Den meritterte utanrikspolitikaren seier til NRK at han heilt til i dag tidleg trudde at det katalanske parlamentet ville lyse ut nyval, og dermed vere med på å roe ned situasjonen.
– I staden har vi fått
og Senatet i Madrid har gitt regjeringa . Det vil truleg bli gjort raskt, og dei vil avsetje den katalanske regjeringa og ta kontroll over administrasjonen deira, seier Espen Barth Eide.Og det skjedde ved 20.30-tida i kveld. Spanias statsminister Mariano Rajoy varsla at den
, og at det katalanske parlamentet er oppløyst.– Neppe borgarkrig
Tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide er uroa over den fastlåste situasjonen mellom sentralmakta i Madrid og den katalanske regjeringa i Barcelona.
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpixEspen Barth Eide trur ikkje det vil utvikle seg til borgarkrig, blant anna fordi det ikkje er ein tradisjon for valdsbruk i Catalonia, slik det var ein gong i Baskarland. Men han meiner at situasjonen er så dramatisk no, at det er farleg å spå.
– Eg trur vi må rekne med at det blir store demonstrasjonar og moglege samanstøytar i gatene. Det er to partar her som ikkje vil vike, og det er synd at Catalonia ikkje brukte sjansen dei hadde til å lyse ut nyval, og dermed roe ned situasjonen. Prinsipielt må eg håpe på eit kompromiss, men akkurat no er det vanskeleg å sjå korleis det skal skje, seier den erfarne politikaren.
Espen Barth Eide fryktar at det no går mot ei polarisering både internt i Catalonia og mellom Catalonia og Madrid, men at det er viktig at dette ikkje får utvikle seg.
– Spania har hatt ei veldig positiv utviklinga sidan Franco døydde i 1975 og den nye grunnlova som kom i 1978. Landet har bygd opp sterke demokratiske institusjonar, men vi ser at det er sterke, nasjonalistiske krefter i spel både i Madrid og Catalonia, seier han.
Den katalanske presidenten Carles Puigdemont syng den katalanske nasjonalsongen saman med andre folkevalde i det parlamentet i Barcelona etter sjølvstendeerklæringa.
Foto: Manu Fernandez / AP
– Merkverdig allianse
Han viser til at regjeringspartiet i Catalonia opphavleg var eit konservativt, mildt nasjonalistisk parti, som ynskte større sjølvstyre, ikkje sjølvstende. No har dei sikra eit snaut fleirtal for sjølvstende saman det som ein gong var marginale radikale grupper på den ytre venstresida, blant anna eit anarkistisk parti. Han kallar det ein merkverdig alliansen.
Ein tankefull statsminister Mariano Rajoy i den spanske nasjonalforsamlinga Cortes i dag.
Foto: Susana Vera / ReutersSå er det meir moderate grupper i midten som er motstandar av lausriving frå Spania, som i dag markerte seg ved å forlate den katalanske nasjonalforsamlinga i protest mot sjølvstende-avrøystinga.
Barth Eide meiner at Spanias statsminister Rajoy og hans Partido Popular (PP) må ta litt av skulda for radikaliseringa i Catalonia. Den sosialdemokratiske regjeringa skreiv under ein avtale med katalanske styresmakter om utvida sjølvstyre i 2006, men denne avtalen vart reversert då Rajoy og PP kom til makta nokre år seinare.
Finanskrise og korrupsjon
– Delar av dette sjølvstyret vart oppheva i 2010, og dette var ei negativ handling som var med på å gi auka oppslutning til dei som vil ha eit sjølvstendig Catalonia. I mellomtida hadde vi hatt ei finanskrise, avsløring av omfattande korrupsjon både i Madrid og Barcelona, og det skapte mykje uro og frustrasjon, avsluttar Espen Barth Eide.