Hopp til innhold

Norwegian og SAS gjer seg klare til å hente nordmenn heim frå Kanariøyane

Både SAS og Norwegian reknar med at dei første flya med stranda nordmenn kan ta av frå Kanariøyane måndag kveld. Begge selskapa set inn ekstra fly for å få passasjerane raskt heim.

Passasjerer ventet i avgangshallen på Las Palmas-flyplassen på Gran Canaria

HEIMREISE: Norske turistar som har vore sandfaste på Gran Canaria dei siste dagane, kan snart starte på heimturen. Både SAS og Norwegian satsar på at dei første flya kan vere i lufta i løpet av måndag ettermiddag.

Foto: BORJA SUAREZ / Reuters/NTB Scanpix

Over 2000 nordmenn har i løpet av helga fått heimreisa frå Gran Canaria utsett på grunn av store menger sand som har blåst inn over Kanariøyane.

Men i løpet av måndagen har vêrsituasjonen betra seg. Det gjer at både Norwegian og SAS reknar med at dei første flya med stranda nordmenn kan ta av i løpet av ettermiddagen.

– Vi har to reservefly på veg nedover mot Las Palmas. Det er ein Dreamliner frå Norwegian og ein Boeing 747 frå eit anna selskap, som vi har leigd inn for å få passasjerane heim, seier kommunikasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen til NRK.

Dei første flya skal etter planen lande på Gardermoen rundt midnatt. Målet er å få alle passasjerane heim så raskt som mogleg, seier han.

– Dersom vêret held seg slik det er no, har vi eit mål om at dei som er på reise skal vere heime i løpet av tysdagen, eller seinast onsdag. Men det kjem an på korleis sandstormen utviklar seg.

Kommunikasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen i flyselskapet Norwegian ASA utenfor en Dreamliner

Norwegian set inn to ekstra fly for å få heim passasjerane så raskt som mogleg. Dersom vêret held seg, reknar kommunikasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen at alle skal vere heime seinast onsdag.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Fly på bakken

I tillegg til dei ekstra flya som er sette inn for å hente heim nordmenn, har flyselskapa fleire fly ståande på bakken på Gran Canaria. Norwegian har åtte fly, medan SAS har seks fly ståande på øya.

Desse må gjennom ein teknisk kontroll før dei kan bli sett inn i trafikk igjen.

– Vi har teknikarar som går gjennom flya for å gjere dei klare for avgang. I alt er det seks fly som står på Gran Canaria etter sandstormen. Når vi er sikre på at dei er flygedyktige, får vi dei i lufta så fort som mogleg, seier pressesjef John Eckhoff i SAS til NRK.

Pressesjef i SAS, John Eckhoff

SAS har seks fly på bakken på Las Palmas-flyplassen på Gran Canaria. Desse må gjennom ein teknisk kontroll før dei kan setjast i drift igjen, seier pressesjef John Eckhoff i SAS.

Foto: SAS

Og med seks og åtte fly i manko, får det konsekvensar for den andre flytrafikken for både SAS og Norwegian.

– Med åtte fly på bakken, vil det seie at dei ikkje kan flyge dit dei skulle ha floge. Det har ført til at vi har kansellert nokre innanriksflygingar, og også mellom dei skandinaviske hovudstadane. Men desse passasjerane har vi fått over på andre flygingar, seier Sandaker-Nielsen i Norwegian.

Har fått kritikk

Flyselskapa har også fått kritikk frå mange av dei stranda nordmennene. Fleire har etterlyst informasjon om kva som skjer, og når dei kan vente seg heimreise.

Det har også vore vanskeleg å finne husrom for dei mange stranda fordi hotella har vore fulle. Det har ført til at mange har måtte overnatte på flyplassen.

SAS seier dei har forsøkt å følge opp og gi kundane informasjon, men han forstår at enkelte ikkje har opplevd dette som tilstrekkeleg.

– Vi har forsøkt å hjelpe passasjerane, og vi har også informert når vi har noko å informere om. Dessverre har det vore periodar der vi ikkje har hatt så mykje å seie, seier Eckhoff.

Det som også har gjort situasjonen krevjande, er at flyplassen har opna og blitt stengt igjen ved fleire høve. Det har gjort det vanskeleg å planlegge. Men SAS trur også det kan vere mykje å lære av det som har skjedd denne helga.

– I slike situasjonar er det mange lærepunkt å ta med vidare. Men no er det primære fokuset vårt å få heim igjen passasjerane og hjelpe dei stranda på Gran Canaria så snart som mogleg. Og så skal vi evaluere dette seinare, seier Eckhoff.

SISTE NYTT

Siste nytt