Hopp til innhold

Erdogan vil ikkje godta Sverige og Finland i Nato

Den tyrkiske presidenten Recep Erdogan vil ikkje godkjenne svensk og finsk Nato-søknad.

Turkey Erdogan

HARDE ORD: President Recep Tayyip Erdogan kallar Sverige eit «reir for terroristar».

Foto: Burhan Ozbilici / AP

– Vi vil ikkje seie «ja» til dei som nyttar sanksjonar mot Tyrkia for å bli med i tryggingsorganisasjonen Nato, sa Erdogan på ein pressekonferanse måndag.

Seinast i helga avviste ein talsmann for Erdogan at landet stengjer døra for Sverige og Finland.

Men den omstridde presidenten var tydeleg på pressekonferansen.

– Vi vil ikkje seie ja til at dei blir med i Nato, for då vil Nato slutte å vere ein tryggingsorganisasjon og bli ein stad der dei støttar terroristar, sa Erdogan.

Han møtte pressa etter eit møte med president Abdelmadjid Tebboune frå Algerie.

Ministrane reiser ikkje

Han meiner at særleg Sverige er eit land der det han meiner er kurdiske terroristar får fritt spelerom.

Den overraskande snuen frå Erdogan måndag kveld, kjem samstundes som at det no er klart at også Sverige kjem til å søkje om medlemskap.

Eigentleg skulle den svenske og den finske utanriksministeren reise til Ankara for å fremje Nato-søknadane.

Men etter Erdogan sitt utspel måndag, blir ikkje ministrane med og møtet med utanriksminister Mevlüt Çavusoglu er avlyst.

– Dei kjem vel til Tyrkia på måndag. Dei treng ikkje slite seg ut for å kome hit for å overtale oss, sa Erdogan på pressekonferansen.

Les også Nå er det klart: Sverige søker om Nato-medlemskap

Magdalena Andersson

Må vere semje

Det var måndag ettermiddag den svenske regjeringa halde pressekonferanse, der dei annonserte at dei søkjer om Nato-medlemskap.

– Det er klart at det er eit breitt fleirtal i Den svenske riksdagen for at Sverige skal gå inn i Nato, sa statsminister Magdalena Andersson (S) tidlegare i kveld.

Men skal Sverige og Finland bli med i Nato må det vere full semje mellom alle dei 30 Nato-landa.

Dermed kan Tyrkia og Erdogan blokkere planen til dei skandinaviske landa om ein radikal endring i tryggingspolitikken.

Les også Finlands president har snakket med Putin om Nato-medlemskap

Finlands president Sauli Niinistö

Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier til NRK ho ikkje ynskjer å spekulere i kva Erdogans utspel har å seie for prosessen.

Utenriksminister Anniken Huifeldt under utenriksminister-møtet i Berlin i helgen. Hun står foran en stor blå plakat, hvor det står NATO med store bokstaver. Hun har lys grå jakke, blå skjorte og kortklipt blondt hår. Hun stor foran en mikrofon med et ettall på. Bildet viser henne fra brystet og opp.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt seier Finland og Sverige har alle kvalifikasjonar til å bli Nato-medlem.

Foto: Michael Sohn / AP

– Eg opplever at samtalene som har vore i Nato til nå, seinast under utanriksministermøtet i helga, har gjeve uttrykk for at Sverige og Finland har alle kvalifikasjonar til å bli medlem, seier Huitfeldt.

– Det er også Noregs haldning, legg ho til.

Ho meiner et finsk og svensk Nato-medlemskap vil bidra til eit kollektiv forsvar og styrke den nordatlantiske sikkerheita.

– Me ynskjer ikkje å spekulere ytterlegare rundt kva Erdigans utspel vil bety for prosessen, avsluttar ho.

Trur han blir påverka

Professor i fred og konflikt ved Universitetet i Tromsø, Gunhild Hoogensen Gjørv, er ekspert på tryggingspolitikk.

Gjørv meiner det er ein tyrkisk president som forsøker å halde på dei forhandlingskorta han har.

– Han bruker det for å auke deira moglegheiter opp mot Europa og Nato, men det kan også vere press frå Russland. Det er slik eg tolkar det akkurat no, seier Gjørv.

Gjennom helga har andre tyrkiske kjelder sagt at dei ikkje skal stanse søknadane frå dei nordiske landa, men no har presidenten snudd opp ned på alt igjen.

Det er desse ulike utspela som får Gjørv til å meine at det heile er eit politisk spel.

– Det kan hende det framleis er rom for å forhandle for Tyrkia. Sjølv Russland har vore fram og tilbake om korleis dei skal reagere på medlemssøknadane.

Dette kartet viser kva land som per i dag er ein del av Nato. Nato-landa er i blått.

SISTE NYTT

Siste nytt