Hopp til innhold

Puigdemont ber om «demokratisk opposisjon»

Den avsette katalanske presidenten Carles Puigdemont oppmoda i ein kort fjernsynstale i ettermiddag til det han kallar fredelege og demokratiske protestar mot den spanske maktovertakinga.

Carles Puigdemont.

Carles Puigdemont ber katalanarane om å kjempe for fridom på ein sivilisert og fredeleg måte.

Foto: Reuters TV

Puigdemont mana til fredelege protestar og gjorde det klart at han vil halde fram kampen for eit fritt Catalonia.

– Vi må bruke fredelege og siviliserte metodar, for vi må også respektere dei i Catalonia som ikkje ynskjer sjølvstende. Den beste måten er demokratisk opposisjon mot bruken av paragraf 155, sa han i talen.

– I strid med folkeviljen

Spansk og katalansk flagg.

Det spanske og det katalanske flagget vaiar framleis side ved side på toppen av det katalanske parlamentet i Barcelona, dagen etter maktovertakinga.

Foto: Yves Herman / Reuters

Han sa at den spanske regjeringa si maktovertaking skjer i strid med viljen til det katalanske folket, og at berre den katalanske regjeringa har rett til å oppløyse parlamentet. Han lova å framleis forsvare Catalonia og kjempe for at dei skal bli godkjent som ein europeisk nasjon.

Puigdemont bad også folk i Catalonia om å vere tolmodige, og han tok opp att kampen for fridom skal gå føre seg på ein demokratisk måte.

Det blir lagt merke til at både det spanske og det katalanske flagget var synleg ved sida av talarstolen Puigdemont brukte. Partiet til statsminister Rajoy, PP, seier i ei fråsegn etter talen at «ansvarsløysa til Puigdemont er utan grenser».

I dag er det også ein stor demonstrasjon mot katalansk sjølvstende i den spanske hovudstaden Madrid. Fleire tusen menneske deltek, og det blir ropt slagord om at Puigdemont må fengslast.

Demonstrasjon for eit samla Spania i Madrid.

Fleire tusen menneske deltok på ein demonstrasjon for eit samla Spania i Madrid i ettermiddag.

Foto: Susana Vera / Reuters

Oppvigleri

in domstol skal komande veke ta stilling til om Puigdemont skal siktast for oppvigleri. Det har ei strafferamme på 30 års fengsel.

Det var ikkje berre Puigdemont som fekk kritikk av demonstrantane i Madrid i dag. Også statsminister Rajoy og regjeringa hans blir kritisert, men her går kritikken på at dei har vore for snille med separatistleiarane.

– Det er ei skam det som skjedde i Catalonia, og det er ei skam det som skjedde etterpå, sa ein av talarane

Carles Puigdemont har hatt tittelen president i den sjølvstyrte regionen Catalonia. Han har vore ein sterk forkjempar for katalansk sjølvstende, og i går vedtok det katalanske regionparlamentet ei sjølvstendeerklæring . Det gjekk fram av talen at han framleis reknar seg som den rettmessige leiaren i Catalonia.

Demonstrasjon i Madrid.

Demonstrantane i Madrid bar plakatar med krav om at Carles Puigdemont må setjast i fengsel.

Foto: Susana Vera / Reuters

Støtte til Rajoy

Den spanske regjeringa svarte med å avsetje både Puigdemont og heile regjeringa hans, og statsminister Mariano Rajoy gjorde det klart at Catalonia no skal styrast direkte frå Madrid.

Rajoy har sterk internasjonal støtte for dette, blant anna frå EU, Nato og USA.

Også Josep Lluis Trapero, sjefen for dei katalanske politistyrkane Los Mossos, er fjerna frå stillinga si. Han vart internasjonalt kjent etter terrorangrepet i Barcelona i august.

Ifølgje Reuters har Trapero oppmoda lokale katalanske politistyrkar til å halde seg nøytrale i konflikten, og ikkje ta side.

Tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide seier i eit intervju med NRK at situasjonen i Catalonia no er svært dramatisk, og at det er vanskeleg å spå kva som vil skje vidare. Han trur likevel ikkje at det vil utvikle seg til ein ny spansk borgarkrig.

Dagen derpå i Catalonia

Katalanske ledere formelt avsatt

Hvordan klarte Spania og Catalonia å havne i denne krisa?

SISTE NYTT

Siste nytt