– Stormaktsavhengigheit gagnar ikkje fred og tryggleik. Raudt vil stemme mot ratifisering av medlemskap i Nato for Finland og Sverige, skreiv leiar i Raudt Bjørnar Moxnes etter Raudt sitt sentralstyremøte førre veke.
Uttalen vekte sterke reaksjonar.
– Djupt usolidarisk, kvitterte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
– Hårreisande, sa partileiar Erna Solberg (H).
For å bli Nato-medlem må fyrst Nato seie ja. Deretter må medlemskapen ratifiserast, eller godkjennast, av alle nasjonale parlament til dei andre medlemmane.
SV, som i likskap med Raudt er motstandarar av Nato, har gjort det klart at dei vil stemme ja til finsk og svensk medlemskap.
Møter motstand
Rita Tonning, som er leiar for Raudt i Sunnfjord kommune, understrekar at ho rettar seg til sentralstyret sitt vedtak om å røyste mot finsk og svensk Nato-medlemskap, men legg til:
– Dersom eg hadde vore sentralstyremedlem, ville eg ha stemt for ei anna løysing.
Gruppeleiar for Raudt si bystyregruppe i Oslo, Eivor Evenrud, uttala same kveld at ho ikkje støttar partiet si linje om å røyste mot finsk og svensk Nato-medlemskap.
Ho får støtte frå tidlegare medlem i landsstyret, Hanne Bjerkvik.
– Eg støttar Eivor sitt syn, seier Bjerkvik.
Bjerkvik utdjupar at ho meiner kvar nasjon som ynskjer å søkje medlemskap i ein allianse må få lov til det.
– Det må dei få gjere utan at andre nasjonar skal kome med vilkår eller prøve å sabotere for landet som søkjer. Samstundes ser eg baksida av medaljen: Eit Nato og USA som kryp nærmare og nærmare inn på grensa til sin stormaktsrival, Russland.
Dansk støtte til Finland og Sverige
I Danmark har Enhedslisten, som ligg ytst til venstre i Folketinget, lagt om Nato-politikken sin i lys av Ukraina-krigen.
Førre veke vedtok partiet sitt landsmøte at så lenge eit alternativ til Nato ikkje eksisterer, «så er det ikkje aktuelt at Danmark melder seg ut».
Politisk ordførar i Enhedslisten, Mai Villadsen, kalla endringa «eit markant steg».
I Noreg skreiv førre veke 29 Raudt-medlemmar, blant dei fleire medlemmar i sentralstyret, innlegg i Klassekampen. Dei krev at partiet skal stå fast på standpunktet om utmelding av Nato straks.
Raudt-høvding: – Veldig viktig intern debatt
Ein av nestorane i partiet, Torstein Dahle, påpeikar at vedtaket i sentralstyret var samrøystes.
– Det har vore altfor lite debatt om Nato i nyare tid. Derfor er det generelt i befolkninga for dårleg forståing for Nato sin grunnleggande karakter og for utviklinga i alliansen. Dette gjeld også i Raudt.
Han seier at partiet no har ein veldig viktig intern debatt om dette.
– At det likevel er ein del usemje om ja eller nei til Sverige og Finland som medlemmar har eg eit ganske avslappa forhold til. Det er ei sak som ikkje berre speglar synet på Nato, men også om det er «riktig av oss å blande oss inn i det».