– Her kjenner du at det er varmt, seier Geir Andersen i Drammen Eiendom. Han kjenner med handa på røyret frå ein av solfangarane på taket.
– Det sirkulerer vatn inni som blir veldig varmt når solfangarane er svarte, har glas og står i sola, seier Andersen.
– I staden for å varme opp skulen med dyr energi om vinteren, sparer vi på solenergien om sommaren, seier Geir Andersen i Drammen Eiendom.
Foto: Kjartan Rørslett / NRKHan er leiar for vedlikehald og miljø i det kommunale føretaket og ei viktig drivkraft bak «geotermosen» ved Fjell skole. Det spesielle varmelageret fyller dei opp gjennom sommaren når sola skin mest.
«Kraftverk» på taket



På taket har skulen sitt eige, vesle «kraftverk» som hentar energi frå sola.
Varmen frå 125 kvadratmeter med solfangarar kan gå rett ned i termosen eller brukast på skulen om våren eller hausten.
1.000 kvadratmeter med solcellepanel produserer mykje straum. I sommarhalvåret driv straumen ei kraftig varmepumpe som hentar varmen ut av lufta.
– Den er på 250 kilowatt, går på straum frå solcellepanela og dreg mykje varme ned i termosen, seier Geir Andersen
Trond Haugan, Rune Simensen og Geir Andersen frå Drammen Eiendom på taket av Fjell skole. Bak dei står solfangarane som varmar vatn. Framfor dei ligg nokre av solcellene som produserer straum, mellom anna til varmepumpa.
Foto: Kjartan Rørslett / NRKTermosen er 50 meter djup
Sjølve termosen består av 100 røyr med vatn som går 50 meter ned i grunnen under parkeringsplassen på skulen. Dit ned blir varmen sendt frå mai til september.
– Geotermosen er som ei 15 etasjar høg blokk, og det er steinen som blir varm, seier Geir Andersen.
Ved siste måling viste termometeret at steinmassivet var blitt over 45 grader varmt.
– Det er mykje energi, seier Andersen.
Så mykje at dei har slutta å fylle på den for sesongen.
– Vi kunne nok ha fylt den endå meir. Men no er det nok energi der til å halde skulen varm gjennom heile vinteren. Det er vi sikre på, seier Andersen.
Golvvarme
Gjennom vinteren blir varmen frå termosen til golvvarme i klasserom, bibliotek, idrettshall og arbeidsrom på Fjell skole. Det skjer nesten utan at det blir brukt straum, sjølv på kalde dagar.
Ei sirkulasjonspumpe på 800 watt er det som skal til for å hente det varme vatnet opp av termosen.
– Det er litt av poenget. Skulen belastar ikkje kraftnettet, seier Geir Andersen.
Det er ein av grunnane til at Enova har støtta arbeidet med geotermosen på Fjell skole.
– Eg har vore borti ulike varmesystem på fleire skular, ikkje alle har vore like bra. Men dette verkar, seier rektor Arnstein Larsen.
NRK besøker skolen på ein solfylt septemberdag. På ein skjerm i det tekniske rommet kan prosjektleiar Rune Simensen sjå kor mykje energi dei hentar frå sola i 15-tida om ettermiddagen.
Varmepumpa blir driven av solstraum og hentar varme frå lufta. Om sommaren fyller den varmen på termosen. Varmepumpa er på 250 kilowatt og går på straum frå solcellepanela på taket.
Foto: Kjartan Rørslett / NRK– Akkurat no leverer solfangarane 56 kilowatt, solcellene 41. Så til saman får vi omtrent 100 kilowatt solenergi, seier han.
Langs den eine veggen går svarte røyr tett i tett før dei forsvinn ned i betonggolvet.
– Det er røyra som går til geotermosen. Det er to røyr, eit til og eit frå inni kvart av røyra du ser. Dei brukast på ulike måtar etter kva som løner seg mest, forklarar Trond Haugan, også han teknisk prosjektleiar i Drammen Eiendom.
I fjellgrunnen under parkeringsplassen ligg geotermosen som skal halde skulen varm i vinter.
Foto: Kjartan RørslettKan nyttast nesten over alt
Geotermosen ved Fjell skule i Drammen er spesiell, men teknikken kan godt nyttast andre stader, seier Randi Kalskin Ramstad.
Ho er førsteamanuensis II ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet og konsulent i Asplan Viak. Som spesialist på grunnvarme har ho vore med i arbeidet med geotermosen i Drammen.
Randi Kalskin Ramstad, førsteamanuensis II ved NTNU og rådgivar i Asplan Viak.
Foto: NTNU– Dette kan gjerast der det er stein og gunstige lausmasseforhold, luft og sol. Så det kan brukast nesten over alt i Noreg, seier Kalskin Ramstad.
– Er ein geotermos ei god løysing for eit vanleg bustadhus?
– Nei, det vil det nok ikkje, varmetapet vil bli for stort. Dette er meir aktuelt ved større utbyggingsprosjekt der ein treng meir enn ein million kilowattimar med varme i løpet av året, seier ho.
Løysinga kan komme til å bli brukt i omskapinga av bydelen Nyhavna i Trondheim, der ein geotermos kan gi varme til dei nye bygningane.
På Kolbotn utanfor Oslo skal idrettslaget bruke slynger med vatn under fotballbana som ein stor solfangar om sommaren. Ei varmepumpe skal deretter heve temperaturen på vatnet endå meir før det sendast ned i varmelageret under bakken. Når vinteren kjem skal varmen herfrå halde kunstgrasbana fri for snø.
– Vatnet i solfangarane blir veldig varmt og kan gå rett ned i termosen, seier Geir Andersen i Drammen Eiendom. Han har vore ei drivkraft for geotermosen ved Fjell skole.
Foto: Kjartan Rørslett / NRKNoreg kan få mange geotermosar
– Kor vanleg kan dette bli?
– Eg trur det tar litt tid før det kjem skikkeleg i gang, vi må ha nokre pilotanlegg til først. Men om 10–20 år bør vi ha ganske mange slike anlegg i Noreg, seier Randi Kalskin Ramstad.
Mens høge straumrekningar gjer at mange kommunar skrur ned innetemperaturen på skulane i vinter, så trengst det ikkje på Fjell skole i Drammen. Her har dei varmen på termos.
– I staden for å bruke dyr energi for å varme opp skolen på vinteren, så har vi varmepumpe, solceller og solfangarar på sommaren, når det er mykje sol. Når hausten kjem skrur vi av varmepumpa og varmar bygget frå termosen, seier Geir Andersen.
Under denne parkeringsplassen ligg «geotermosen» .