NRK Meny
Normal

Italiensk artist sikta for å glorifisere mafiadrap

Ein populær songar frå Napoli blir etterforska av politiet for å glorifisere mafiadrap i ein musikkvideo. Du kan sjå videoen «'O Capo Clan» her.

Den italienske påtalemakta avgjorde å starte etterforsking av songaren Nello Liberti etter eit storaksjon mot to rivaliserande familieklanar i Camorra-mafiaen, Ascione-Papale og Lacomino-Pirra, i dag. I alt 41 medlemer av dei to familiegreinene vart pågripne i dag, blant dei fleire kvinner.

Narkotika og våpen

Dei pågripne skal ha spelt ei viktig rolle i utøving av pengeutpressing, narkotikatrafikk og sal av våpen. Det er uklart om songaren Nello Liberti har tilknyting til nokon av dei to rivaliserande familieklanane, men politiet meiner at fleire kjende mafiafigurar er med i videoen.

Nello Liberti er sikta for å glorifisere mafiaen og drap på tystarar, melder det italienske nyheitsbyrået ANSA .

Politiet og påtalemakta ser på videoen som ei rein hylling til ein avliden klansjef i den illgjetne Camorraen, Vincenzo Oliviero, som vart drepen i eit internt oppgjer i 2007. Han blir framstilt som ein høgverdig person som hjelper dei fattige, og som med rette tek livet av tystarar og avhopparar.

LES OGSÅ: EU og Italia kranglar om Napoli-søppel

LES OGSÅ: Mafiaen største bedrifta i Italia

LES OGSÅ: Dette er bunkeren til mafiabossen

– Signal frå sjefen

I 2003 var Oliviero dagleg leiar for radiostasjonen Radio Ercolana i Napoli. Han brukte radioen aktivt til å sende koda meldingar til undersåttane sine i organisasjonen.

I songen «'O Capo Clan», som kan omsetjast med klansjef, heiter det blant anna:

«Gutane ventar på han ute. Dei veit kva dei skal gjere om dei får eit signal frå sjefen, å straffe dei som har gjort feil».

Ein annan stad i videoen ber ein mafioso i fengsel Gud om å ta vare på borna hans, men at dei ikkje treng å engste seg om Han ikkje kan. Eg ordnar det sjølv, for eg er klansjefen, heiter det.

LES OGSÅ: – Byen er i mafiaens grep

LES OGSÅ: Mafiaboss teken etter 16 år

LES OGSÅ: Mafiatopp felt av Facebook-tabbe

– Livvakter i rollene

Sjølv om det i musikkvideoen står med tydeleg skrift at all likskap med levande menneske er tilfeldig, så slår ikkje politiet seg til ro med det. Ifølgje statsadvokaten er fleire av skodespelarane på videoen tidlegare livvakter i vaktstyrken til Vincenzo Oliviero.

Songar og filmar som glorifiserer mafiaen er forbode i Italia, men i Sør-Italia, der store delar av økonomien er svart og mafiastyrt, florerer det med ulovlege innspelingar av denne typen.

LES OGSÅ: Stinkande søppel i gatene igjen

LES OGSÅ: Det symboltunge mafia-kysset

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt