Hopp til innhold

– Eg ville tenkt meg om fleire gonger før eg reiser dit i år

Sand mellom tærne, ein pina colada i handa og nesten 50 grader? Det kan bli alt anna enn idyll på fleire av dei klassiske syden-reisemåla i sommar.

Værmodell 2024

VARME PÅ VEG: Denne modellen syner at dei austlege delane av Middelhavet kan få ein av dei tre varmaste somrane sidan 2015 i år.

Foto: Erik Kolstad / ECMWF

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,14 °C
Les mer  om klima

Langtidsvarselet for sommaren 2024 lemnar ingen tvil om at enkelte område i Europa vil få tilnærma rekordtemperaturar også denne sommaren.

Særleg vil det bli svært varmt i austlege deler av Middelhavet.

– Eg vil nødig legge meg opp i kvar folk reiser på ferie, slår forskar Erik Kolstad fast.

Han jobbar på Norce / Bjerknessenteret i Bergen og forskar på sesongvarsling, effektane av klimaendringar og løysingar på utfordringar knytt til klimarisiko.

No har klimaforskaren utvikla modellar som syner kor varmt det faktisk kan bli i dei heitaste sommarmånadane.

– Eg ville personleg tenkt meg om fleire gonger før eg hadde reist til dei varmaste områda denne sommaren, seier Kolstad.

Mange har alt bestilt etterlengta sydenturar til varmare strøk.

– Det kan veldig godt hende at det går heilt fint, men det er ein risiko for at det blir utfordringar med varmen, slår forskaren fast.

APTOPIX Greece Wildfires

Turistar hentar vatn frå svømmebassenget for å hjelpe til med å sløkkje brann på Rhodos i 2023.

Foto: Petros Giannakouris / AP

– Ver bevisst

Vi er mange som ser føre oss den perfekte sydenturen i ein pittoresk gresk ferieby.

– Men du må sjå for deg at det kan bli veldig varmt og at du tenker igjennom om du har helse til det.

Det seier Ellen Paulsen som er kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet If.

Ho minner oss om at høge temperaturar i Syden ikkje er ei akutt eller uventa hending som blir dekka av reiseforsikringa.

– Eg vil ikkje rå frå nokon å reise, men eg vil at folk skal vere bevisste på risikoen dei tar, seier Paulsen.

Ho minner om at If og dei andre selskapa har medisinske ekspertar som gjerne gir råd før du bestiller drøymereisa.

– Det er alltid nokon som har urealistiske forventningar til at reiseforsikringa også dekker at du får kalde føter før du reiser til varmen. Det gjer den altså ikkje.

Brannar råka Rhodos hardt i fjor sommar.

Råka av brannar

Det har dei siste åra vore fleire alvorlege vêr- og klimahendingar i landa rundt Middelhavet:

  • I fjor sommar blei den greske ferieøya Rhodos råka hardt av skogbrannar
  • Titusenvis av turistar måtte evakuerast.
  • I 2021 blei det målt 48,8 varmegrader på Sicilia. Det er ny europeisk rekord
  • Dødsfall relatert til varme har auka med rundt 30 prosent dei siste 20 åra

Nøyaktig kor varmt det faktisk blir i dei mest utsette områda denne sommaren kan ikkje forskarane slå fast

– Trenden er at det går i retning av varmare sommar i heile Middelhavsområdet, men det ser ut til at den austlege delen blir spesielt varm i år, seier Erik Kolstad.

Helsetrygdkort

Helsetrygdkort er lurt å ha med seg utanlands i sommar.

Foto: Lundhs / Morten Rakke Photography

Hugs kort og forsikring

Helfo minner om at dei som skal reise til EØS-land, Sveits og Storbritannia i sommar bør ta med seg Europeisk helsetrygdkort i bagasjen.

– Det kan du bestille enkelt på Helsenorge sine heimesider eller i appen, seier avdelingsdirektør Karin Synnøve Jarnæs i Helfo utland.

Ho ber folk om å sjekke utløpsdato på kortet før dei bestiller.

– Du treng ikkje bestille nytt kort dersom du har eit gyldig eit frå før.

Blir du sjuk – og du har med kortet – så har du krav på same helsetenester som innbyggjarane i det landet du besøker.

Vel å merke om du er i EU, EØS-land eller Storbritannia.

– Men det er viktig å ha reiseforsikring i tillegg, slår Jarnæs fast.

For det helsetrygdkortet ikkje dekker er til dømes behandling eller opphald på private sjukehus.

Heimtransport med ambulansefly er til dømes heller ikkje dekka.

Les også Gartner Calegero på Sicilia må vanne på morgenen

Varme-sicilia-del-1-190723

Les også Evakuert uten epilepsi­medisiner: – Begynner å haste

 Jeanette Gulbæk Myrvang Kjustad med døtrene Emine og Ellie på Rhodos.

AKTUELT NÅ