Stemninga vart levert til heimen hans i Windsor i England 27. august, ifølgje opplysningar frå domstolen i New York som har saka til behandling.
Ei stemning er eit varsel om innkalling til rettsmøte.
Virginia Giuffre seier ho vart «lånt ut» til prins Andrew for sex av den amerikanske milliardæren Jeffrey Epstein, som var ein god venn av prinsen. Epstein var skulda for omfattande menneskehandel og seksuelle lovbrot då han tok livet sitt i eit fengsel i New York i 2019.
– Seld for sex
I BBC-programmet «Panorama» har Giuffre fortalt at Epstein selde henne til venner for å ha sex då ho var 17 år. Ho
Giuffre har hevda at Epstein betalte henne 15.000 dollar etter at ho hadde sex med prinsen i 2001.
– Dette er ikkje ei trist sexhistorie. Dette er ei historie om menneskehandel, dette er ei historie om overgrep og dette er ei historie om kongehuset deira, sa ho.
Virginia Giuffre skulda i BBC-programmet «Panorama» prins Andrew for å lyge.
Nektar
Den 61 år gamle prinsen har nekta for at han hadde eit seksuelt forhold til Giuffre. Til BBC sa han i november 2019 at han ikkje hugsar å ha møtt henne.
Giuffre kallar prinsen sine utsegner for løgn og «latterlege bortforklaringar».
– Han veit kva som skjedde. Eg veit kva som skjedde. Og berre ein av oss fortel sanninga,
Intervjuet vakte sterke reaksjonar, og førte til at prins Andrew trekte seg frå alle offentlege oppdrag for kongehuset.
Sonen til dronning Elizabeth nekta i BBC-intervjuet for skuldingane om at han har hatt sex med ein mindreårig.
Stemninga levert på porten
Amerikansk påtalemakt og FBI har bede om å få avhøyre prins Andrew om spørsmål rundt Jeffrey Epstein, men prinsen har «vist null samarbeidsvilje», ifølgje Geoffrey S. Berman, statsadvokat for den sørlege delen av New York.
Ifølgje prinsen sjølv har han tilbode seg å samarbeide med politiet i USA, men han har avvist å reise dit.
Ein agent for Giuffre opplyser at stemninga vart levert til ein politimann utanfor porten til prins Andrew sin heim Windsor Royal Lodge den 27. august, men at han ikkje møtte prinsen sjølv.
Det er opp til retten i New York å avgjere om stemninga er rettmessig overlevert før rettssaka kan starte. Neste skritt i saka er ein videokonferanse i retten med representantar for partane som er berekna å gå føre seg måndag.
Ifølgje rettspapira har prins Andrew fått frist til 17. september med å svare på stemninga. Han skal for tida opphalde seg på Balmoral i Skottland, skriv BBC.
Ei talskvinne for prinsen har avvist å kommentere den siste utviklinga i saka.
LES ÒG: