Hopp til innhold

Fethullah Gülen får skulda for kuppet

Det gjekk ikkje lang tid etter dei første meldingane om kupp i Tyrkia, før støttespelarane til president Erdogan gjekk ut og la skulda på eksilleiaren Fethullah Gülen.

Recep Tayyip Erdogan (t.v.) og Fethullah Gülen.

Bitre fiendar. President Recep Tayyip Erdogan (t.v.) og leiar for Hizmet-rørsla, Fethullah Gülen.

Foto: SELAHATTIN SEVI / Afp

Gülen er leiar for den omstridde Hizmet-rørsla, som han styrer frå basen sin i Pennsylvania i USA. I starten av Erdogans politiske karriere var Gülen ein av dei sterkaste støttespelarane hans. AKP-leiaren ville neppe ha kome til makta utan støtte frå Hizmet-rørsla.

Det høyrer med til historia at Fethullah Gülen var raskt ute med å fordømme kuppet i Tyrkia i går kveld, men det har ikkje stansa skuldingane frå Erdogan-tilhengjarane.

Brorskap og nettverk

Kuppforsøk i Tyrkia.

Ein politimann og ein demonstrant poserer på taket av ei forlaten stridsvogn i sentrum av Istanbul.

Foto: Emrah Gurel / Ap

Hizmet-rørsla til Gülen har vorte karakterisert som ein mellomting mellom eit religiøst brorskap og eit nettverk. Gülen sjølv er ein islamsk predikant som legg vekt på altruisme, hardt arbeid og utdanning.

Tradisjonelt har han hatt fleire millionar tilhengjarar i Tyrkia, og mange av dei har hatt sentrale posisjonar i maktapparatet. Ein del av dei er nok reinska ut, men neppe alle.

Kjennarar av tyrkisk politikk meiner at Gülen hjelpte Erdogan til å vinne tre val. Så såg han at den noverande presidenten var i ferd med å bli for mektig, og snudde. No er han ein av Erdogans sterkaste kritikarar.

NUPI-forskar Siri Neset sa for to år sidan at samarbeidet mellom Erdogans parti AKP og rørsla til Gülen kom i stand som ein taktisk allianse mot det militære og den sekulære eliten.

Motsetningar

Det er uklart om motsetningane mellom Gülen og Erdogan er ideologiske, eller om dei ligg meir på det personlege planet. At den eine fryktar at den andre får for stor makt i forhold til seg sjølv.

Ifølgje den britiske avisa Guardian viser undersøkingar at rundt 10 prosent av innbyggjarane i Tyrkia er tilhengjarar av rørsla til Gülen.

Sentralt i rivaliseringa mellom Gülen og Erdogan er skuldingane som kom opp i 2013 om omfattande korrupsjon i maktapparatet til Erdogan. Fleire av Erdogans nære medarbeidarar vart skulda for korrupsjon, inkludert Bilal Erdogan, sonen til den noverande presidenten, som då var statsminister.

Dette vart sett på som ei hemn for tiltak Erdogan hadde sett i verk for å minske makta til Gülen i Tyrkia, slik som å leggje sterke restriksjonar på Hizmet-rørsla sine skular og andre institusjonar i Tyrkia.

Striden kulminerte med at Erdogan-regimet sparka fleire kjende Gülen-tilhengjarar frå stillingane sine i militæret eller politiet.

Kuppforsøk i Tyrkia.

Det vart utplassert stridsvogner på bruene over Bosporos, men det stansa ikkje dei som demonstrerte mot kuppet.

Foto: GURCAN OZTURK / Afp
Kuppforsøk i Tyrkia.

Erdogan-tilhengjarar tok raskt til gatene Istanbul i natt for å demonstrere mot kuppforsøket.

Foto: MARTEN VAN DIJL / Afp

Norsk landslagsspiller i Tyrkia: – Selvsagt blir man påvirket

– Det har vore svært intense timar i Istanbul

– Sterke indikasjonar

Kort tid etter at meldingane om kuppet fedag kveld, sa Robert Amsterdam, ein av advokatane til den tyrkiske regjeringa, at det var sterke indikasjonar om at Gülen og rørsla hans var direkte involverte.

Han la til at dei fleire gonger hadde åtvara amerikanske styresmakter om den trusselen Gülen og Hizmet-rørsla representerer. Amsterdam sa også at den tyrkiske etterretninga hadde funne ut at Gülen samarbeider tett med personar i den militære leiinga i landet i å motarbeide den demokratiske valde regjeringa.

Gülen avviser skuldingane, og han var raskt ute med å gjere det klart at han ikkje støtta kuppet.

Minst 265 drept i kuppforsøket i Tyrkia

Erdoğan møtt med jubel på flyplassen

Fred og demokrati

I ei fråsegn frå Hizmet-rørsla heiter det blant anna:

– I over 40 år har Fethullah Gülen og Hizmet jobba for fred og demokrati, og det har vi også vist i praksis.

No fryktar organisasjonen at kuppforsøket vil føre til ei heksejakt på deira støttespelarar i Tyrkia. President Erdogan har gjort det klart at kuppmakarane vil bli hardt straffa, og tidleg laurdag var talet på arresterte alt over 1500.

Og i føremiddag sa også Umit Dundar, fungerande forsvarssjef, at alle medlemer av ein «parallell struktur» skal reinskast ut av dei væpna styrkane. TYrkiske styresmakter brukar ofte dette uttrykket om tilhengjarar av Fethullah Gülen.

SISTE NYTT

Siste nytt