Yildrim hadde justisministeren, innanriksministeren og hærsjefen med seg då han møtte pressa i Ankara ved 11.30-tida norsk tid. Han tok opp att at kuppmakarane vil bli hardt straffa.
– Vi har ikkje dødsstraff i Tyrkia i dag, men vi vurderer å gjere endringar i lova slik at det som skjedde i går kveld og i natt ikkje skal skje igjen, sa statsministeren blant anna.
Takka for hjelpa
Statsministeren brukte også tid på å takke dei som kjempa mot kuppmakarane.
– Dei martyrane som døydde i natt, vi aldri bli gløymde, sa han.
Yildrim sa også at 161 menneske vart drepne under kuppforsøket, medan 1440 er såra. Tidlegare er det meldt at 104 kuppmakarar er drepne, slik at talet på drepne er oppe i 265.
Tyrkiske styresmakter meiner Fethullah Gulen står bak kuppforsøket.
Foto: Selahattin Sevi / AFP/NTB ScanpixYildrim opplyste at i alt 2839 personar knytte til militæret er arresterte etter kuppforsøket. Dette talet inkluderer alle frå meinige soldatar til høgare offiserar. Han sa også at 20 av dei som planla kuppet er drepne og 30 andre såra.
Gir Gülen skulda
Han tok opp igjen president Erdogan si oppmoding om å møte opp på torg og andre samlingspunkt i tyrkiske byar i kveld med flagg for å feire at kuppet er slått ned.
Binali Yildrim sa også at dei kjem til å sjå på alle aspekta av kuppforsøket, også om det er gjort feil i etterretningsarbeidet. Men det vil vi måtte ta seinare, sa han.
Statsministeren tok også opp att skuldingane mot den USA-busette muslimske presten
.– Inge land som støttar Gülen kan ha eit venskapeleg forhold til Tyrkia. Desse landa vil vere i krig med NATO-landet Tyrkia, sa Yildrim blant anna.
SØKTE ASYL: Et tyrkisk Black Hawk-helikopter med åtte personer om bord, landet lørdag i Alaxandroupolis i Hellas.
Foto: Ap– Marinetopp teken som gissel
Trass i at statsministeren seier at situasjonen er under kontroll, kjem det i ettermiddag meldingar frå ei greske militær kjelde om at mannskap på den tyrkiske marinebasen Gölcük like ved Istanbul, har teke kontroll over ein fregatt.
Sjefen for den tyrkiske marinen skal i følgje denne kjelda vere teken som gissel. Denne meldinga er ikkje stadfesta av andre kjelder.
Tidlegare i dag landa eit tyrkisk militærhelikopter i det nordlege Hellas, og dei åtte om bord søkte straks politisk asyl i landet. Kort tid etterpå kravde tyrkiske styresmakter at dei åtte straks måtte bli utlevert til Tyrkia.