Hopp til innhold

Kripos: Det svenske Foxtrot-nettverket opererer i Noreg

Det kriminelle nettverket som blir anteke å stå bak mange av drapa i Sverige den siste tida, sel no sine tenester til kriminelle i Noreg, ifølgje Kripos.

Politi i Vasastan i Stockholm etter drap.

FLEIRE DRAP: Politi på plass i Vasastan i Stockholm etter eit drap tidlegare i september.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

Sverige er inne i ein av sine verste valdsperiodar på lang tid.

I Stockholm og Uppsala går unge gjengmedlemmer til angrep på andre gjengmedlemmer eller familiemedlemmer.

I sentrum for all valden den siste tida står det kriminelle nettverket Foxtrot.

Eit frykta nettverk som no også har etablert seg i Noreg.

Det stadfestar Trond Bruen Olsen, avsnittsleiar for organisert kriminalitet-seksjonen i Kripos.

Ja, det er registrert kriminelle aktivitetar i Noreg som vi kan spore tilbake til Foxtrotnettverket, seier han til NRK.

Han stadfestar at svenske kriminelle nettverk har vorte aktive over heile landet.

Det siste året har aktiviteten frå svenske gjengkriminelle på norsk jord vorte meir synleg. Både ved at dei er etablerte i ulike delar av landet og at dei blir involverte i valdsoppdrag i Noreg, fortel Olsen.

Les også Ny natt med vold i Sverige – ikke vært så farlig siden 1945

BNC WEB_INRIKES

Politiet er bekymra over utviklinga i Sverige.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

Innblanda i noko «vekevis»

I tillegg til sal av mellom anna torpedotenester til norske kriminelle og narkotikainnførsel, kjøper dei norske kriminelle nettverka våpen og sprengstoff frå Sverige.

Sveriges Radio har snakka med leiaren for etterretningsavsnittet ved seksjon for organisert kriminalitet i Kripos, Kjetil Tunold.

Han seier at Foxtrot og andre svenske kriminelle nettverk no er innblanda i kriminelle aktivitetar i Noreg kvar veke.

– Om dei har busett seg her, er eg meir usikker på, men dei har vore her og har operert her.

I all hovudsak dreier det seg om narkotikaverksemd. Det kan også vere kriminelle forhold relatert til valdsutøving og pengeinnkrevjing, fortel Tunold.

Les også Voldsbølgen i Sverige: Derfor rammes de

Politi i Vasastan i Stockholm i Sverige etter et drap.

Blir rekruttert frå ung alder

Trond Bruen Olsen seier rett ut til NRK at norsk politi er bekymra for situasjonen i Sverige knytt til gjengkriminalitet og rekruttering.

Det er derfor viktig for Noreg å ha eit godt samarbeid med Sverige og dei andre nordiske landa.

Han understrekar at det er viktig å ha eit godt nordisk samarbeid for å stoppe leiarane i gjengmiljøa og for å hindre rekruttering av ungdom.

I Sverige har dette vorte eit stort problem. Leiarar i dei kriminelle miljøa utnyttar unge ved å få dei til å gjere brotsverk og ta straffa.

I fleire enn 30 saker er den mistenkte gjerningspersonen 14 år eller yngre, ifølgje SVT.

Kripos stadfestar at det går føre seg rekruttering av ungdommar til kriminelle nettverk også i Noreg. Dei blir rekrutterte frå ung alder og heilt ned til tidleg i tenåra.

Rekruttane må vanlegvis gå stigen i dei kriminelle miljøa og får mindre oppgåver som vakthald, levering av narkotika og pengar, fortel Olsen.

– Dette skjer hovudsakleg i samband med narkotikakriminalitet i dei største byane. Vidare har sosiale medium mellom anna bidrege til å synleggjere kriminelle nettverk til unge.

Kurdiske reven

Det kriminelle nettverket blir leidd av Rawa Majid, også kjent som «Den kurdiske reven».

Foto: NTB

– Narkotikasmugling og organisert kriminalitet

Det kriminelle Foxtrotnettverket, som altså har byrja å operere i Noreg, vert leia av Rawa Majid. Han er også kjend som «Den kurdiske reven».

Majid er ein tidlegare irakisk flyktning som har kjøpt seg tyrkisk statsborgarskap ved å investere i landet.

Tyrkia har nemleg ingen utleveringsavtale med Sverige, og derfrå leier han ifølgje svensk politi det kriminelle nettverket sitt.

Det svenske politiet meiner at nettverket står bak narkotikasmugling og organisert kriminalitet i Sverige. Etter kvart skal Foxtrot også ha spreidd verksemda til andre land.

Ifølgje Aftonbladet var nettverket mellom anna innblanda i ei kidnappingssak i Trondheim i mai i år.

Les også Kidnapping i Trondheim: Sønn av norsk artist, melder Aftonbladet

Politiadvokat i Trøndelag politidistrikt Bente Bøklepp

Forsterkar samarbeid

Politidirektør Benedicte Bjørnland vil ikkje nemne namn på noko nettverk. Ho legg likevel ikkje skjul på at den auka «grensehandelen» mellom dei kriminelle nettverka i Noreg og Sverige uroar norsk politi.

I september har det vore ni gjengrelaterte drap i Sverige.

Samarbeidet har gått føre seg over ei tid, og vi ønskjer å forhindre at det utviklar seg ytterlegare, seier Bjørnland.

– Det er likevel ingen grunn til å tru at det biletet vi ser i Sverige, med drap der barn er involvert, at det plutseleg skal forplante seg til norsk jord, seier ho.

Det er heller ikkje nokon grunn til å senke «guarden», påpeikar Bjørnland.

Svensk og norsk politi har no inngått eit tettare grensesamarbeid i kampen mot den organiserte kriminaliteten, og då særleg knytt til etterretning.

For frykta er at dei kriminelle nettverka frå Sverige får ytterlegare fotfeste i Noreg.

– Vi skal i alle fall ikkje avvise det og vi ønskjer å førebyggje det. Så derfor denne forsterka innsatsen, seier ho til NRK.

Norsk og svensk politi forsterker samarbeidet mot organisert kriminalitet

Politidirektør Benedicte Bjørnland og Sveriges rikspolitisjef Anders Thornberg.

Foto: Martin Solhaug Standal / NTB

Ingen grunn til å vere naiv

Bjørnland påpeikar at den organiserte kriminaliteten i Sverige har eit anna alvor over seg enn i Noreg.

Likevel må det understrekast at organisert kriminalitet i Noreg har utvikla seg negativt over tid. Den er profesjonalisert, og fleire av nettverka blir styrte av bakmenn utanfor Europa.

Aktiviteten til dei kriminelle nettverka har ofte utgangspunkt i innførsel av narkotika, seier Bjørnland.

I tillegg er det distribusjon og sal, kvitvasking av utbytte, og dessutan avleidd kriminalitet som kamp om revir, innkrevjing av gjeld, truslar, vald, kidnapping og drap.

Det er ingen grunn til å vere naiv, understrekar ho.

SISTE NYTT

Siste nytt