Hopp til innhold
Urix forklarer

Afrika mot resten, og spesielt Vesten

COP27 blir kalla «Afrikas klimatoppmøte», og ikkje berre fordi det blir arrangert i eit afrikansk land. Afrika har lagt ein felles plan i forkant. Her er fire grunnar til det.

Eit skilt der det står "AFRICACOP". I bakgrunnen står nokre folk, som førebur klimatoppmøtet i Egypt, som blir sagt å vere Afrika klimatoppmøte.

Både arrangørane i Egypt og ei rekke andre afrikanske land og organisasjonar kallar årets klimatoppmøte for Afrikas COP.

Foto: LUDOVIC MARIN / AFP

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Har du vore på eit restaurantbesøk der du både et og drikk desidert minst, mens dei andre meskar seg med både biffar og alkohol?

Og når rekninga kjem, så blir det føreslått at de splittar rekninga og betaler den same summen heile gjengen?

Protesterer du då? Ja, sannsynlegvis. Men kva gjer du når protestane berre blir møtt med tomme lovnader som ikkje blir følgt opp?

Kven skal ta klimarekninga?

Det er duka for nok eit klimatoppmøte. Conference of the Parties heiter det på høgtideleg vis, men på klimafolkets stammespråk vert det berre kalla «COP». Og dette er det 27. i rekka av COPs.

I møte med verdas klimautfordringar sit alle rundt det same bordet og et av det same fatet. Men når rekninga kjem på bordet, så vil ikkje dei som forsynte seg aller mest betale tilsvarande like mykje for seg.

Eit hovudtema under årets klimatoppmøte er noko som vert kalla «loss and damage». Det er like greit å lære seg kva det betyr med ei gong.

Sagt med norske ord: «Tap og skade». Og sagt med andre ord: Kven skal betale for all skaden klimaendringar har skapt, skaper og kjem til å skape. Det kostar å handtere nye klimaendringar.

Dette er tema afrikanske land er opptekne av, og det er det gode grunner for.

Klimaendringane høyrer ikkje framtida til. Dei er her no. Spesielt i Afrika

Afrika står midt oppi fleire utfordringar. Nokre av dei er knusktørre, andre søkkvåte.

I grenseområda mellom Somalia, Etiopia og Kenya har det knapt regna på fire år.

Om berre nokre veker kan det ha blitt så ille at det blir erklært hungersnaud, og det er både sjeldan og alvorleg.

Andre stader har kraftige flaumar oppstått etter store regnskurar. Ofte fordi knusktørr jord ikkje klarer å ta mot vassmengdene når regnet endeleg kjem frå oven.

Om du nokon gong har hatt ansvar for å vatne plantane i vindaugskarmen din, så veit du at både for lite og for mykje vatn kan bety døden for plantane.

Men det er likevel noko ganske anna med ein vissen åker. For du har neppe opplevd at dyra dine døyr fordi monsteraen i vindaugskarmen visna. Eller at du til slutt døyr sjølv.

I tillegg til øydelagde avlingar kan både flaum og tørke føre til sjukdommar av ulike slag. Svake kroppar utan næring, forureina drikkevatn og gode vilkår for klekking av malariamygg. For å nevne noko.

Klimaskeptikarane vil no finne fram grafar, snakke om at klimaet har endra seg gjennom millionar av år, og påpeike at både tørke og flaum har skjedd i Afrika tidlegare.

Ja, men om ein heller lyttar til klimaekspertane, så blir ein mindre forvirra. For dei er stort sett einige om at mykje no endrar seg på kort tid. Regnet over nokre delar av Afrika kjem meir uregelmessig, både når det gjeld mengde og kor nedbøren kjem.

Ei gruppe med kvinner og barn går mot kamera. Det ser ut som dei er på veg ein eller annan stad, og kvinnene ber på fleire av barna, mens dei held andre barn i handa. Dei er kledde i fargewrike klede, og kvinnene har dekka til hovudet sitt. Dei er mørke i huden, og går med fargerike klede. Biletet er teke i Somalia og viser folk som flykter frå omfattande tørke.

Kvinner og barn på flukt bort frå den pågåande tørka i Somalia. den omfattande tørka har for lengst starta å ta menneskeliv, og er ikkje over.

