Hopp til innhold

Sak knytt til Foxtrot: Han blei kidnappa, fanga i kjellarbu og trua med pistol

Fire unge menn er tiltalte for medverknad til ran av ein trøndersk artist og bortføring av sonen. Dei nektar straffskuld for ran, men erkjenner delvis bortføring.

Natt til 9. mai blei sonen til ein trøndersk artist bortført medan faren blei pressa for pengar.

KIDNAPPA: Her blir mannen tvinga inn i bilen for andre gong, rundt klokka 03:30, medan han var kidnappa natt til 9. mai.

Natt til 9. mai blei sonen til ein trøndersk artist bortført medan faren blei pressa for pengar.

I dag møter dei fire som er tiltalt for medverknad til ran og bortføring i retten.

Dei tiltalte er fire unge menn på 17, to på 18 og ein på 19 år.

Ingen av dei tiltalte erkjenner straffskuld for medverknad til ran. Og berre to av dei, 19-åringen og ein av 18-åringane, erkjenner delvis straffskuld for bortføring og innesperring.

Hovudmannen i ranet er 17-åringen, meiner aktor i saka, statsadvokat Per Morten Schjetne.

Berre ein av dei tiltalte, 19-åringen, vil forklare seg i retten om si innblanding i saka.

Politiet mistenkte tidleg at det svenske Foxtrot-nettverket stod bak utpressinga av artisten og kidnappinga av sonen.

Les også Allereie i mai mistenkte politiet at Foxtrot-nettverket var i Trondheim

Oppdatert-episode den kurdiske reven

Fanga i kjellarbu og trua med pistol

I tiltalen kjem det fram at sonen blei tvinga inn i ein bil og køyrd til ei adresse der han blei halden fanga.

Sonen blei oppsøkt av ein politibetjent natta etter at han hadde blitt kidnappa.

Han fortalde då at han mot sin vilje blei tatt med i ein bil av maskerte personar.

– Bilen hadde køyrd til ei adresse der han blei tatt med i ein kjellarbu.

Det fortel statsadvokat Per Morten Schjetne i rettssaka.

Bilen sonen blei bortført i tilhøyrer ein av foreldra til 19-åringen som er tiltalt.

– Hadde eg visst at det var kidnapping, så hadde eg jo ikkje brukt bilen til forelderen min. Det seier jo seg sjølv, legg han til.

I kjellarbua blei sonen utsett for vald og på eit tidspunkt trua med pistol.

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

I denne bua blei mannen halden fanga natt til 9. mai i år. Det blei funne DNA-spor frå tre av dei tiltalte og han som blei kidnappa.

Foto: politiet

Eit bilete av at sonen blei trua med pistol blei vist til artisten for å presse han for pengar. Politiet meiner det var 17-åringen som blei køyrd av 19-åringen tilbake til artisten for å vise bilete.

Politiet har funne ein luftpistol, men er usikre på om det er våpenet som er brukt i utpressinga.

Truslane av artisten heldt fram over kontakt via telefon med ein person 17-åringen sette vedkommande i kontakt med.

Truslane og utpressinga førte til at artisten betalte ein betydeleg sum pengar til denne personen seinare i mai.

Sonen blei transportert vidare frå kjellarbua og sleppt fri same natt.

Politi på tinghuset i Trondheim i forkant av rettssak

Det er ekstra sikkerheitstiltak i forbindelse med rettssaka. Metalldetektor og ekstra politi.

Foto: Morten Andersen / NRK

«Ferdig å kutt opp salat, når kjæm du med kjøttdeig?»

Statsadvokaten fortel i rettssaka at politiet beslagla telefonane til dei tiltalte.

Funn på telefonane knyter alle dei fire personane til det som står i tiltalen, seier Schjetne.

Telefonane som kan knytast til dei tiltalte viser korleis dei har vore i kontakt med kvarandre og andre.

I ei melding frå ein av dei tiltalte til ein annan under bortføringa stod det:

«Ferdig å kutt opp salat, når kjæm du med kjøttdeig?»

– For oss er det ganske openbert at det er fornærma som blir omtala som kjøttdeig her, seier Schjetne til NRK.

Sjølv seier 18-åringen som sende meldinga at han laga mat og faktisk venta på kjøttdeig.

– Eg var ferdig med å lage salat og venta på kjøttdeig.

Då han sa dette lo fornærma, sonen som blei kidnappa, i rettssalen.

I tillegg kunne politiet sjå kvar dei tiltalte hadde bevega seg same døgn som bortføringa skjedde.

Fyrst blei 19-åringen pågripen og etter funn på telefonen blei ytterlegare to av dei tiltalte også arresterte.

