Hopp til innhold

Over halvparten av nordmenn trur ikkje klimaendringane påverkar Noreg no

56 prosent av dei spurde meiner konsekvensane av klimaendringane ligg fram i tid. Det viser ei ny undersøking.

Flaum Voss

IKKJE ENNO? Flaumen på Voss i november sette dette krigsminnesmerket under vatn. Fleirtalet i Noreg meiner dei alvorlege klimakonsekvensane kjem i framtida eller aldri.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nordmenn flest meiner dei negative konsekvensane av klimaendringane enten ligg i framtida eller aldri kjem til å kome.

Det viser tal frå årets individundersøking i Norsk klimamonitor.

1954 personar svarte på spørsmålet «Når trur du at Noreg for alvor kjem til å merke negative konsekvensar av klimaendringar (meir regn, tørke, storm, skred, flaum og stormflod)?»

Her kjem det fram at 44 prosent av dei spurde meiner at vi merker konsekvensane no.

44 prosent meiner klimaendringane er her

«Når trur du at Noreg for alvor kjem til å merke negative konsekvensar av klimaendringar?»

Grafikk: Norsk klimamonitor

– Eg trur det seier noko om at vi har det ganske fint og at vi ikkje opplever dei verste konsekvensane av klimaendringane, seier forskar ved Vestlandsforsking, Torbjørn Selseng.

Det er første gang dette spørsmålet blir stilt i individundersøkinga.

Klimaskepsis blant nordmenn

Selseng har deltatt i datainnsamlinga og er ikkje overraska over tala.

– Nordmenn er litt kuriøse, viss du står utanfor og ser inn. Vi er ganske klimaskeptiske – det er Saudi-Arabia først, også er det oss.

Torbjørn Selseng

Forskar ved Vestlandsforsking, Torbjørn Selseng, er ikkje overraska over tala.

Foto: Endre Hilleren

Tidlegare studiar har nemleg vist at kvar fjerde nordmann trur ikkje trur på at menneskeleg aktivitet påverkar klimaendringar.

Det utgjer 1,3 millionar klimaskeptiske i nordmenn.

Selseng kunne ønske at fleire tok innover seg kor alvorleg klimaendringane er.

– Vi har ein stor jobb å gjere. For å gjere den jobben treng vi at folk drar i lag.

Han er likevel nøgd med at deira studie viser at berre 8 prosent trur at vi aldri vil merke dei negative konsekvensane av klimaendringar.

Les også 1,3 millioner nordmenn er klimaskeptikere: – Det er oppsiktsvekkende tall

Blomstrandbreen ved Kongsfjorden, Svalbard

Flaum på Voss

På Voss har det vore fem 20-årsflaumar dei siste åtte åra.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Ekstremvêr kjem hyppigare

– Eg ligg i alle fall på 44 prosenten som meiner at klimaendringane skjer no.

Det seier konserndirektør for klima og miljø i forskingsinstitusjonen NORCE, Trond Martin Dokken.

Ifølge han kan ein tydeleg merke klimaendringane allereie no, også i Noreg.

Han viser mellom anna til storflaumen i Voss i haust, og at slike flaumar kjem med hurtigare mellomrom.

Blomstrandbreen ved Kongsfjorden, Svalbard

Isen smeltar på og rundt Svalbard. Her frå Kongsfjorden.

Foto: Eivind Molde / NRK

I tillegg viser han til snøgrensa som sakte, men sikkert trekker seg oppover, og at det blir stadig mindre is rundt Svalbard.

– Alle rapportar og all forsking tilseier at årsaka til oppvarminga globalt, regionalt og lokalt er knytt til høgare konsentrasjonar av CO₂ i atmosfæren, seier Dokken.

Minst uro i Frp

Undersøkinga viser også at kva parti ein stemmer på har mykje å seie.

Over 90 prosent av dei som stemmer SV og MDG svarte at dei trur dei merker konsekvensar av klimaendringar no eller innan dei neste ti åra.

Men blant Frp-veljarane trur berre ein tredjedel det same.

27 prosent trur klimaendringar aldri vil komme.

Partitilknytting har mykje å seie
Grafikk: Norsk Klimamonitor

– Veljarane våre er kanskje litt meir skeptiske til det ein kan kalle klimalobbyen, men i sum er vi også opptatte av å redusere klimautslepp og å gjere klimatilpassing, seier Terje Søviknes i Frp.

Terje Søviknes
Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Han meiner at tala viser at befolkninga er splitta i meiningane om klimaendringane.

– Eg opplever at folk flest er litt meir balansert i spørsmålet om klimaendringar enn det ein kanskje kan få inntrykk av når ein følger den politiske debatten og samfunnsdebatten om dette teamet.

Det er viktig for oss som tek avgjerder å vere informerte om kva befolkninga tenker for å kunne treffe riktig i utforming av politikken, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Han trur at årsaka til at færre nordmenn seier dei opplever klimaendringar her og no kan vere at Noreg så langt har blitt skåna for dei verste klimahendingane.

– Mange land i Europa har vore ramma av både flaum, tørke og ekstreme temperaturar.

Han legg til at også her heime kan ein sjå at klimaet endrar seg.

Til dømes i Finnmark der reinbeitekrise løyst ut av at det som pleidde å vere tørr, kald snø no legg seg som et islag som hindrar reinen å få mat.

– Også her ser vi hyppigare flaumar, tørkeperiodar, skred og erosjon.

Statsråden understrekar at undersøkinga likevel viser at eit stort fleirtal av befolkninga meiner at dei allereie merkar klimaendringane no eller at dei vil bli råka i framtida.

I ei tidlegare utgåve sto det i tittelen at «Nesten halvparten av nordmenn trur ikkje klimaendringane påverkar Noreg no». Det riktige i tråd med undersøkinga er at over halvparten av nordmenn trur ikkje klimaendringane påverkar Noreg no. Tittelen blei oppdatert torsdag, 08.12.22, klokka 09.10.

Saka blei oppdatert torsdag, 08.12.22, klokka 09.39, med eit utvida sitat frå Espen Barth Eide.

Les også Studie: Arktis varmes opp fire ganger raskere enn resten av jorda

Blomstrandbreen ved Kongsfjorden, Svalbard