– Vi er akkurat ferdige med eit særs konstruktivt møte. Eg er glad for å kunne fortelje at vi har ei avtale som banar veg for at Sverige og Finland blir med i Nato, seier generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse i forkant av Nato-toppmøtet i Madrid.
Sverige og Finland har signert ei avtale som adresserer Tyrkias bekymringar, fortel Stoltenberg. Statsleiarane i dei tre landa har blitt einige om spørsmål knytt til våpeneksport og kampen mot terrorisme.
Dei to nordiske landa har plikta seg til å jobbe med Tyrkia i spørsmål som handlar om terror og terrorgrupper.
Avtala kom til etter eit fleire timar langt møte mellom dei tre statsleiarane og generalsekretær Jens Stoltenberg.
– Vi har hatt lange diskusjonar og det er vanskeleg å vite eksakt kva som gjorde at dei aksepterte det. Men totalt sett er det ei god avtale vi har fått til, seier den svenske statsministeren, Magdalena Andersson ifølge SVT.
Søknadar frå dei to nordiske landa kan nå kome opp i behandling på toppmøtet som startar onsdag.
Statsleiarane Recep Tayyip Erdogan, Sauli Niinistö og Magdalena Andersson har diskutert i eit fire timar langt møte under leiing av generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg.
Foto: VIOLETA SANTOS MOURA / ReutersIdet Stoltenberg kunngjorde semja la han vekt på Tyrkia sine sikkerheitsbekymringar.
– Ingen alliert har lidd frå så mykje brutale terroråtak som Tyrkia. Det inkluderer åtak frå den kurdiske terrorgruppa PKK. Styresmaktene i dei tre landa har blitt samde om å utvide samarbeidet i kampen mot terror. Som Nato-allierte vil Finland og Sverige vere med på å verne Tyrkia mot terrorisme, seier Stoltenberg.
Støre: – Ein historisk dag
– Dette er ein historisk dag. Med Sverige og Finland i Nato får vi ein endå sterkare forsvarsallianse i Europa, seier statsminister Jonas Gahr Støre etter avtala mellom dei tre landa blei klart.
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram ønskjer Sverige og Finland hjarteleg velkomne. Utanriksminister Anniken Huitfeldt meiner dette tryggar samarbeidet i nord.
– Dette er ein veldig spesiell kveld. Eg er så glad for å sjå at alt er klart for Sverige og Finland som allierte, kvelden før Nato-toppmøtet startar. No står alle vi nordiske naboar saman om eit endå meir omfattande samarbeid, seier Huitfeldt.
Erdogan: Vi fekk det vi ønska
Tyrkia har nytta vetoretten sin i Nato og blokkert Sverige og Finland til å søke medlemskap i alliansen. Landet har stilt ei rekkje krav til at dei to landa skal få bli medlem. Tyrkia har skulda landa for å støtte grupper som dei ser på som terroristar.
Ifølge Reuters skal den amerikanske presidenten Joe Biden ha snakka med Tyrkias president Erdogan tidlegare i dag etter førespurnad frå Sverige og Finland.
Tyrkias president Erdogan fortel at dei har fått kva dei har ønska gjennom forhandlingane, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Avtala er publisert frå tyrkiske styresmakter på Twitter. Her kjem det fram at Sverige og Finland er plikta til å mellom anna
- vise solidaritet med Tyrkia i kampen mot all terrorisme
- fullstendig samarbeide med Tyrkia i kampen mot PKK
- love å ikkje støtte organisasjonane PYD/YPG og FETO
- unngå restriksjonar knytt til våpeneksport og auke forsvarssamarbeidet
- treffe konkrete tiltak for utlevering av terrorforbrytarar og å lage bilaterale avtaleordningar
Sverige og Finland skal mellom anna ha lova å inngå utleveringsavtaler og oppheve våpenembargoen til Tyrkia.
Foto: NATO / ReutersSverige har endra lover
Avtala må sest i lys av at Tyrkia lenge har krevd å få utlevert fleire titals med kurdarar frå dei to nordiske landa.
Den trelaterale avtala skal handle om prinsipp for utlevering knytt til terrorisme, men ikkje angå enkeltpersonar, fortel den finske presidenten Sauli Niinistö, ifølge Reuters.
Sverige har endra lover og sette i gang nye etterforskingar mot PKK for å imøtekome krav frå Tyrkia, skriv SVT.
– Det var eit veldig langt møte, der eg kunne fortelje om alle tiltaka vi i Sverige har gjort om terrorlovgivinga, der vi dei siste åra og nå verkeleg skjerpar den lovgivinga, seier den svenske statsministeren Magdalena Andersson til SVT.