Hopp til innhold

Dette vesle røyret er starten på eit svært prosjekt: Kan spare mykje straum

Overskotsvarme frå sommaren skal lagrast nedi berget, og kunne gje varme til ein heil bydel om vinteren.

Testbrønn for lagring av fjernvarme ved Nyhavna i Trondheim.

TESTBRØNN: Det kan sjå ut som eit avløpsrøyr, men dette er ein testbrønn som går over 200 meter ned til grunnfjellet på Ladehammeren i Trondheim – der fjernvarme skal lagrast.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det kan til forveksling minne om eit avløpsrøyr, der det står litt diskret plassert i vegkanten under fjellet Ladehammeren i Trondheim.

Men det er på ingen måte spillvatn som skal gjennom røyret. Gjennom dette skal det nemleg pumpast 90–95 grader varmt vatn 200 meter ned til grunnfjellet.

Røyret er éin av to testbrønnar som er bora i området.

Planen er etter kvart å bore mange sånne brønnar i ein sylinder – ein såkalla geotermos – der overskotsvarme blir lagra om sommaren, for deretter å bli henta opp igjen om vinteren når behovet er større.

Skisse av hvordan geotermosen i Trondheim vil se ut.

Eit tverrsnitt av geotermosen på Ladehammeren viser korleis dei mange brønnane skal liggje tett i tett og lagre på varmen.

Foto: Asplan Viak

Varmen skal hentast frå fjernvarmenettet i Trondheim. Det består av over 50 mil med røyr, som fraktar varmt vatn til oppvarming av ulike bygg rundt om i byen.

Det er overskotsenergi frå blant anna avfallsforbrenning, kloakksystem og industri som blir brukt til å varme opp dette vatnet.

Les også Fra dass til gass: – Må se på det som en ressurs

En mann med skrubbsår på kneet sitter på do og tilsynelatende bæsjer.

– Om sommaren er ikkje oppvarmingsbehovet så stort, så då har vi eit overskot som vi ikkje får nyttiggjere. Derfor vil vi gjennom dette prosjektet sjå om vi kan lagre den varmen i berget på Ladehammeren, seier prosjektleiar Magnus Woll Bjartnes i Statkraft Varme.

På denne måten kan grunnfjellet på Ladehammeren bli eit slags varmebatteri, som vil sørgje for at det ikkje blir brukt like mykje straum om vinteren.

Prosjektleder i Statkraft Varme Magnus Woll Bjartnes står ved en av testbrønnene til lagring av fjernvarme.

Magnus Woll Bjartnes er prosjektleiar i Statkraft Varme, som gjennomfører prosjektet i samarbeid med NTNU, Sintef, Asplan Viak, Nyhavna Utvikling og Trondheim kommune.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Les også Må kjøpe strøm de selv produserer da solcellene er fordelt på to bygg

Trond Kvam, daglig leder i Malvik fryselager og Mathilde Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant for Høyre og medlem i energi- og miljøkomiteen.

Må belaste straumnettet mindre

Dette pilotprosjektet er støtta med nesten 6,5 millionar kroner av Enova.

For dei er det viktig å bidra til å finne løysningar for å belaste straumnettet mindre.

– Vi kjem berre til å trenge meir og meir straum framover, i takt med at vi byter ut fossil energi med elektrisitet, seier seniorrådgivar Monica Berner i Enova.

– Om ein ikkje gjer noko, vil ein samla sett ikkje ha nok straum tilgjengeleg i Noreg.

Monica Berner, seniorrådgiver i Enova.

Monica Berner er seniorrådgivar i Enova, og har tru på at ein kan komme til å sjå meir av varmelagring og andre energisparingsløysingar i framtida.

Foto: Privat

Enova har frå tidlegare gode erfaringar frå liknande pilotprosjekt.

Blant anna på Fjell skule i Drammen, der dei plasserte solfangere på taket som varma opp vatn, som så vart lagra under bakken.

– Der har det fungert heilt glimrande. Det har ført til at dei bruker veldig lite straum om vinteren, godt under 20 prosent av kva dei ville ha gjort elles, fortel Berner.

Les også Denne skulen har sommarvarme på «termos»

Fjell skole i Drammen med solcellepaneler (nærmest) og solfangere på taket. De produserer varme til geotermosen skolen har under bakken og som holder den varm om vinteren. Arktitekt for skolen var Ola Roald Arkitektur.

Idrettslaget på Kolbotn utanfor Oslo har også spara på dyr straum om vinteren gjennom slik innovasjon. Her er slyngjer med vatn under fotballbanen ein solfangar om sommaren. Varmen herfrå blir lagra under bakken, og blir igjen brukt til å halde banen fri for snø om vinteren.

Varme til ny bydel

I Trondheim er håpet at slik varmelagring kan bidra til å nå målet om å vere klimanøytral innan 2028. Det er også eit viktig element i ambisjonen om nullutslepp i den planlagde bydelen Nyhavna.

Bydelen, som etter kvart skal huse 5200 bebuarar og 4000 arbeidsplassar, ligg nemleg rett ved Ladehammaren.

Nyhavna i Trondheim pr. april 2023 - grått og lite utbygget.

Nyhavna i Trondheim er per i dag lite utbygd, men har store ambisjonar som ny bydel. Målet er blant anna nullutslepp, og då kan varmelagringa komme godt med.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Tanken er at geotermosen skal bli ein viktig del av Nyhavna sitt energisystem, og rett og slett varme opp bydelen om vinteren.

– Potensielt vil vi også kunne levere varme til fjernvarmesystemet i Trondheim, seier prosjektleiar Magnus Woll Bjartnes.

Men fyrst må prosjektet gjennom ein testperiode på tre år.

– Vi må forsikre oss om at dette kan bli gjennomført trygt, og at berget har evne til å halde på varme slik vi håpar og ønskjer.

Skisse av hvordan lagring av varme fra fjernvarmenettet i Trondheim kan fungere.

Denne illustrasjonen viser korleis varmelagringa vil gå føre seg.

Illustrasjon: Asplan Viak

Mykje spennande i bakken

Monica Berner i Enova trur at ein kan sjå meir av slike løysingar framover, men påpeikar samstundes at det ikkje berre er rett fram.

Det krev for det fyrste stadar med hardt og tett fjell, som eignar seg til å lagre varme, og i tillegg god kompetanse til å utvikle tilpassa innretningar.

– Men med erfaringar som ein hentar frå denne typen pilotprosjekt, håpar eg ein på sikt vil ta bruk slike løysingar fleire stader i landet, seier Berner.

– Det er jo fleire prosjekt i gang allereie, så det er mykje spennande som skjer i bakken i Noreg.

Les også Trondheims nye landemerke lader busser og gir lys og varme til nabobygg

Fasaden til Powerhouse Trondheim. Vi ser solceller og "hullet" som er formet som et nulltall