Hopp til innhold

Al Jazeera: Meiner Saudi-Arabia sende spesialsoldatar for å ta livet av journalist

Ein krimteknikar og fleire spesialsoldatar var ein del av teamet som skal ha teke livet av journalisten Jamal Khashoggi, melder Al Jazeera.

Mysteriet rundt forsvinningen av den saudi-arabiske journalisten Jamal Khashoggi fortsetter. Han ble ble sist sett på hjemlandets konsulat i Istanbul forrige uke. Dette vet vi om saken.

Mysteriet rundt forsvinningen av den saudi-arabiske journalisten Jamal Khashoggi fortsetter. Han ble ble sist sett på hjemlandets konsulat i Istanbul forrige uke. Dette vet vi om saken.

Den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi forsvann 2. oktober. På det siste kjende bildet av han var han på veg inn i Saudi Arabias konsulat i Istanbul. Tyrkiske styresmakter meiner journalisten blei drepen inne på konsulatet.

Onsdag publiserte ei tyrkisk avis bilde av eit «drapsteam» på femten personar som styresmaktene meiner skal ha stått bak drapet.

Og no melder Al Jazeera at bakgrunnen til minst åtte av dei femten er kjent.

Ein av dei skal vere ein krimteknikar frå det saudiarabiske forsvaret. I tillegg skal ein tidlegare etterretningsoffiser og fleire spesialsoldatar også ha vore ein del av gruppa.

Alle dei femten mennene landa i Istanbul 2. oktober. Dei skal ha bestilt hotell for fire netter nær det saudiarabiske konsulatet. Men reiste frå Tyrkia mindre enn 24 timar etter at dei kom.

Regimekritikar

Jamal Khashoggi har ei lang karriere bak seg i saudiarabisk presse. Han har blant anna intervjua Osama bin Laden ved fleire høve. Han har også fått sparken frå jobben som redaktør to gongar på grunn av kritiske kommentarar.

Han har markert seg som ein kritikar av den saudiarabiske kronprinsen Mohammed bin Salman og krigføringa i Jemen. Han har sidan i fjor budd i eksil i USA av frykt for å bli arrestert i heimlandet. Her har han blant anna skrive for Washington Post.

Jamal Kashoggi på vei inn til det saudiarabiske konsulatet i Istanbul.

Overvakingskamrabilda frå det saudiarabiske konsulatet i Istanbul viser Khashoggi på veg inn i konsulatet. Ingen har sett han kome ut. Tyrkiske styresmakter meiner han blei drepen og partert medan han var der inne.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Grunnen til at han oppsøkte konsulatet i Istanbul, var at han måtte hente nokre dokument. Han skal ha vore uroa for at han ikkje skulle få forlate konsulatet igjen. Han bad difor truloveden Hatice Cengiz ringe eit medlem av det tyrkiske regjeringspartiet om han ikkje kom ut igjen.

Ho venta i elleve timar utanfor konsulatet før ho ringde politiet.

Storpolitikk

Tyrkiske styresmakter seier dei har bevis for at Khashoggi blei teken av dage og partert inne på konsulatet. Politiet ser no blant anna på om ei smartklokke kan kaste nytt lys over saka.

Saka er også i ferd med å bli storpolitikk. Forholdet mellom Tyrkia og Saudi-Arabia var anstrengt før forsvinninga, og er ikkje blitt betre med dette.

Saudi-Arabia har blitt ein stadig viktigare støttespelar for den amerikanske presidenten Donald Trump. Det kvite hus seier dei har kravd svar om den sakna journalisten frå saudiarabiske styresmakter.

I eit innlegg i The Atlantic skriv den republikanske senatoren Rand Paul at USA bør stoppe all militær bistand til Saudi-Arabia til Khashoggi dukkar opp igjen i live.

– Vi må halde regimet ansvarleg for Jamal Khashoggi, skriv han.

Saudi-Arabia nektar for at dei har noko med forsvinninga å gjere, og kallar dei tyrkiske skuldingane for grunnlause.