– Eg er glad for å kunna fortelja at me har ein avtale som banar veg for at Sverige og Finland blir med i Nato, sa generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg før Nato-toppmøtet i Madrid.
Nå får avtalen krass kritikk frå organisasjonane Solidaritet med Kurdistan og Kurdisk demokratisk samfunnssenter, og partiet Raudt.
Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan hindra tidlegare svensk og finsk Nato-medlemskap, fordi han meinte landa truga Tyrkia sin nasjonale tryggleik.
Han kravde blant anna å få utlevert 11 personar med tilknyting til Det kurdiske arbeidarpartiet PKK frå Sverige, og seks frå Finland.
På pressekonferansen i går forklarte Stoltenberg at avtalen tar føre segt Tyrkia sine tryggleiksbekymringar knytt til terrorisme og våpeneksport.
Skuffa og forbanna, men ikkje overraska
I dag reknar ein med at det bur mellom 60.000 og 100.000 kurdarar i Sverige. Landet gav politisk asyl til mange kurdarar som flykta frå konflikten mellom PKK og Tyrkia på 80- og 90-talet.
Talsperson i organisasjonen Kurdisk demokratisk samfunnssenter Andam Aziz seier gårsdagen var ein historisk og tragisk dag for Norden.
– Me synest det er tragisk. Me er skuffa og forbanna, men ikkje overraska.
Aziz seier Sverige og Finland nå har sagt ja til å undertrykka kurdarane saman med Erdogan.
– Brot på folkeretten blir følgt opp med å selja folkerettsprinsipp og folk sin fridomskamp over bordet for å utvida Nato, seier Aziz, og legg til:
– Me har ei legitim sak og vil aldri gje opp kampen for eit fritt Kurdistan.
Pliktar Sverige og Finland til å utlevera terrorforbrytarar
Avtalen kom til etter eit fleire timar langt møte mellom dei tre statsleiarane og generalsekretær Stoltenberg.
I avtalen kjem det fram at Sverige og Finland er plikta til å mellom anna:
- Visa solidaritet med Tyrkia i kampen mot all terrorisme
- Fullstendig samarbeida med Tyrkia i kampen mot PKK
- Lova å ikkje støtte organisasjonane PYD/YPG og FETO
- Unngå restriksjonar knytt til våpeneksport og auka forsvarssamarbeidet
- Treffa konkrete tiltak for utlevering av terrorforbrytarar og å laga bilaterale avtaleordningar
– Me har hatt lange diskusjonar og det er vanskeleg å vita eksakt kva som gjorde at dei aksepterte det. Men totalt sett er det ei god avtale vi har fått til, seier den svenske statsministeren, Magdalena Andersson ifølge SVT.
Søknadar frå dei to nordiske landa kan nå kome opp i behandling på toppmøtet som startar onsdag.
– Tyrkia har tryggingsbekymringar
Utanriksminister Anniken Huitfeldt understrekar at det er Finland, Sverige og Tyrkia som har komme fram til ei avtale.
– Dei har diskutert Tyrkias bekymringar knytta til mellom anna våpeneksportrestriksjonar og terrorisme, seier ho.
Huitfeldt seier at Tyrkia har tryggingsbekymringar som det er viktig at dei andre landa forstår og tar på alvor.
– Både Finland og Sverige understrekar at dialog og eventuelle tiltak skal skje i tråd med nasjonal og internasjonal lovgivning. Eg har full tillit at dette blir handtert på ein god måte, seier ho.
– Moralsk havari
Medlemsorganisasjonen Solidaritet med Kurdistan, meiner avtalen er eit døme på at den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan utnyttar posisjonen sin i Nato.
Dei meiner Erdogan tvingar andre land til å delta i undertrykkinga av det kurdiske folk.
Leiarane Stina Bergsten og Truls Offerdal meiner det er absurd å kalla Tyrkia sine tryggleiksbekymringar for legitime.
Dei seier regimet er skuldig i drap, fengsling og undertrykking av journalistar, juristar, parlamentarikarar, aktivistar og tilfeldige minoritetar.
Angrepa rettar seg mot alle former for kurdiske rørsler, uavhengig av om dei kjempar gjennom demokratiske val, sivile organisasjonar eller væpna grupper, seier dei.
– At Sverige og Finland nå ser ut til å gå med på Erdogans krav, er ingenting mindre ein et totalt moralsk havari.
Raudt meiner Nato presser landa
Stortingsrepresentant for Raudt Seher Aydar sit i Stortinget sin delegasjon til Natos parlamentariske forsamling.
Ho meiner Nato presser Sverige og Finland til å svikta kurdarane.
– Det er å aktivt sabotera kampen mot IS. Det er historisk, men på ingen måte gledeleg.
Ho seier Sverige har vedtatt sin asylpolitikk demokratisk, og at dei har eit rettsvesen som sikrar menneske vern frå forfølging og menneskerettsbrot.
– Men så presser Nato dei til å kasta dette på båten. Eit autoritært regime vinnar med det over rettsstaten, meiner ho.