Foto: Farah Abdi Warsameh / AP

Verda opplever ei auke i temperatur, og aller mest aukar temperaturen i Afrika. Det viser mellom anna ein rapport frå Verdsbanken, som bruker data frå NOAA - eit amerikansk byrå som overvaker vêret rundt om i verda.

Endringane kjem som følger av utslepp av klimagassar. Klimaendringane er menneskeskapte, og må også bli menneskeløyste.

Temperatur i verden siden 1880 sammenlignet med snittet i perioden 1991-2020
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

Afrika - kontinentet med best klimasamvit

Samtidig som Afrika er kontinentet som merkar klimaendringane tydelegast, så er dei også kontinentet som bidreg minst til utslepp av klimagassar. Både i dag, men også historisk.

20 prosent av verdas folk bur i Afrika. Dei står for 3 prosent av klimagassutsleppa. Det viser ei oversikt frå Det internasjonale energibyrået.

I Noreg har me vasskraft, elbilar og pengar til å kunne investere i grøn energi.

Men så flyr me også meir enn afrikanarar flest, me elskar hyttelivet, kjøper fleire dingsar og har rett og slett eit langt større forbruk enn folk flest.

Og sjølv om me investerer i grøne prosjekt både til lands, til vanns og i utlandet, så er ikkje pengane våre like grøne som det imaget me forsøker å bygge når me investerer. Fossil energi er framleis Noregs viktigaste inntektskjelde.

Jodå, det finst land som er verre enn Noreg. Men til sjuande og sist viser statistikken at me sit på den sida av bordet kor det blinkar eit raudt ljos.

Grafikken viser eit kart over Afrika, Europa og Midtausten, og det er markert i fargar frå heilt raudt til heilt grønt, etter kor mykje CO2 dei ulike landa slepp ut. Afrika er stort sett grønt, og slepp difor ut minst klimagassar.

Oversikt over klimagassutslepp per innbyggjar i Afrika, Europa og Midt-Austen.

Oversikta over klimagassutslepp per innbyggjar er gull for dei afrikanske forhandlarane i Egypt dei kommande vekene. Og det veit dei.

Dei har det moralske overtaket når det skal diskuterast kven som sit med ansvaret for følgene av klimaendringar.

Men det er ikkje så enkelt å bli lytta til. Og kanskje spesielt no når land over heile verda opplever inflasjon, og auke i prisar på drivstoff, mat og energi. Samtidig som Europa bruker mykje pengar, tid og krefter på å følge opp krigen i Ukraina.

Skal ein politikar i eit demokrati få fornya tillit kan fort straumrekningar og oljeinntekter i dag bli viktigare enn klimaproblema til framtidige generasjonar.

Les også Ny FN-rapport: Verden er på vei mot 2,5 grader

Bahamas sett fra Den internasjonale romstasjonen 2. mai 2021.

I tillegg er ikkje nødvendigvis viljen til å betale for klimaskader i eit land langt unna like stor når ein også veit at ein skal betale for grøn omstilling og klimatilpassing på heimebane.

Difor er det ikkje alltid slik at dei landa som forbrukar mest er villige til å betale for sin del av den globale rekneskapen.

Og då sit Afrika igjen med ei større rekning enn dei strengt tatt har ansvar for.

6rW9mq7fBqo

I Sør-Afrika er kolkraftverk framleis ein viktig del av energimiksen. Dei skil seg dermed litt ut frå resten av Afrika, som i sum slepp ut langt mindre klimagassar enn andre kontinent.

Foto: LUCA SOLA / AFP

Dei rike landa lova pengar som aldri kom

Det er ikkje slik at afrikanske land forventar at dei skal sitte heilt stille og forlange at det er andre land som skal gjere heile jobben med å få til grøn omstilling. Det finst tallause initiativ og prosjekt i alle storleikar rundt om i Afrika, der det blir tatt skritt i riktig retning.

Men afrikanske land ventar at dei landa som har tent seg rike på klimagassutslepp skal bidra mest for å betale for skaden klimaendringar skaper. I tillegg kjem finansiering av grøne prosjekter som skal bidra til mindre utslepp i framtida.

Det var noko av bakteppet då verda møttest til klimatoppmøtet i Paris i 2015. Då vart det bestemt ein byrdefordeling, der dei rike landa tok ein større del av det økonomiske ansvaret.

