Hopp til innhold

Politiet filma hemmeleg mafia-seremoni

Italiensk politi har for første gong greidd å filme ein hemmeleg innsverjingsseremoni i mafiaen. I kjølvatnet av den omfattande overvakinga er 40 mistenkte 'Ndrangheta-medlemer arresterte. No varslar statsadvokaten hasterettssak.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå politiet sin video frå mafia-seremonien.

'Ndrangheta har hovudsetet sitt i regionen Calabria på tåspissen av det italienske fastlandet, men organisasjonen opererer også nord i landet. Dei fleste arrestasjonane i dag vart gjorde i den nordlege delen av landet, og det var statsadvokaten i Milano, Ilda Boaccassini som fortalde om aksjonen.

Ho sa på ein pressekonferanse at 37 av dei 40 som vart arresterte i dag er sette i fengsel, medan dei tre siste er plasserte i husarrest. Bevisa mot dei er så sterke, sa ho, at dei vil bli tiltalte i ei hasterettssak.

– Mafiaen si eiga røyst

Statsadvokat Ilda Boaccassini.

Statsadvokat i Milano, Ilda Boaccassini, seier at bevisa mot dei arresterte er svært sterke.

Foto: GIUSEPPE CACACE / Afp

– For første gong har vi videobilete av ein innsverjingsseremoni. For første gong høyrer vi dette med mafiaen si eiga røyst, sa ein nøgd Ilda Boaccassini på ein pressekonferanse i Milano i dag.

Dei arresterte høyrer til tre ulike klanar frå eit område utanfor Milano, og politiet meiner dei er nært knytte til 'Ndrangheta. Politiet meiner at arrestasjonane i dag viser at 'Ndrangheta har utvikla seg til å bli ein svært mektig kriminell organisasjon også i det nordlege Italia.

Blant dei arresterte er ein 17 år gammal gut og ein mann politiet meiner er ein av leiarane, som går under kallenamnet «Kua Peppe».

Videoen som politiet har greidd å ta opp viser ein hemmeleg seremoni der ein eller fleire medlemer av organisasjonen skal ta eiden for å kome opp på høgste nivå, «santa», som på norsk betyr heilag.

LES OGSÅ: 100 år gammelt mord oppklart

– I glansen frå månen

Seremonien blir leidd av ein ikkje identifisert 'Ndrangheta-boss. Dei nye elitemedlemene sver truskap til organisasjonen ved å seie fram blant anna dette:

«I den stille natta, under lyset frå stjernene og i glansen frå månen, skal eg verne dei innvigde brørne mine».

Seremonimeisteren seier til dei nye «heilage»: «Frå no av kan de ikkje dømmast av andre menneske, no må de vere dykkar eigne dommarar». I det han kallar «gifteiden» seier han at det berre er to alternativ for personar som er illojale mot organisasjonen.

Det er anten å ta gift eller skyte seg sjølv. De skal alltid ha ei kule som er reservert til dykk sjølve, sa seremonimeisteren blant anna.

LES OGSÅ: Paven stengjer kyrkjedøra for mafiaen

LES OGSÅ: Tilbake til marerittet

Åtvara mot mobiltelefon

LES OGSÅ: - Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

LES OGSÅ: Hvert år tenner mafiaen på trærne

Organisasjonen har nulltoleranse for avhopparar og medlemer som gir informasjon til politiet. Greier dei ikkje å ta informanten sjølv, så går dei på nære familiemedlemer. Dei brutale metodane gjer at politiet har hatt store problem med å rekruttere informantar internt i organisasjonen.

Statsadvokat Ilda Boaccassini fortalde at dei greidde å avlytte ein av toppane i 'Ndrangheta, Michelangelo Chindamo, i juli i fjor. Han sa dette til ein kollega:

– Musikken kan endre seg, men ikkje resten. Vi kan aldri endre oss.

Han åtvara også medlemer i organisasjonen mot å bruke mobiltelefon:

– Ved å ha ein mobiltelefon, har du også ein politimann i lomma.

LES OGSÅ: Dette er ‘Ndrangheta-mafiaen

LES OGSÅ: Slik skal de knuse ‘Ndrangheta-mafiaen

Store på narkotika

Stillbilete frå politivideo av mafia-seremoni.

Eit stillbilete frå politivideoen. Her helsar mafiamedlemer på kvarandre før seremonien.

Foto: Ap

'Ndrangheta har hatt ein sterk vekst det siste tiåret. Tidlegare var organisasjonen i skuggen av den sicilianske mafiaen Cosa Nostra og Camorra i Napoli-området. I dag er truleg 'Ndrangheta den mektigaste av dei, mykje på grunn av at dei kontrollerer store delar av narkotikatrafikken frå Sør-Amerika til Europa.

Organisasjonen har også ord på seg på å vere endå meir valdeleg enn dei andre mafiaorganisasjonane. Og Cosa Nostra og Camorra er ikkje akkurat kjende for å bruke humane metodar, så det seier litt om nivået på valdsbruken.

Namnet 'Ndrangheta kjem frå gresk og kan bety både lojalitet og mot.

LES OGSÅ: - Mafiaen sterkare enn staten

LES OGSÅ: Lånte penger av mafiaen – fikk tre kuler i posten

SISTE NYTT

Siste nytt