Hopp til innhold

Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk: – Har prøvd så godt eg kan å fortrenge dette

Artisten overførte pengane for å få slutt på truslar om at han og familien skulle parterast.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betle penger. Det ligger en pistol på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

TRUSSELBREV: Det blei skrive eit trusselbrev som aldri kom fram til artisten. Innhaldet i brevet fekk artisten på SMS.

Foto: politiet

Eg har jo prøvd så godt eg kan å fortrenge dette.

Det seier den trønderske artisten i den andre rettssaka etter at sonen blei kidnappa og han blei rana.

Det heile starta natt til 9. mai i fjor då sonen hans blei kidnappa og artisten blei pressa for pengar.

Det var heilt forferdeleg det han hadde hamna oppi. Det var ein jævlig situasjon, legg artisten til.

I etterkant av at sonen blei sloppen fri fekk artisten fleire truslar og krav om å betale 1,5 millionar kroner.

Fire lokale ungdommar er dømt for å kidnappe sonen. No møter seks unge menn i retten for ran av artisten. Saka går frå retten frå 8. til 23. april.

Les også Trøndersk artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk – no startar rettssaka

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

– Dei kjem til å partere familien din

I ein telefonsamtale kvelden etter at sonen hadde vore kidnappa fekk artisten beskjed om at familien kom til å bli partert dersom han ikkje gav dei pengar.

Artisten tok opp samtalen med to av dei tiltalte, svensken og 25-åringen frå Austlandet.

Dei kjem til å partere familien din.

Det sa 25-åringen som ramsa opp fleire av familiemedlemmane til artisten.

Me har ganske mange namn på lista, la tiltalte til.

I fleire telefonsamtalar sa artisten at han ikkje forstod kvifor han skulle betale.

– Me har gått over det eit par gongar no, fekk artisten beskjed om.

Truslane heldt fram heilt til artisten overførte pengar til 25-åringen i slutten av mai.

Det var ei enorm psykisk belasting, seier artisten i retten.

Les også 17-åring droppa ut av skulen – eit halvt år seinare var han med på kidnapping og ran

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

Betalte for å få slutt på truslane

– Han sto i eit dilemma: Skulle han betale eller ikkje? Og viss han ikkje betalte, ville truslane auke eller ville truslane bli sett i verk?

Forklarar statsadvokat og aktor i saka, Per Morten Schjetne, om dilemmaet artisten stod i.

Samstundes som truslane kom sokk pengekravet frå 1,5 millionar til 750.000 kroner.

Artisten overførte pengane for å få slutt på truslane.

Personen han overførte pengar til brukte ein fjerdedel på shopping.

– Han gjekk på shopping og brukte nesten 200.000 kroner.

Det seier politiadvokat og medaktor, Bente Bøklepp, i retten måndag.

26. mai overførte artisten 450.000 kroner til 25-åringen frå Austlandet som handla merkeklede til nesten 200.000 kroner same dag.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne (til høyre) står sammen med medaktor og politiadvokat Bente Bøklepp. De er begge i en rettsal og det er pause i retten. Vi ser tomme dommerstoler i bakgrunnen

Aktoratet i rettssaka består av politiadvokat Bente Bøklepp og statsadvokat Per Morten Schjetne.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Trusselbrev kom ikkje fram

Totalt er seks unge menn mellom 19 til 26 år tiltalt i saka.

Men politiet har hatt ytterlegare ein person til under etterforsking.

Han skreiv eit trusselbrev til artisten på oppdrag av ein av dei tiltalte og leverte det til vedkommande.

– Han skreiv eit brev til artisten sin familie med truslar som han så sende til oppdragsgjevar, forklarar aktor.

I trusselbrevet ramsa han opp fleire av familiemedlemmene til artisten og adressene deira.

«Du har en uke på å betale første halvdel av hva du skylder. En etter en skal jeg partere familien din om dere ikke betaler summen» står det i brevet.

Men trusselbrevet kom aldri fram til artisten.

– Han lukkast ikkje i å sende dette handskrivne brevet vidare. Det blir sendt ein SMS med om lag same innhald.

Det seier aktor om ein av dei tiltalte som sende meldinga.

Han som skreiv trusselbrevet fekk ei påtaleunnlating for simpelt ran og er difor ikkje tiltalt.

SMS sendt etter at trøndersk artist betalte 750.000 kroner til presoner i kriminelt nettverk.

Desse meldingane blei sendt mellom dei tiltalte etter at artisten hadde betalt 750.000 kroner til dei.

Foto: politiet

Oppretta nytt telefonnummer for å true artisten

Politiet meiner å kunne bevise at dei tiltalte oppretta eit nytt telefonnummer for å true artisten.

Dette nummeret har politiet kalla trussel-nummeret og er brukt til å sende meldingar og ringe artisten.

– Nummeret til 25-åringen frå Austlandet blir brukt til å fylle på kontantkortet til trussel-nummeret, seier Schjetne.

Politiet meiner 25-åringen er ein av hovudmennene saman med svensken og ein 26-åring frå Austlandet. Dei er tiltalt i saka saman med tre medverkande personar.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk som sa dei skulle drepe sonen

Softgun-pistol som er svart og gul.

Seks unge menn sit på tiltalebenken

Tre av dei, ein svensk mann og to frå Austlandet, er tiltalt for å planlegge og organisere innkrevjing av ei visstnok narkotikagjeld sonen til artisten hadde.

– Me meiner det er desse tre personane som er såkalla hovudmenn. Dei har lagt til rette for, og til dels organisert, fridomsfråtakinga som blei sett i verk for å skaffe eit tvangsmiddel. For å skaffe pengar, seier aktor.

Svensken og mannen frå Austlandet som begge er 25 år erkjenner delvis straffskuld for dette, medan 26-åringen frå Austlandet ikkje erkjenner straffskuld.

Dei samla inn informasjon om familien til artisten og sende direkte truslar slik at artisten blei tvinga til å betale, står det i tiltalen. Austlendingane er også tiltalt for kvitvasking av pengane og for oppbevaring av 28,4 kg hasj.

Det er berre 26-åringen frå Austlandet som erkjenner straffskuld for oppbevaring av hasj. Begge to erkjenner delvis straffskuld for kvitvasking.

bilete av ein logo merket "Team Fox", det er ein rev som holder et gevær.

Svensken hadde dette profilbilete med logoen «Team Fox» på appen Signal.

Foto: politiet

– Dei tre andre tiltalte har mindre oppgåver i denne samanhengen. Dette er noko som går føre seg store delar av mai og dei har relativt ulike roller, legg aktor til.

Ein 20-åring frå Austlandet og ein 19-åring frå Trondheim er tiltalt for medverknad til ranet av artisten. 19-åringen fekk eit bilete av trusselbrevet og formulerte ei tekstmelding med krav om 1,5 millionar kroner. Dette vidaresende han til 20-åringen som så sende tekstmeldinga til artisten og kona.

20-åringen erkjenner straffskuld, medan 19-åringen ikkje erkjenner straffskuld.

I tillegg er ein 26-åring frå Oslo tiltalt for kvitvasking av delar av ranssummen. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Les også – Desse fire ungdommane tar støyten for det profesjonelle kriminelle har gjort

Natt til 9. mai blei sonen til ein trøndersk artist bortført medan faren blei pressa for pengar.