Hopp til innhold

Ventar nye spekulasjonar om helsa til Hillary Clinton

Hillary Clinton måtte forlate minneseremonien for terrorangrepa mot USA 11. september 2001 i New York i dag, fordi ho kjende seg dårleg. Hendinga er venta å setje ny fart i spekulasjonane rundt helsetilstanden hennar.

Video av Hillary Clinton som blir hjelpt inn i bilen av tryggingsvakter etter eit illebefinnande.

VIDEO: Hillary Clinton tydeleg ustø då ho vart hjelpt inn i bilen.

Kampanjen til presidentkandidaten for Det demokratiske partiet opplyser at Hillary kjende seg uvel i det varme og fuktige vêret, og ho vart hjelpt bort frå minneseremonien på Ground Zero til ein ventande bil. Det er ikkje kjent om ho fekk legehjelp etter det som skjedde.

Ho miste ein sko på veg inn i bilen, og ein video som er lagt ut på sosiale medium viser at ho var tydeleg ustø. Fleire kjelder seier at ho svima av, men dette er ikkje stadfesta av valkampleiinga hennar.

– I fin form

Hillary Clinton i New York.

Hillary Clinton verka i fin form då ho gjekk frå husværet til dottera Chelsea.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Etter å ha slappa av i husværet til dottera Chelsea ikkje langt unna ein times tid, gjekk ho til fots derfrå. Ho vinka og smilte til dei frammøtte journalistane og sa at ho kjende seg i fin form.

Dette er neppe nok til å stanse spekulasjonane om helsa hennar. Motstandaren Donald Trump og hans støttespelarar har lenge sagt at Hillary Clinton ikkje har helse til å vere president i USA, korkje fysisk eller psykisk.

I eit intervju med Fox News i august i år gjekk Trump-støttespelar og tidlegare borgarmeister i New York, Rudy Giuliani, hardt ut mot det han kalla «mainstream media» for å halde skjult bevis på at Hillary Clinton var sjuk.

Han oppmoda dei som tviler på at ho er sjuk om å sjekke fakta på Internett.

Et splittet USA markerer 15-årsdagen: Reddere og sintere enn for fem år siden

Florerer av «bevis»

Og på Internett florerer det av «bevis» om kor sjuk presidentkandidaten er. Det hjelper ikkje same kva den faste legen hennar seier om at Hillary er frisk, og at det ikkje er noko ved hennar helsetilstand som tilseier at ho ikkje er skikka til å bli president.

Ifølgje CNN går helsespekulasjonane rundt Hillary Clinton tilbake til 2012. Ho var innkalla til Kongressen for å svare på spørsmål rundt terrorangrepet mot Benghazi i Libya, der den amerikanske ambassadøren vart drepen.

Hillary Clinton.

Hillary Clinton var tydeleg utstå då ho vart hjelpt bort frå minneseremonien på Ground Zero i New York.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

Denne seansen måtte utsetjast, etter at Hillary Clinton vart diagnostisert med hjerneristing etter å ha vore dehydrert. Då vart det spekulert i at ho spelte sjuk for å kome seg unna høyringa i Kongressen.

I vekene etter dette vart ho innlagt på sjukehus, der ho gjekk på blodfortynnande medisin for å fjerne ein blodpropp i ei blodåre i den høgre øyra. Legane som behandla henne seier at ho ikkje vart ramma av hjerneslag eller fekk andre nevrologiske komplikasjonar.

Trump hyller Putins lederegenskaper

Donald Trumps septemberoffensiv

Nye rykte

I mai 2014 gjekk den norskætta strategen i Det republikanske partiet, Karl Rove, ut og ymta om at Hillary Clinton hadde fått ein hjerneskade. Han gjekk seinare tilbake på dette, og sa at han var misforstått.

Trump utspørring

Donald Trump har brukt helsa til Hillary Clinton aktivt i valkampen.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

Etter dette var det roleg på ryktefronten om helsa til Hillary i over eitt år. Då starta det på nytt igjen, blant anna på grunn av ein video der det vart spekulert om ho hadde fått ei ny hjerneristing etter ein tale i Washington DC.

Fox News inviterte eit panel av ekspertar til å vurdere ulike videoklipp der Hillary Clinton hostar, held seg til hovudet og såg trøytt ut. Den einaste nevrologen i panelet, dr. Fiona Gupta, sa at det ikkje var mogleg å lese noko som helst ut av videoklippa som vart viste.

Clinton: – Trump er en gave for IS

Forteljingane om USA Et splittet USA markerer 15-årsdagen: Reddere og sintere enn for fem år siden

Sprøyte var lommelykt

Nye spekulasjonar kom då ein av tryggingsvaktene hennar heldt ein gjenstand i handa medan han gjekk ved sida av henne. På Twitter og andre stader på nettet vart det spekulert heftig om det var ei diazepam-sprøyte, ein medisin som blir brukt ved hjerneslag.

Secret Service måtte ut og dementere. Det var ikkje ei sprøyte tryggingsvakta heldt i handa, det var ei lommelykt.

Så tok rykta eit endå meir alvorleg retning. På ein Twitter-konto vart det lagt dokument som skulle vere Hillary Clintons medisinske historie. Her står det blant anna at ho var diagnostisert med ein tidleg fase av demens.

Det viste seg at det var ei forfalsking, og Twitter-kontoen er no sletta.

Den siste tida har Donald Trump og støttespelarane hans igjen trappa opp spekulasjonane om helsa til kandidaten frå Det demokratiske partiet.

SISTE NYTT

Siste nytt