Mafiaen største bedrifta i Italia

I ei tid då Italia opplever si verste krise på mange år, er mafiaen no den mektigaste «forretningsverksemda» i landet med ei årleg omsetning på 140 milliardar euro.

Michele Zagaria blir arrestert 7. desember 2011.

Stadig fleire mafiatoppar blir arresterte, her Michele Zagaria frå Camorra i Napoli i desember i fjor. Men det ser ikkje ut til å svekkje den organiserte kriminaliteten i Italia.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Dette går fram av tal som er lagde fram av Confesercenti, ein av dei største arbeidsgjevarorganisasjonane i Italia. Rapporten har fått tittelen «SOS Impresa», som på norsk blir «SOS Selskap».

Mafia-arrestasjonar i Italia

Det var mange mafia-arrestasjonar i 2011, men mafiaen er mektigare enn nokon gong.

Foto: RAI/EBU

Her blir det slått alarm om stadig fleire små og mellomstore bedrifter har fått merke nærværet av organisert kriminalitet, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA.

Små og mellomstore bedrifter

– Små og mellomstore bedrifter er dei som får svi hardast for mafiaens utpressing, lånehaiverksemd og ran. Dei tener 140 milliardar euro på dette i året, 100 millionar euro av dette kjem frå små og mellomstore bedrifter, seier Marco Venturi, leiar for Confesercenti.

Han meiner at dei italienske mafiagrupperingane i dag er den største banken i Italia, med ein lånekapital på 65 milliardar euro. Den økonomiske krisa har gjort at lånehaiverksemda til mafiaen har skote i vêret, og Venturi kallar det som har skjedd for «ein nasjonal krisesituasjon».

Italiensk politi aksjonerer mot mafiaen

Italiensk politi aksjonerer stadig mot mafiaen.

Foto: MARIO LAPORTA / AFP

Når ein forretningsdrivande ikkje får lån i ein vanleg kamp på grunn av innstrammingar som følgje av den økonomiske krisa, er det freistande å slå til på tilbodet frå kriminelle.

Men dei viser ingen nåde dersom ikkje pengane blir betalte tilbake til rett tid, og med skyhøg rente.

Fleire tusen arbeidsplassar borte

– Våre uterekningar viser at lånehaiverksemd har ført til at 1800 verksemder har gått over ende og øydelagt fleire tusen arbeidsplassar. Varehandelen er hardast ramma, seier Marco Venturi.

Han reknar med at rundt 200.000 butikkeigarar har blitt offer for mafiaen sine ågerrenter.

Mafia-gravferd i Calabria

Frå ei mafia-gravferd i Calabria i fjor.

Foto: ANTONIO TACCONE / AFP

Confesercenti, som representerer rundt 270.000 verksemder i Italia, reknar med at deira medlemer blir utsette for til saman 1300 kriminelle forhold kvar einaste dag, altså rundt 50 for kvar time i døgnet.

– Over ein million forretningsfolk er offer for ein eller anna type kriminalitet, seier Venturi.

LES OGSÅ: Politiet boret seg inn i underjordisk bunker og pågrep mafiaboss

LES OGSÅ: – Byen er i mafiaens grep

LES OGSÅ: Det symboltunge mafia-kysset

Ikkje berre i sør

Det er særleg det sørlege Italia som er i mafiaen sitt grep, men ifølgje denne rapporten har dei også eit solid fotfeste i regionen Lombardia nord i landet, der den økonomiske hovudstaden Milano ligg.

Dei tre mektigaste mafiagrupperingane i Italia er Cosa Nostra på Sicilia, den 'Ndrangheta i Calabria på sørspissen av det italienske fastlandet og La Camorra i og rundt Napoli.

Bernardo Provenzano

Cosa Nostra-bossen Bernardo 'Traktoren' Provenzano var ein storfangst for politiet då han vart arrestert i 2006.

Foto: AP

Italiensk politi arresterer stadig mafiatoppar og tek beslag i store verdiar, men dette ser ikkje ut til å svekkje dei mektige kriminelle organisasjonane. Dei blir mektigare og mektigare år for år. Og dei følgjer med i tida.

LES OGSÅ: Cosa Nostra-topp arrestert

LES OGSÅ: 100 arresterte i mafia-operasjon

Sofistikerte bankfolk

Det er ikkje lenger slik at lånehaiverksemda skjer i snuskete bakgatebarar. Det finest nok enno, men er på veg ut, heiter det i rapporten. No framstår lånehaiane som sofistikerte bankfolk, advokatar eller forretningsførarar i flotte og respektable kontorlokale.

LES OGSÅ: Mafia-sjefar styrer frå fengselet

LES OGSÅ: "Gudfaren" arrestert på Sicilia

SISTE NYTT

Siste nytt