NRK Meny
Normal

Forteljingane om USA

Sjeldan har USA vore vitne til ein så polarisert valkamp. Og det er ikkje berre kandidatane som er ulike – det same er forteljingane deira om USA og kva det vil seie å vere amerikanar.

NRKs USA-korrespondent Gro Holm snakkar med nokre av veljarane i West Viriginia - om kven dei skal stemme på, og ikkje minst kven dei ikkje skal stemme på!

NRKs USA-korrespondent Gro Holm snakkar med nokre av veljarane i West Viriginia – om kven dei skal stemme på, og ikkje minst kven dei ikkje skal stemme på! Foto: Will Montague

– Trump er det vi i politisk psykologi kallar ein identitetsentreprenør. Han prøvar å påverke biletet av det den gjengse amerikanar er til å passe til dei verdiane og dei karakteristikkane han sjølv står for, seier Sigrun Marie Moss, førsteamanuensis i politisk psykologi ved Universitetet i Oslo.

Sigrun Marie Moss

Sigrun Marie Moss forskar på politisk psykologi ved UiO og synest det er mykje å ta tak i i årets presidentvalkamp.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Trump har heilt sidan han kom inn på den politiske scena i USA spelt på sin upolerte stil og markert avstand til «eliten i Washington». Han har ofte brukt media til talestol, i motsetning til Hillary Clinton, som har fått kritikk for å vere for fråverande.

I går deltok dei begge for første gong i same tv-program – likevel rett nok ikkje på scena samtidig – i NBC sitt såkalla commander-in-chief-forum.

Sjå meir om media si rolle i den amerikanske presidentvalkampen i Urix på NRK2 kl. 20.25.

Trump – seier det som det er?

Og Trumps mange kontroversielle utspel ser ikkje ut til å fråstøytte tilhengarane, snarare tvert imot – dei ser ut til å setje pris på at han snakkar «rett frå levra».

Donald Trump fokuserer på tryggleik i denne videoen, der han peikar på alle farene som trugar USA, og korleis han skal ordne opp i det.

Donald Trump fokuserer på tryggleik i denne videoen, der han peikar på alle farane som trugar USA, og korleis han skal ordne opp i det.

– Ved å seie ting som mange ikkje nødvendigvis synest noko om, til dømes då han i går roste Putins leiarstil, klarer han å skape den avstanden til dei andre politikarane som folk har mista trua på.

Clinton synest Trump svartmålar

Hillary Clinton blir derimot oppfatta som ein del av Washington-eliten. Ho har angripe skremmebileta ho meiner han skaper med si kampanje og sitt «Make America Great Again»-mantra.

– Ho prøvar å måle eit anna bilete av tilstanden i USA, eit med meir håp, seier Moss.

Clinton trakk fram stadigheit, eit jamt temperament og god dømmekraft som sine styrker som «commander in chief» då ho blei spurt om dette i gårsdagens TV-sending – i motsetnad til rivalen.

– Slik kan ho framstille han som ein laus kanon, og speler på uvissa om kva som vil skje om han blir president.

Hillary Clinton prøvar å vise korleis Trump sin kampanje kan verke skremmande på barn.

Hillary Clinton prøvar å vise korleis Trump sin kampanje kan verke skremmande på barn.

Ofte eit gap mellom leiarane og folket sine forteljingar

Det er mykje snakk om velgarsamansetninga, og Trump-tilhengarane får ofte merkelappen «sinte, kvite menn» som ikkje kjenner seg sett og inkludert.

Også i politisk psykologi har det vore stor interesse for å sjå på tilhengarane til presidentkandidatane, fortel Moss, men like mykje å sjå på kva leiarane og apparatet rundt dei har slags narrativ om «folket».

Desse narrativa klarer tydelegvis ikkje å inkludere alle deler av befolkninga – og kan kanskje i seg sjølv vere årsakene til at veljarane ikkje føler seg høyrt og inkludert.

– Trump klarer å lage nokre narrativ som kanskje hjelp ein del folk til å forstå sin eigen situasjon gjennom hans linser, men også å gi dei håp om å kunne gjere noko med si eiga framtid. Då er det interessant å sjå på kvifor dei vender seg til han og høyrer meir på han enn dette politiske etablissementet, seier Moss.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt