Hopp til innhold

Rettsavgjerd kan vere dårleg nytt for prins Andrew

Ghislaine Maxwell blei onsdag funnen skuldig i sexhandel. Det gjer at søkelyset no blir retta mot prins Andrew, melder fleire britiske medium.

Prins Andrew

AVVISER: Ei kvinne seier ho ved tre høve blei pressa til å ha sex med prins Andrew. Den britiske prinsen avviser skuldingane.

Foto: STEVE PARSONS / AFP

Maxwell blei onsdag funnen skuldig i blant anna å ha rekruttert unge jenter som så blei misbrukt av den no døde milliardæren og finansmannen Jeffrey Epstein og vennane hans.

Dersom avgjerda blir ståande, kan ho bli dømd til 65 år i fengsel.

Ein av desse vennane skal ha vore Storbritannias prins Andrew, hertugen av York, som er ein mangeårig venn av Maxwell.

Ei av kvinnene som blei rekruttert til Epstein, Virginia Giuffre, seier ho var 17 år då ho blei pressa til å ha sex med prinsen ved tre høve.

Ho har gått til sivilt søksmål mot prinsen i USA. Han er ikkje sikta, og har avvist skuldingane. Men fleire britiske medium meiner rettsavgjerda mot Maxwell legg press på den britiske prinsen, melder AFP.

Skuldingane skal i januar ha ført til krisemøte i den britiske kongefamilien, og prinsen er også løyst frå fleire av sine offentlege oppgåver.

– Burde skjelve i støvlane

Prins Andrew skal ha vore letta over at Giuffre ikkje var blant vitna i saka mot Maxwell, skriv The Guardian.

Mange var overraska over at ho ikkje vitna, men ho skal ha vore tilgjengeleg dersom det var naudsynt for retten, skriv avisa.

– Hadde ho blitt kalla inn som vitne, hadde fokuset blitt på Andrew, seier Mark Stephens i advokatfirmaet Howard Kennedy til The Guardian.

PRINS ANDREW OG Virginia Giuffre fotografert i leiligheten til Ghislaine Maxwell i London i 2001.

Virginia Giuffre saman med prins Andrew heime hos Ghislaine Maxwell i London i 2001. Prins Andrew seier han ikkje hugsar at han har møtt Giuffre, eller at dette bildet blei teke.

Foto: Privat / BBC

Advokatane til prins Andrew har ved fleire høve prøvd å få stoppa søksmålet. Men tysdag skal partane møte for retten i New York for å gi partsinnlegg for den vidare gangen i saka.

– Prins Andrew burde skjelve i støvlane sine. Dette viser at ein jury er villig til å kome tilbake med ei fellande avgjerd sjølv om dei som kjem med skuldingane ikkje er perfekte, seier advokaten Lisa Bloom, som representerer fleire av Epsteins offer, til Daily Mail.

Ber om at saka blir avvist

Det er uvisst om rettsavgjerda mot Maxwell vil ha noko å seie for prins Andrew. Det blei ikkje lagt fram bevis i rettssaka som indikerte at prinsen skulle ha vore innblanda i noko ulovleg, skriv BBC.

– Rettsleg sett endrar ikkje rettsavgjerda mot Maxwell noko for prins Andrew. Men til ein viss grad har alt endra seg no, spesielt i korleis folk ser på prinsen, seier kongehus-reporter Jonny Dymond.

Virginia Giuffre svarer på spørsmål fra pressen 27. august 2019 i forbindelse med saken mot Jeffrey Epstein. Epstein hadde tatt sitt eget liv i fengselet 10. august.

Virginia Giuffre heldt pressekonferanse då ho tok ut sivilt søksmål mot prins Andrew tidlegare i år.

Foto: Bebeto Matthews / AP

Når partane møtest i New York tysdag, kjem advokatane til den britiske prinsen på nytt til å be om at saka blir avvist, melder CNN.

I eit dokument sendt til domstolen skriv dei at Giuffre ikkje er amerikansk statsborgar, men at ho er busett i Australia. Dei meiner difor domstolen ikkje kan dømme i saka.

Dersom saka ikkje blir avvist eller partane blir einige om eit forlik, blir det truleg rettssak ein gong mellom september og desember i 2022.

SISTE NYTT

Siste nytt