Hopp til innhold

Kidnapping og ran knytt til Foxtrot – svensken hadde saker å løyse i Trondheim

I fleire notat skreiv svensken detaljar om storstilt omsetting av narkotika i Noreg, Sverige og Finland.

Skjermbilde fra en telefon med meldingsvarsel fra appen Signal fra brukeren Aloe Vera

SVENSKEN: Politiet knyt svensken til brukarnamnet «Aloe vera». Same dag som han hadde saker å løyse i Trondheim kontakta han 17-åringen dømt for å kidnappe sonen til artisten.

Foto: politiet

Eg var ein del av ei innkrevjing for å krevje inn pengar.

Det sa svensken då han las opp si forklaring i retten tysdag. Han er saman med fem andre tiltalt for organisert grovt ran av ein trøndersk artist.

Og på mobiltelefonen til svensken fann politiet fleire notat som omhandla sal av narkotika og innkrevjing av gjeld for det.

– Notata fortel at her har det vore storstilt omsetting av narkotika i Sverige, Noreg og Finland.

Det seier aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne.

På fleire notat står det at svensken må løyse saker om gjeld i Trondheim og på eitt av dei dukkar namnet til ein som er dømt for å kidnappe sonen til artisten opp.

Han blei kidnappa på grunn av ei påstått narkotikagjeld.

Les også Svenske knytt til Foxtrot pressa artist: – Jobbar du med oss blir det ikkje noko problem

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

– Ser på oss som ein vits

På eit notat frå 15. april i fjor står det:

«Mina saker o lösa skulder

1: Trondheim»

I tillegg står førenamnet til 19-åringen frå Trøndelag som er dømt for å kidnappe sonen og for å ha medverka til ran av artisten.

Same dag sender svensken melding til 17-åringen som er dømt for det same.

– Takk bro, dette er for alle oss. Dei ser på oss som ein vits – me vil ikkje vere i stand til å tene pengar.

Dette er ei norsk omsetting av det svensken skriv på engelsk til 17-åringen.

– Sei til han at det hastar.

– Bro beklagar hovudpina, men først let han tinga mine bli stolne og no vil han ikkje svare. Det er veldig dumt, bro.

I fleire av notata til svensken frå april 2023 nemner han Trondheim, fleire ulovlege rusmiddel, summar og reknestykke.

Han nemner også ein leilegheit i Trondheim og i eit seinare notat med overskrift «Mina egna ställen» skriv han:

«Trondheim – 2 kassar äzi och 10 kassar röka»

– Me veit at kasse er vanleg slang for kilo, seier politioverbetjent Jørgensen.

Äzi er slang brukt i Sverige for marijuana og röka er slang for hasj.

Verken forsvararen eller svensken ønsker å kommentere noko utover det tiltalte sa under si forklaring i retten tysdag.

Svensken erkjenner delvis straffskuld for ran av artisten, men ikkje for å vere ein del av organisert kriminalitet.

Les også Sonen til trøndersk artist blei halden fanga i kjellarbu og trua med pistol

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.

Koplar svensken til Foxtrot

Politiet var tidleg ute med å kople svensken til det kriminelle nettverket Foxtrot.

Men det vil han ikkje bekrefte eller seie noko om.

Har du tilknyting til Foxtrot? spurde aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne, i retten tysdag.

Ingen kommentar, svara svensken.

Men han har bekrefta at telefonnummeret knytt til profilen «Aloe Vera» med profilbilete av ein rev med eit våpen og logoen «Team Fox» på meldingstenesta Signal, er hans.

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Profilbilete til brukaren «Aloe Vera» som er kopla til mobilnummeret til den tiltalte svenske mannen.

Foto: politiet

I tidlegare politiavhøyr har svensken sagt at han blei trua av ein person frå eit veldig kjent nettverk.

Men i si frie forklaring i retten seier svensken at dette ikkje stemmer – han er ikkje trua.

– Det eg har sagt i avhøyr om truslar frå andre stemmer ikkje.

Svensken bekrefta at det var han som snakka engelsk og svensk med artisten og pressa han til å betale 750.000 kroner.

Les også Tiltalt for å rane artist – meiner dei er brikker i andre sitt spel

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

– Hugsar ikkje

To av dei trønderske ungdommane som er dømt for kidnapping av sonen til artisten møtte igjen i Trøndelag tingrett, denne gongen som vitne.

Svensken var i kontakt med dei to før sonen til artisten blei kidnappa. Men dei vil ikkje bekrefte noko i retten.

Viss eg sa at eg var uskyldig så veit eg jo ikkje.

Det svarar 19-åringen blei dømt til samfunnsstraff på 420 timar for kidnapping av sonen til den trønderske artisten og medverking til ran.

Både han og 17-åringen som er dømt for det same møtte i retten har ikkje erkjent straffskuld.

– Eg hugsar ikkje, svarar begge to på dei fleste spørsmål.

17-åringen som reiste heim til artisten natta sonen var kidnappa svarer «ingen kommentar».

Kven gav oppdraget? spør aktor, politiadvokat Bente Bøklepp.

Eg vil ikkje seie det, svarar 17-åringen.

Les også 17-åring droppa ut av skulen – eit halvt år seinare var han med på kidnapping og ran

En liten kjellerbod med tre sorte klappstoler. Det ligger søppel og glasskår på gulvet.