Rajoy sa også i ein tale fredag kveld at det katalanske parlamentet også er oppløyst, og han varsla nyval i Catalonia 21. desember. Han kom med kunngjeringa etter eit to timar langt krisemøte i den spanske regjeringa.
Den spanske regjeringa kan løyse opp den katalanske regjeringa og parlamentet med støtte i paragraf 155 i den spanske grunnlova. Denne paragrafen har aldri tidlegare vorte brukt. Det betyr at sentralregjeringa i Madrid no har overteke styringa av Catalonia.
Demonstrasjonar i Barcelona
Ein alvorstung statsminister Mariano Rajoy varsla i kveld at den katalanske regjeringa er oppløyst. Det same gjeld det katalanske parlamentet.
Foto: Javier Soriano / AFPDette skjer samstundes med at fleire titusen menneske er ute i gatene i Barcelona og demonstrerer til støtte for
som det katalanske parlamentet vedtok i ettermiddag.Det knyter seg stor spenning til korleis Rajoys tale blir teken imot i Catalonia.
Tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
, og han fryktar at demonstrasjonar i Barcelona kan føre til valdelege samanstøytar med politiet. Han trur likevel ikkje det vil utvikle seg til borgarkrig.Politisjef avsett
I talen sin i kveld sa Rajoy også at sjefen for det katalanske politiet er avsett. Også departementet som har ansvaret for Catalonias kontakt med andre land blir stengt ned, og utsendingane i Madrid og Brussel blir kalla tilbake.
Tilhengjarar av katalansk sjølvstende let seg ikkje stanse av Rajoys tale i kveld.
Foto: Yves Herman / ReutersEin tilhengjar av katalansk sjølvstende diskuterer med politifolk frå det nasjonale politiet i Barcelona i kveld.
Foto: Juan Medina / ReutersSjølvstende-tilhengjarane markerte seg sterkt i sentrumsgatene i Barcelona fredag kveld.
Foto: Santi Palacios / AP– Det var aldri målet vårt at dette skulle gå så langt. Målet er at Catalonia skal kome tilbake i normalt gjenge så fort som mogleg, sa han blant anna.
– Vi spanjolar opplever ein trist dag, der mangel på respekt for lova har øydelagt det katalanske demokratiet, la Rajoy til.
Internasjonal støtte
Rajoy og den spanske regjeringa gjekk til dette steget i kveld i trygg forvissing om at dei har støtte frå dei andre medlemslanda i EU. Ingen EU-land har uttrykt støtte til dei katalanske sjølvstende-forkjemparane, og også Natos generalsekretær Jens Stoltenberg gav i dag klart uttrykk for støtte til regjeringa i Madrid.
Også USA har gitt støtte til den spanske regjeringa.
Tidlegare fredag erklærte regionforsamlinga i Barcelona med 70 mot ti røyster å erklære seg uavhengig frå Spania. Opposisjonen forlèt parlamentet i protest før avrøystinga.