarane. Dei konsentrerer seg om individ i militærliknande klede som går på samordna vis.

– Dette er første steg på vegen for å forstå om det var ein type samordna konspirasjon her, seier ein høgtståande tenestemann ved kontoret til riksadvokaten i Washington til Washington Post.

SISTE NYTT

Siste meldinger