Litt over eit døgn etter bortføringa skjedde blei siste person av dei tiltalte pågripen.

Statsadvokaten la fram ei detaljert oversikt over korleis telefonane til dei tiltale hadde bevega seg før, under og etter bortføringa skjedde.

Funn på telefonane knyter alle dei fire personane til det som står i tiltalen, legg han til.

Les også Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

Kveld i Trondheim

Team Fox

På telefonen til ein av dei tiltalte fann politiet ein logo merka med «Team Fox».

Logoen var profilbilete til ein person kalla «Aloe vera» på meldingstenesta Signal, som ein av dei tiltalte hadde sendt melding til.

Bak brukarnamnet «Aloe vera» fann politiet mobilnummeret til ein svensk mann som er sikta for organisert grovt ran i forbindelse med denne saka.

Tiltalte hadde sendt svensken adressa til staden der dei seinare køyrde han som blei kidnappa.

Meldinger på engelsk på appen Signal. På meldingene står det oversatt fra engelsk: "Møt der produkt er klart til å bli plukket opp" og "Er du der? Hvor lenge 15-20 min?" fra en avsender. Mottaker svarer oversatt fra engelsk: "Okey jeg skal sende vennen min jeg skriver deg snart!"

Meldingar sendt frå den tiltalte 19-åringen sin telefon til svensken som er sikta for organisert grovt ran.

Foto: politiet

Politiet har tidlegare bekrefta at saka i Trondheim har ei tilknyting til Foxtrot-nettverket.

Dei meiner også å kunne dokumentere at nokon av dei tiltalte var i kontakt med fleire av dei seks sikta for ran av artisten.

Kontakten mellom dei involverte føregjekk hovudsakleg via taleanrop, meldingar på appen Signal og Instagram.

I alt er seks personar sikta for grovt ran av den trønderske artisten i tillegg til dei fire som er tiltalte. Denne saka skal etter planen opp i retten i april.

Ein av dei sikta for det grove ranet er same person som den tiltalte 17-åringen sette artisten i kontakt med, natt til 9. mai.

bilete av ein logo merket "Team Fox", det er ein rev som holder et gevær.

Denne logoen merka «Team Fox» fann politiet på telefonen til ein av dei tiltalte. Tiltalte hadde sendt meldingar på appen Signal til ein person kalla «Aloe vera» med dette profilbilete.

Foto: politiet

– Eg er redd for familien min si sikkerheit

Tre av dei tiltalte vil ikkje forklare seg i retten.

På spørsmål frå aktor seier 17-åringen at han ikkje vil seie noko.

Eg er ikkje redd for noko, seier han på spørsmål om det er nokon som er grunnen til at han ikkje vil forklare seg.

Han svarar at han ikkje kjenner dei andre tiltalte så godt, men at han har vore på nokre festar med enkelte av dei.

Det same seier 19-åringen som er den einaste som vil forklare seg.

Eg trudde eg berre skulle vere privatsjåfør ein kveld, men så blei det om til noko anna, seier 19-åringen.

Han seier vidare at han fekk mogelegheit til å køyre ein person frå ein plass til ein annan for litt pengar.

Men det eine blei til det anna og før det var for seint og eg innsåg det var eg allereie involvert, legg tiltalte til.

19-åringen seier han tok seg av å køyre bil fram og tilbake frå artisten og kjellarbua der sonen var fanga. Enkelte ting vil han ikkje forklare seg om, men seier han ikkje er redd for dei andre tiltalte.

Eg er ikkje redd for dei, eg er redd for familien min si sikkerheit. Ein veit at når noko sånn skjer så er det ein alvorleg sak. Då kan det skje noko med familien min og meg sjølv også.

Han køyrde 17-åringen tilbake for å presse artisten for pengar medan sonen framleis sat fanga.

Eg tenkte jo mindre eg veit, dess betre er det. Eg tar musikken på den høgste lyden og berre konsentrerer meg om køyringa, forklarar han.

19-åringen seier det ikkje blei brukt vald mot kidnappa, verken i bilen eller i kjellaren så lenge han var med.

– Det blei brukt null vald så lenge eg var der.

Ein av 18-åringane vil ikkje kommentere noko i retten. Han andre 18-åringen, som disponerte leilegheita og bua sonen til artisten blei halden fanga, seier han hadde besøk av sonen.

– Han kom på besøk i leilegheita mi. Etter ei stund bad eg han om å dra, seier han.

I tillegg seier han at 19-åringen også var på besøk for å chille. Utan om dette seier han at dei to andre tiltalte ikkje var heime hos han denne natta.