Tyrkisk avis: Klokka til journalist kan ha overført lydopptak av hans eigen død

Den sakna saudiske journalisten kan sjølv ha sørga for bevis på at han er drepen på det saudiarabiske konsulatet i Tyrkia, skriv tyrkisk avis. – Usannsynleg, meiner teknologiekspertar.

Mysteriet rundt forsvinningen av den saudi-arabiske journalisten Jamal Khashoggi fortsetter. Han ble ble sist sett på hjemlandets konsulat i Istanbul forrige uke. Dette vet vi om saken.

Mysteriet rundt forsvinninga av den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi held fram. Han blei sist sett på heimlandets konsulat i Istanbul førre veke. Dette veit vi om saka.

Jamal Khashoggi kan ha teke opptak av sin eigen død, ifølgje den tyrkiske avisa Sabah, melder CNN.

Sabah har tette band til tyrkiske styresmakter.

Den sakna saudiarabiske journalisten skal ha slått på opptakarfunksjonen på klokka si før han gjekk inn i det saudiarabiske konsulatet i Istanbul i Tyrkia, skriv avisa.

– Opptak av tortur

Khashoggi skal ha hatt ei klokke av typen Apple Watch, som ifølgje avisa kan sende opptak til iCloud og mobiltelefonen hans.

Opptak av utspørjing, tortur og avretting skal vere overført til begge delane, skriv avisa. I tillegg skal det vere opptak av samtalar mellom mennene som stod bak det antekne drapet.

Tryggingsstyrkar skal under etterforskinga ha funne lydfilene på Khashoggis telefon, som han lét vere att utanfor konsulatet hjå kjærasten som venta på han.

– Tvilsamt

CNN har ikkje fått bekrefta opplysingane, og skriv at påstanden truleg ikkje stemmer,

Den amerikanske teknologinettstaden TechCrunch trekker påstandane i tvil. Dei har funne eit foto der Khashoggi har på seg ein tredjegenerasjons Apple Watch i mai 2018.

I Tyrkia må denne smartklokka ha Bluetooth eller WiFi for å kunne kople seg til Iphone eller Apple-serverar, det held ikkje med mobilnett.

Det er tvilsamt at klokka fann eit WiFi-nettverk å kople seg til medan Khashoggi var på konsulatet, eller at klokka var såpass nært iPhonen hans, som kjærasten stod med utanfor, at data kunne ha blitt overført via Bluetooth, skriv nettstaden.

– Ein dum distraksjon

CNNs etterretnings- og tryggingsekspert, Robert Baer, trur at eventuelle lydopptak frå innsida av konsulatet berre kan kome frå utstyr dei tyrkiske styresmaktene måtte ha plassert der inne.

– Men tyrkarane er tilbakehaldne med å vedgå det, seier Baer.

CNN siterer også ein tidlegare tyrkisk diplomat med kjennskap til Tyrkias tryggingsoperasjonar, som er samd med Baer. Han er overraska dersom Tyrkia ikkje skulle ha opptaksutstyr i det saudiske konsulatet.

– Apple Watch-klokka er ein dum distraksjon, seier han.

Nektar for drapsordre

Jamal Khashoggi budde i USA og skreiv for Washington Post. Ifølgje amerikansk etterretning skal Saudi-Arabia ha forsøkt å lokke journalisten ut av USA for å arrestere han. Tyrkiske kjelder hevdar saudiarabiske styresmakter sende eit spesialteam til Tyrkia for å drepe han der.

Innanriksministeren i Saudi-Arabia avviste laurdag skuldingane om at landet hadde gjeve ei ordre om å drepe Khashoggi. Han sa ifølgje det saudiarabiske nyheitsbyrået at skuldingane var grunnlause og løgner.

Dette er første gong ein minister frå Saudi-Arabia har kommentert saka.

Antonio Guterres

Generalsekretær i FN, Antonio Guterres, er uroa for situasjonen rundt forsvinninga til Khashoggi. Han seier det er viktig at sanninga om kva som har skjedd kjem fram.

Foto: Khalil Senosi / AP

Også generalsekretæren i FN, Antonio Guterres, har no kommentert forsvinninga til Khashoggi. Han seier til BBC at han fryktar vi kan kome til å sjå fleire liknande hendingar i framtida.

– Dette er ei type hending vi kan kome til å sjå fleire av i framtida. Det er difor viktig at verdssamfunnet seier klart ifrå om at dette er noko vi ikkje tolererer.

Trekker seg frå konferanse

Seinare i oktober skal Saudi-Arabia vere vertskap for ein økonomikonferanse i Riyadh. Konferansen er inspirert av Verdens økonomiske forum i Davos i Sveits. No er fleire medieselskap i ferd med trekke seg ut, skriv CNN.

Japanske Nikkei og amerikanske Bloomberg, CNN, Financial Times og The New York Times er blant media som har trekt seg frå konferansen på grunn av forsvinninga.

Også selskap frå andre bransjar enn mediebransjen vurderer no deltakinga, melder CNN.

Men leiaren for Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, seier ho har ingen planar om å droppe møtet.

– Det er forferdelege ting som blir rapportert. Men eg er nøydd til å handtere verksemda til IMF i alle verdshjørne og med mange regjeringar.

Finans

Sjefen for Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, seier ho ikkje liker opplysningane som har kome fram etter at Khashoggi forsvann. Men ho kjem ikkje til å dropp ein planlagd konferanse i Saudi-Arabia seinare i oktober.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Også den amerikanske finansministeren Steven Mnuchin deltek, skriv Washington Post. Han seier han vil reise, sjølv om han er uroa over situasjonen til Khashoggi.

– Slik det ser ut no, vil eg reise. Dersom det skulle kome nye opplysningar som endrar biletet, skal vi sjå på det. Men eg har planar om å reise.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt