Hopp til innhold

Svenske knytt til Foxtrot: – Det eg har sagt om truslar frå andre stemmer ikkje

Svensken endrar forklaringa si i retten og seier han ikkje blei trua av andre med stort valdspotensial til å presse artisten. Han vil ikkje svare på spørsmål i rettssaka.

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

TEAM FOX: Denne logoen meiner politiet høyrer til svensken sin brukar på meldingstenesta Signal.

Foto: politiet

Eg var ein del av ei innkrevjing for å krevje inn pengar. Eg var i Sverige under heile perioden. Eg hadde kontakt med sonen først, og så seinare artisten.

Det seier svensken under si forklaring i retten tysdag. Han vil ikkje svare på spørsmål frå nokon i retten.

Dette har vore mi rolle. Eg vil ikkje snakke meir om saka eller andre individ i saka.

Han er saman med fem andre tiltalt for grovt ran av ein trøndersk artist.

Svensken erkjenner delvis straffskuld. Han erkjenner medverknad til grovt ran, men erkjenner ikkje å vere del av organisert kriminalitet.

Statsadvokat og aktor, Per Morten Schjetne, seier den korte forklaringa er i strid med det svensken har sagt i politiavhøyr tidlegare.

Politiet ser på den svenske mannen som ein av hovudmennene bak ranet og kidnapping av sonen til artisten natt til 9. mai i fjor.

Saka går i Trøndelag tingrett frå 8. til 23. april.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk som sa dei skulle drepe sonen

Softgun-pistol som er svart og gul.

Det eg har sagt om truslar frå andre stemmer ikkje

I to tidlegare politiavhøyr har Svensken fortald at han blei trua av ein person frå eit veldig kjent nettverk.

– Eg er med i eit nettverk med stort valdspotensial, skal personen ha sagt til svensken.

Personen som trua han til å presse artisten er i Tyrkia og er ein barndomsvenn.

Det les aktor opp frå politiavhøyra gjort av svensk og norsk politi.

– Personen trua vedkommande og familien. Han torde ikkje å seie noko. Han var redd for familien og sitt eiga liv.

I desse avhøyra fortalde svensken at han var trua til å presse artisten for pengar og fekk manus på det han skulle seie i telefonen.

Men i si frie forklaring seier svensken at dette ikkje stemmer – han er ikkje trua.

Det eg har sagt i avhøyr om truslar frå andre stemmer ikkje, forklarte svensken.

Les også Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

Kveld i Trondheim

Samtalane på engelsk og svensk er meg, seier svensken om telefonsamtalar med artisten.

I retten leste svensken opp ei kort forklaring. Han ville ikkje svare på spørsmål utover det han las opp eller gjenta forklaringa.

Forsvarar til svensken, Live Sjuve Johansen, vil ikkje la seg intervjue av NRK.

Har du tilknyting til Foxtrot? spør aktor.

Ingen kommentar, seier svensken.

Statsadvokat og aktor Per Morten Schjetne står ved benken i en rettsak. Han er konsentrert. En leselampe er på. Det samme er mikrofonen hans. Den lyser rødt

Statsadvokat og aktor i saka, Per Morten Schjetne, las opp samandrag frå to politiavhøyr av svensken.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Men politiet meiner at svensken kan knytast til det svenske kriminelle nettverket Foxtrot.

– Det er ingen av dei seks som er tiltalt for å ha tilknyting til Foxtrot-nettverket. Men det ligg opplysingar i saka som trekker i retning av at ein av dei tiltalte kan ha knytingar til nettverket.

Det sa statsadvokat og aktor, Per Morten Schjetne, i forkant av rettssaka.

Politiet meiner at tre av dei seks mennene som no sit på tiltalebenken for ran av artisten var oppdragsgjevarane til dei lokale ungdommane.

Fire trønderske ungdommar er allereie dømt for å kidnappe sonen til artisten.

– Han skulda 80.000 kr og nokre gram hasj

I etterkant av at sonen blei sloppen fri fekk artisten fleire truslar og krav om å betale 1,5 millionar kroner.

Artisten fekk beskjed om at det var ei narkotikagjeld sonen hadde. Men etter eigne undersøkingar fann han ut at påståtte summen ikkje stemte.

Eg har funne ut kva den originale gjelda er, sa artisten i ein telefonsamtale med 25-åringen frå Austlandet 19. mai i fjor.

Politiet var saman med artisten og tok opp samtalen som blei spelt av i retten.

Det han skuldar er 80.000 kroner og nokre gram hasj. Me kan ikkje drive å betale på noko som ikkje har noko med oss å gjere, la artisten til.

Men det ville ikkje 25-åringen høyre på.

Eg er ikkje interessert i å sitte og diskutere med deg. Betal i dag, så i neste veke.

Det sa 25-åringen før han braut telefonsamtalen.

25-åringen erkjenner også delvis straffskuld for medverknad til ran av artisten. Han erkjenner ikkje å vere ein del av eit kriminelt nettverk.

Min jobb har vore å krevje inn pengar. Eg fekk beskjed om at nokon skulda pengar og så tok eg det derifrå, seier 25-åringen i retten tysdag.

Han vil ikkje å svare på spørsmål som handlar om andre, kven han fekk oppdraget frå eller korleis han kom i kontakt med dei andre tiltalte.

Min jobb var å krevje inn pengar. Då samla eg inn informasjon om artisten og familien.

Både 25-åringen og 26-åringen frå Austlandet var saman under open soning då ranet av artisten og kidnappinga av sonen skjedde.

Eg vil seie unnskyld for hendinga. Han er uskuldig oppi dette, legg 25-åringen til.

– Viss du jobbar med oss vil det ikkje vere noko problem

Utover i mai hadde artisten fleire telefonsamtalar med svensken og 25-åringen. Politiet sine lydopptak frå samtalane blei spelt av i retten.

Dei blei i løpet av desse samtalane einige med artisten om å redusere beløpet til 750.000 kroner.

– Viss du jobbar med oss vil det ikkje vere noko problem. Då vil alt vere over, sa svensken på engelsk, sa svensken.

Også denne samtalen var avlytta av politiet.

Du må love meg at eg er trygg i Trondheim, sa artisten.

Han ville forsikre seg om at pengane kom til rett person og at han og familien fekk vere i fred.

Eg sver til gud. Det skal ikkje skje noko med deg, la svensken til.

Les også Artist betalte 750.000 kroner til kriminelt nettverk: – Har prøvd så godt eg kan å fortrenge dette

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betale penger. Det ligger en revolver på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

Trua med å partere artisten

I ein telefonsamtale kvelden etter at sonen hadde vore kidnappa fekk artisten beskjed om at familien kom til å bli partert dersom han ikkje gav dei pengar.

Den same trusselen blei formidla i eit trusselbrev, men brevet kom aldri fram til artisten.

Men han blei trua med partering fleire gonger.

– Dei kjem til å partere familien din.

Det sa 25-åringen som ramsa opp fleire av familiemedlemmane til artisten.

– Me har ganske mange namn på lista, la tiltalte til.

Etter at artisten sa han ville betale blei det hyggelegare tone i telefonsamtalane.

Frå 9.til 25. mai hadde artisten i alt 13 samtaler med Svensken eller med den norske 25- åringen fram til heile beløpet på 750.000 kroner var betalt.

Totalt varte samtalane i omlag ein time, opplyser politiadvokat Bente Bøklepp til NRK.

I tillegg var det fleire samtalar natt til 9. mai mens sonen til artisten var bortført.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betale penger. Det ligger en revolver på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

Det blei skrive eit trusselbrev som aldri kom fram til artisten. Innhaldet i brevet fekk artisten på SMS.

Foto: politiet

I telefonsamtalane ville artisten forsikre seg om at kontonummeret var rett og at truslane skulle ta slutt. Dei tiltalte verka utolmodige og ville ha pengane så snart som mogeleg.

Eg veit at du kan gjere det, eg veit at du kan gjere det, sa svensken.

Han snakka engelsk, medan 25-åringen snakka norsk. Artisten byta på engelsk og norsk etter kven av dei to tiltalte som styrte samtalen.

Det han prøver å seie er at ikkje gjere noko dumt. Basically, ikkje prøv deg på noko smart, la 25-åringen til.

Artisten fortalde at han jobba med å samle pengar frå vener og kjente.

Kan du garantere at når de får pengane er dette over?

Då svarte svensken at artisten hadde fram til fredag på å betale og at han var lei av å vente.

Eg vil at dette skal vere over, du vil at dette skal vere over. Eg har ikkje den forbanna energien lengre til å ringe frå eit anna land ... Eg har mykje greier, svara svensken.

Totalt betalte artisten 750.000 kroner til kontoen til 25-åringen i tre overføringar frå 23.–31. mai.

– Eg følte jo at eg ikkje hadde noko anna val, seier artisten i retten tysdag.

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

25-åringen sa unnskyld til artisten i retten.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Me er redde og har angst framleis

Artisten fortel i retten tysdag at ranet og truslane som blei retta mot han i fjor framleis pregar han og familien.

Det har vore jævlig tøft, knalltøft. Me er jo redde og har angst framleis.

Han fortel at han har måtte sette artistkarrieren på vent.

Det grov djupe spor i meg. Dei eg jobbar med seier at eg ikkje er meg sjølv enno, seier artisten.

Artisten har sidan mai i fjor vore delvis sjukemeldt.

– Eg var jo dritredd for å vere i det offentlege rom. Eg var aldri aleine.

Uniformert og bevæpnet politi utenfor tinghuset i Trondheim

Det er knytt ekstra sikkerheit til rettssaka. Væpna politi er både i rettssalen og utanfor Trøndelag tingrett.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Les også Sikta for grov utpressing – livredd i fengsel

Kveld i Trondheim