Men dei har ikkje følgt opp lovnadane sine.

Dei rike landa har lova at dei kvart år frå 2020 til 2025 skal gi 100 milliardar dollar til dei fattigaste landa, for å hjelpe dei å tilpasse seg klimaendringane og kutte utslipp i framtida.

Ein OECD-rapport frå juli i år viser at det i 2020 vart samla inn 83 milliardar dollar av dei 100 milliardane som var lova til klimatilpassing.

No meiner stadig fleire utviklingsland at summen skal gå til klimatilpassing må aukast, samtidig som dei ønskjer «tap og skade» høgt på agendaen, altså pengar til å rette opp skader som allereie har skjedd.

Og i Egypt vil dette for første gong bli eit høgt prioritert debatttema.

Bonde dyrker jord langs Nilen, Sudan. Han står og graver i jorda, slik at vatnet kan komme enkelt fram til åkaren hans.

Det finst ein del tiltak som kan motverke tørke, flaum og andre konsekvensar som klimaendringar fører til. Slik som det å grave grøfter til vatn rundt åkeren, slik denne sudanske bonden gjer.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH / REUTERS

Når det gjeld Afrika, så kom det ein rapport i august i år som gjorde det endå tydelegare kor stort gapet er mellom behova som finst, og summane som er gitt.

Av dei 83 milliardane dollar som vart samle inn til globale klimatilpassingstiltak i 2020, så gjekk 29,5 milliardar dollar til Afrika.

Men rapporten, som er publisert av Climate Policy Initiative anslår at det er behov for heile 250 milliardar dollar årleg for å få gjennomført dei klimatilpassingstiltaka som trengst i Afrika.

Eit gap på 220 milliardar dollar årleg. Berre i Afrika.

Behovet for at Afrika står samla

Kva land vil du seie er Afrikas stormakt? Nigeria, Sør-Afrika, Den demokratiske republikken Kongo eller Egypt?

I møte med USA, Russland, Kina, India og EU, så har Afrika eit behov for å stå samla bak krava sine. Det har dei også planar om i Egypt.

I oktober i år møttest utsendingar frå heile kontinentet til eit eige formøte i Kinshasa i Kongo.

Fleire skrøyt av initiativa som tidlegare hadde blitt tatt for å finansiere klimatiltak, og det fekk også Noregs klima- og miljøminister Espen Barth Eide høyre.

Men han fekk også høyre at både Noreg og resten av verdas rikaste land må stille opp langt meir i framtida.

– Frå 2025 og framover må me få til eit nytt tal, og utviklingsland og afrikanarar kan ikkje berre la det ende opp med ein politisk symbolsk sum, sa leiaren for Kongos delegasjon, Tosi Mpanu Mpanu.

Mange afrikanske leiarar, og klimaministre, står på rekke i rad i fine dressar og kjolar, og deltek på eit møte i Kinshasa og Kongo.

Dei står saman. Mange afrikanske leiarar, pluss nokre politikarar frå andre land, møttest i Kinshasa for å diskutere tema som kjem til å bli sentrale i Egypt dei neste vekene.

Foto: JUSTIN MAKANGARA / Reuters

Med «symbolsk sum» viste han til dei 100 milliardane dollar i året, som vart vedteke i Paris i 2015.

– Me treng eit tal som verkeleg reflekterer behova til utviklingsland, sa Mpanu, vel vitande om at det finst fleire rapportar som fortel at 100 milliardar dollar i året er langt frå nok.

Han fekk støtte frå ein av FNs viktigaste stemmer. Visegeneralsekretær og leiar for FNs gruppe for berekraftig utvikling, nigerianske Amina Mohammed.

– Pengane som er tilgjengelege per no er eit ubetydeleg beløp, gitt dei enorme katastrofane som sårbare land og folk står ansikt til ansikt med no og i framtida, sa Mohammed.

I løpet av dei tre dagane i Kongo fekk dei ulike delegatane møte kvarandre i store salar, og på bakrom.

Dei vart einige om sine prioriteringar i det kommande klimatoppmøtet, men snakka også om dei mange løysingane som finst.

No er håpet deira at ein samstemt, tydeleg og sterk bodskap skal ende opp med at klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh også vert skrive inn i framtidas historiebøker som «Afrikas klimatoppmøte».

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt