Hopp til innhold

- Mafiaen sterkare enn staten

Halvparten av italienske ungdomar meiner at mafiaen er sterkare enn den italienske staten. Berre 14 pst. meiner at staten er sterkast.

Ungdommer i demonstrasjon mot mafiaens utpressing, i Palermo Itralia.

Frå ein demonstrasjon mot mafiaen i Palermo på Sicilia i august i fjor.

Foto: STR / REUTERS

Dette går fram av ei undersøking blant 1409 italienske ungdomar mellom 16 og 18 år, som er utført av Pio La Torre-senteret i Palermo.

Berre 23,7 prosent trur det er mogleg å knekkje mafiaen, men 37,2 prosent svarar at det er umogleg, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA .

LES OGSÅ: Politiet tok han på senga

LES OGSÅ: – Har ikke kontroll på halve økonomien

– Staten gjer for lite

Nesten 80 prosent av dei spurde trur mafiaen har blitt så sterk fordi dei har infiltrert styresmaktene. I underkant av 70 prosent meiner at staten gjer altfor lite i kampen mot mafiaen.

Dei italienske mafiagrupperingane har lange historiske tradisjonar i landet. Dei viktigaste gruppene er Cosa Nostra på Sicilia, 'Ndrangheta i Calabria på tåspissen av det italienske fastlandet og La Camorra i Napoli-området.

I tillegg er det fleire mindre, lokale mafiagrupperingar også andre stader i Italia, og den største gruppa av dei mindre er Sacra Corona Unita, som held til i Puglia søraust i landet.

LES OGSÅ: Italiensk artist sikta for å glorifisere mafiadrap

LES OGSÅ: Dette er bunkeren til mafiabossen

Største «bedrifta» i Italia

Den organiserte kriminaliteten i Italia er den mektigaste forretningsverksemda i landet med ei årleg omsetning på 140 milliardar euro, viser tal frå Confesercenti, den største arbeidsgjevarorganisasjonane for små- og mellomstore bedrifter i Italia.

Det er nettopp små- og mellomstore bedrifter som får svi hardast for mafiaen si utpressing, lånehaiverksemd og ran.

– Mafiaen tener 140 milliardar ero på dette i året, og 100 milliardar euro kjem frå små- og mellomstore bedrifter, seier Marco Venturi, leiar for Confesercenti. Hn kallar dette «ein nasjonal krisesituasjon»

LES OGSÅ: Italiensk mafiaboss pågrepet

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

LES OGSÅ: – Byen er i mafiaens grep

SISTE NYTT

Siste nytt