Hopp til innhold

Sonen til artist blei kidnappa: «Æ har hata livet mitt siden det der»

Delar av ranssummen frå den trønderske artisten blei overført som bitcoin til ein sentral person i Foxtrot-nettverket.

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

FOXTROT: Ein sentral person i det kriminelle nettverket Foxtrot fekk noko av pengane som blei overført frå den trønderske artisten.

Foto: politiet

«Æ har hata livet mitt siden det der»

«Fordi Æ ser familien min sånn»

Det skreiv sonen til den trønderske artisten til svensken som er ein av seks tiltalte for ran av den trønderske artisten.

Det heile starta då han blei kidnappa natt til 9. mai i fjor.

Målet med kidnappinga var å få faren, ein trøndersk artist, til å betale ei påstått narkotikagjeld sonen hadde.

«Vi vet det er ingen lek» skriv sonen kort tid etter at han hadde vore kidnappa.

Og etter truslar om at familien skulle parterast overførte artisten 750.000 kroner personar knytt til det kriminelle Foxtrot-nettverket.

Skjermbilde fra en telefon med meldingsvarsel fra appen Signal fra brukeren Aloe Vera

Kidnapping og ran knytt til Foxtrot – svensken hadde saker å løyse i Trondheim

Overførte pengar til Foxtrot-nettverket

Artisten overførte 750.000 kroner til 25-åringen som er tiltalt frå 23. til 31. mai 2023.

Like etter får 25-åringen ein e-post frå banken som stiller spørsmål ved overføringane frå artisten.

På eit notat skriv tiltalte at artisten «er en nær venn av familien» og skulle hjelpe han med å etablere seg etter soning.

Samstundes blir det koordinert med sonen at artisten måtte ringe banken og bekrefte det same.

Av ranssummen blei det kjøpt bitcoin for 200.000 kroner. Noko av bitcoin-summen blei overført til ein sentral person i Foxtrot-nettverket.

Personen i Foxtrot-nettverket enda opp med 62.000 kroner. Resten av summen er brukt til varekjøp og overføringar til andre personar og ukjente lommebøker.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk: – Har prøvd så godt eg kan å fortrenge dette

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

– Storstilt omsetting av narkotika i Noreg

På mobiltelefonen til svensken fann politiet fleire notat som omhandla sal av narkotika og innkrevjing av gjeld for det.

– Notata fortel at her har det vore storstilt omsetting av narkotika i Sverige, Noreg og Finland.

Det seier aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne.

I si eiga forklaring i retten førre veke fortalde svensken at han var med på å krevje inn pengar.

– Eg var ein del av ei innkrevjing for å krevje inn pengar.

Dette bekreftar også fleire notat politiet fann på mobilen til tiltalte:

«Mina saker o lösa skulder

1: Trondheim»

I fleire av notata til svensken frå april 2023 nemner han Trondheim, fleire ulovlege rusmiddel, summar og reknestykke.

Han nemner også ein leilegheit i Trondheim og i eit seinare notat med overskrift «Mina egna ställen» skriv han:

«Trondheim – 2 kassar äzi och 10 kassar röka»

– Me veit at kasse er vanleg slang for kilo, seier politioverbetjent Jørgensen.

Äzi er slang brukt i Sverige for marijuana og röka er slang for hasj.

Les også Svenske knytt til Foxtrot pressa artist: – Jobbar du med oss blir det ikkje noko problem

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Koplar svensken til Foxtrot

Politiet var tidleg ute med å kople svensken til det kriminelle nettverket Foxtrot.

Men det vil han ikkje bekrefte eller seie noko om.

Har du tilknyting til Foxtrot? spurde aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, i retten tysdag.

– Ingen kommentar, svara svensken.

Men han har bekrefta at telefonnummeret knytt til profilen «Aloe Vera» med profilbilete av ein rev med eit våpen og logoen «Team Fox» på meldingstenesta Signal, er hans.

Les også Kripos: Det svenske Foxtrot-nettverket opererer i Noreg

Politi i Vasastan i Stockholm etter drap.

I tidlegare politiavhøyr har svensken sagt at han blei trua av ein person frå eit veldig kjent nettverk.

Men i si frie forklaring i retten seier svensken at dette ikkje stemmer – han er ikkje trua.

– Det eg har sagt i avhøyr om truslar frå andre stemmer ikkje.

Les også Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

Kveld i Trondheim