Hopp til innhold

Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

20-åring frå Sverige ønsker å byte fengsel fordi han har blitt trua av andre innsette og er livredd.

Kveld i Trondheim

UTPRESSING: I forbindelse med ei kidnappingssak i Trondheim er ein mann i 20-åra sikta for grov utpressing.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Mannen som er sikta for grov utpressing i Trondheim og blir varetektsfengsla i ytterlegare fire veker.

Dette blei kjent i eit fengslingsmøte onsdag og grunngjeve med unndragingsfare.

Det var Adresseavisen som omtala saka fyrst.

20-åringen er ein av 12 personar som er sikta i ei kidnapping- og utpressingssak.

Det var i mars at sonen til ein norsk artist blei kidnappa. Artisten blei pressa for pengar og truga med at sonen skulle bli drepen dersom han ikkje betalte ut desse pengane.

Vil byte fengsel – er livredd

I kjenninga blir det skrevet at varetektsopphaldet utvilsamt er ei påkjenning for sikta.

– Sikta har fortalt at han har blitt trua av andre innsette og at han ønsker å bytte fengsel fordi han er redd for andre innsette, står det i kjenninga frå tingretten.

Det kjem også fram at retten føreset at sikkerheita til vedkommande blir tatt på alvor i varetektsperioden.

– Viser til kjenninga frå tingretten. Har ingen kommentar utover dette, seier påtaleansvarleg Bente Bøklepp til NRK.

Les også Kidnapping i Trondheim: Sønn av norsk artist, melder Aftonbladet

Utpressing knytt til Foxtrot-nettverket

– Politiet meiner at fridomsfråtaking- og utpressingssaka frå mai i Trondheim har tilknyting til Foxtrot-nettverket i Sverige, sa Bøklepp til NRK i førre veke.

Bøklepp forklarar vidare at koplinga til Foxtrot-nettverket kjem frå opplysingar som har kome fram i etterforskinga.

– Me kan ikkje gje detaljar no, denne informasjonen vil kome fram i retten. Utviklinga er svært bekymringsfull for samfunnet og denne trusselen må takast på alvor, seier ho.

Frå den nye kjenninga kjem det fram at sikta har hatt kontakt med personar i eit nettverk med stort valdspotensial.

Har reist til Tyrkia

20-åringen har forklart at han blir trua til å bli med på desse hendingane, og at han er livredd.

– Personen som har trua han har no reist til Tyrkia, står det i kjenninga.

Retten meiner at denne flukta viser at det i saka er både vilje og evne til å reise ut av landet for å unngå straff.

Truslane mot sikta skal ha haldt fram etter at personen som trua han reiste til Tyrkia.

Forsvarar til 20-åringen, advokat Marius Oscar Dietrichson seier at han ikkje har noko kommentar til saka.

Les også Politiet: Svenske Foxtrot stod trolig bak kidnapping i Trondheim

Politiadvokat i Trøndelag politidistrikt Bente Bøklepp