Hopp til innhold

- Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

Amerikansk og italiensk politi meiner dei har greidd å stanse ein nyetablert allianse mellom mafiafamilien Gambino i New York og 'Ndrangheta-mafiaen i Italia.

Mafia-arrestasjon i New York

Ein av dei arresterte frå Gambino-familien blir eskortert bort av New York-politiet i ettermiddag.

Foto: BRENDAN MCDERMID / Reuters

Fleire titals personar er arresterte i Italia og USA. På ein felles pressekonferanse mellom italiensk politi og FBI i Roma i dag vart det opplyst at dei også har stansa ein ny smuglarrute for kokain frå Sør-Amerika til Italia.

Også ei rute for smugling av heroin frå Italia til USA er avslørt, og politiet meiner at dei har stansa smugling av narkotika for fleire hundre millionar euro.

Mektig New York-familie

Marshall Miller, amerikansk statsadvokat.

– Vi har hindra 'Ndrangheta å skaffe seg eit fotfeste i New York, sa statsadvokat Marshall Miller på pressekonferansen i Roma.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

Åtte av dei arresterte i New York høyrer til Gambino-familien, ein mafiafamilie som vart kjend verda over på 1960-talet då gudfaren Carlo Gambino leidde organisasjonen. Gambino-klanen var lenge den mektigaste av New York-familiane, og også den mest nådelause.

'Ndrangheta blir i dag rekna for å vere den mektigaste av mafiaorganisasjonane i Italia, ikkje minst fordi dei har kontrollen over store delar av kokaintrafikken til Europa. Organisasjonen har forgreiningar over store delar av Europa og Amerika, og er i dag rekna som meir endå meir brutal enn dei andre italienske mafiaorganisasjonane.

– Det vi ser her er ein forsøk frå 'Ndrangheta-mafiaen i Italia på å skaffe seg eit fotfeste i New York. Vi kjem til å arbeide vidare med å hindre dei i å skaffe seg eit slikt fotfeste, sa Marshall Miller, amerikansk statsadvokat, på pressekonferansen i Roma i dag.

Kontakt også på 80-talet

Etterforskarar AFP har snakka med seier at det ikkje er tvil om at 'Ndrangheta spelar i hovudrolle i internasjonal narkotikatrafikk, og at dei gjer alt dei kan for å utvide den sterke posisjonen dei alt har.

Felles amerikansk-italiensk aksjon mot mafiaen.

På pressekonferansen i Roma vart det vist fram bilete av ein del av dei arresterte i aksjonen.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

'Ndrangheta hadde også kontakt med den mektige mafiagrupperinga «Dei fem familiane» i New York på 1980-talet. Desse familieklanane har heile tida hatt nær kontakt med den sicilianske mafiaen Cosa Nostra. På 80-talet gjekk kontakten mellom 'Ndrangheta og «Dei fem familiane» via Cosa Nostra.

Denne gongen skal det ifølgje etterforskarane ha vore direkte kontakt mellom 'Ndrangheta og ein av New York-familiane, den mektige Gambino-familien. Dette er også årsaka til at politiet har gitt den aktuelle aksjonen namnet «New Bridge», Ny Bru på norsk.

– Bru av samarbeid

Ein aksjon mot Cosa Nostra og «Dei fem familiane» på 1990-talet gjekk under namnet «Old Bridge», (Gammal Bru), noko som spelte på det svært gamle samarbeidet mellom mafiagrupperingar på Sicilia og i New York.

Frank Sinatra saman med blant andre Carlo Gambino.

Den verdskjende gudfaren Carlo Gambino (nr. 4 frå v.) fotografert i 1976 saman med blant andre Frank Sinatra (nr. 2 frå v.). Amerikansk politi brukte dette biletet for å vise Sinatra sine kontaktar med mafiaen.

Foto: AP

– No har vi bygd ei ny bru som er mykje sterkare enn brua av kriminalitet og korrupsjon, brua av samarbeid mellom italiensk og amerikansk politi. Denne operasjonen har ramma hjartet av internasjonal organisert kriminalitet, sa statsadvokat Marshall Miller på pressekonferansen.

Frederico Cafiero De Raho, førstestatsadvokat i Reggio Calabria, kjerneområdet til 'Ndrangheta i Sør-Italia, seier at smuglarskipa som skulle frakte kokain frå Sør-Amerika til Italia skulle bruke hamna Gioia Tauro i Calabria.

Hemmeleg agent

Planen var at 500 kilo rein kokain in skulle smuglast til Italia i kvar skipslast. Kokainen skulle skjulast i hermetisert frukt frå eit firma heimehøyrande i Guyana, og eit meksikansk narkotikakartell skulle fungere som bindeledd mellom dei ulike grupperingane.

Den Raho opplyser at gjennombrotet i denne saka kom etter at ein amerikansk hemmeleg agent hadde greidd å infiltrere organisasjonen.

Rafaele Grassi (t.v.) og Leo Taddeo.

Italiensk og amerikansk politi heldt ein felles pressekonferanse i Roma i dag. Rafaele Grassi (t.v.) frå italiensk politi og Leo Taddeo frå amerikansk politi.

Foto: Alessandra Tarantino / Ap

Denne agenten, som går under dekknamnet Jimmy i etterforskingsdokumenta, fekk spesialløyve til å operere fritt både i USA og Italia, og han greidde etter kvart å oppnå tillit internt i 'Ndrangheta.

- 'Ndrangheta var først svært tilbakehaldne og ville ikkje møte han. Men han spelte korta sine godt, og etter kvart vann han tilliten deira, sa politisjef i Raggio Calabria, Gennaro Semeraro på pressekonferansen.

Avansert avlytting

Han fortel at arbeidet til den hemmelege amerikanske agenten Jimmy, og omfattande og avansert avlytting av mistenkte, leidde til eit gjennombrot.

Avlyttinga var ekstremt vanskeleg, sa Semeraro, fordi den kriminelle grupperinga brukte eit «kryptert» språk når dei kommuniserte med kvarandre. Dei brukte også heile tida telefonar som stod i namna til personar utan tilknyting til miljøet.

Under etterforskinga greidde politiet å finne familieband mellom Gambino-familien i New York og Ursino-klanen i 'Ndrangheta. Dette sporet stod sentralt i etterforskinga, vart det opplyst på pressekonferansen i Roma i dag.

Hamna i Goia Tauro i Sør-Italia.

Det var her i hamna i Goia Tauro at kokainen frå Sør-Amerika skulle skipast inn, 500 kilo i kvar last.

Foto: Adriana Sapone / Ap

LES OGSÅ: Lånte penger av mafiaen – fikk tre kuler i posten

LES OGSÅ: EU-midler til mafiaens oliventrær

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Politiet tok han på senga

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

SISTE NYTT

Siste nytt