NRK Meny
Normal

– Mafia-seremoni inspirert av frimurarordenen

Den italienske mafiaeksperten Enzo Ciconte seier at mafiaseremonien, som vart hemmeleg filma av politiet tidlegare i år, viser at 'Ndrangheta-organisasjonen har hatt nær kontakt med frimurarordenen.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå frå den hemmelege mafia-seremonien her.

Som NRK.no melde tysdag denne veka er dette første gong at ein slik hemmeleg seremoni er filma av politiet . Tidlegare har all informasjon om slike seremoniar kome frå mafia-avhopparar, og i 'Ndrangheta-organisasjonen har det vore få slike, takka vere sterk indre justis og brutalitet.

Enzo Ciconte, som underviser i organisert kriminalitet ved La Sapienza-universitetet i Roma, peikar spesielt på det faktum at dei har trekt nasjonalheltane Giuseppe Garibaldi og Guiseppe Mazzini inn i seremonien.

Statsadvokat Ilda Boaccassini.

Det var statsadvokaten i Milano, Ilda Boaccassini, som fortalde om den hemmelege filminga og arrestasjonane tysdag denne veka.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

Garibaldi og Mazzini var hovudpersonar i kampen for å samle Italia til eitt rike for 150 år sidan, og ifølgje Ciconte var begge frimurarar.

– Involvert med frimurarordenen

– Desse referansane er viktige. Innsverjingsseremonien til 'Ndrangheta endra seg på 1970-talet, då organisasjonen vart involvert med frimurarordenen, seier Enzo Ciconte til den britiske avisa The Independent .

Ciconte har skrive to bøker om 'Ndrangheta. Han fortel at seremonien er med på å byggje medlemene sin lojalitet til organisasjonen. Det sterke bandet medlemene har til organisasjonen har vore viktig for utviklinga av 'Ndrangheta til den mektigaste mafiagrupperinga i Italia.

'Ndrangheta, som vart etablert i Calabria i Sør-Italia, kontrollerer mesteparten av narkotikatrafikken frå Amerika til Europa, og har avdelingar i dei fleste land både i Europa og i Amerika.

Seremonien som vart filma av politiet, viser ei gruppe menn som skal få den høgste graden i organisasjonen, «Santa», som betyr «Heilag» på norsk. Det kan synest meiningslaust at ein brutal forbrytarorganisasjon nyttar slike uttrykk, men referansane til Bibelen er heilt klare.

40 personar vart arresterte tidlegare denne veka som følgje av den omfattande overvakinga italiensk politi har gjennomført etter den hemmelege filminga.

Erkeengelen Michael

Erkeengelen Mikael på toppen av Nidarosdomens nordre vesttårn

Erkeengelen Mikael slik han står fram på det nordre vesttårnet på Nidarosdomen.

Foto: Roar Foss

Ved opptak av nye medlemer i 'Ndrangheta må dei nye leggje venstre handa si oppå ein kniv, medan seremonimeisteren brenn eit bilete av erkeengelen Michael. Erkeengelen skal vere den høge skytsengelen til organisasjonen.

I seremonien vi ser på videoen over er også dei religiøse referansane heilt klare:

«I denne heilage kveld, i den stille natta, under lyset av stjernene og under glansen frå månen, eg lagar denne heilage kjeda, det heilage samfunn».

I denne seremonien, som går føre seg i den norditalienske provinsen Lecco, får også dei nye «heilage» klar beskjed om at organisasjonen krev at dei skal ta sine eigne liv, om på nokon måten kjem i unåde. Det kan skje anten med gift eller med skytevåpen.

Seremoniane i dei ulike italienske mafiagrupperingane har mykje likt i seg, men det er også skilnader.

– Måtte eg brenne i helvete

Sicilianske Cosa Nostra opererer med eit stikk i fingeren, samstundes som bilete av ein kristen helgen blir sett fyr på. Så seier nykomaren: «Brenn kroppen min som biletet av denne helgenen om eg svik dykk».

James Gandolfini som Tony Sopranos i den siste scenen i serien.

No avlidne James Gandolfini (t.v.) som Tony Soprano i den siste scena i mafiaserien 'Sopranos'.

Foto: WILL HART / Ap

Dei som fylgde den amerikanske mafiaserien «Sopranos» hugsar då nevøen til Tony Soprano, Christopher Soprano, gjorde si eid til organisasjonen:

«Måtte eg brenne i helvete, om eg svik venene mine».

Det vart aldri sagt i denne serien kva organisasjon Soprano-familien høyrde til, men mykje tyder på at inspirasjonen kom frå La Camorra i Napoli-området i Italia. Deira eid for nye medlemer er slik:

«Eg sver på æra mi å vere lojal til den nye Camorra-organisasjonen, på same måten som Camorra er lojal til meg».

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

LES OGSÅ: Dette er ‘Ndrangheta-mafiaen

Viktigare enn familien

Den minste og minst kjende av dei fire store italienske mafiaorganisasjonane, Sacra Corona Unita, på norsk Den sameinte familien, har hovudsetet sitt i Puglia-regionen. Her må dei nye innvigde sverje på at organisasjonen er viktigare enn familiemedlemer:

«Eg sver på å fornekte far, mor, brør og systrer om det er i organisasjonen si interesse».

Måten medlemer får ein innvigd status i organisasjonen har mykje likt i seg. Dei har ulike namn på å vere innvigd. Det kan vere «heilag», «innvigd», «mann av ære» eller «ekte mann».

Rekrutteringa til høgste nivå skjer ved at ein innvigd medlem går god for ein annan person. Denne får ansvaret for at den nye er 100 prosent påliteleg. Viser det seg at vedkomande ikkje er det, så risikerer også medlemmet som gjekk god for han å måtte bøte med livet. Dette er likt i alle dei store mafiagrupperingane, seier ekspertar.

LES OGSÅ: Italiensk artist sikta for å glorifisere mafiadrap

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

Tony Soprano

Det er også vanleg at denne garantisten sjølv må drepe personen han gjekk god for.

Den amerikanske serien Sopranos blir sagt å liggje svært nært opp til slik det verkelege livet i ein mafiaorganisasjon er. Vi nemnde tidlegare scena då Christopher Soprano svor truskap til organisasjonen, etter at Tony Soprano hadde gått god for han.

Seinare viste det seg at Michael hadde gitt opplysningar til politiet, og då måtte Tony sjølv drepe nevøen, som han eigentleg var svært glad i.

LES OGSÅ: - Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

LES OGSÅ: Hvert år tenner mafiaen på trærne

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt