Hopp til innhold

Nye reglar kan hindre comeback for Giske

Nye vedtekter i fylkespartiet kan gje Trondheim Arbeidarparti og Trond Giske mindre makt i nominasjonsprosessen i Sør-Trøndelag.

Trond Giske i salen på årsmøtet til Trøndelag Arbeiderparti. Han holder hånden opp til ansiktet og lytter på det som blir sagt fra en talerstol

STORTINGSDØRA PÅ GLØTT: Trond Giske held stortingsdøra på gløtt dersom fylkespartiet vil.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Me har fått eit oppdrag om å utarbeide vedtekter til eit nominasjonsmøte som me ikkje har vedtekter til, seier Per Olav Skurdal Hopsø, leiar i redaksjonskomiteen til Trøndelag Ap.

Vedtektsendringane kan redusere Trondheim Ap si innflytelse i nominasjonsprosessen i Sør-Trøndelag.

Me diskuterer godt og har representantar frå Trondheim og andre kommuneparti i dei møta.

Fristen for å nominere representantar til Stortinget går ut i november.

Leder av redaksjonskomiteen for organisatoriske saker Per Olav Skurdal Hopsø i samtale med leder av Trøndelag Ap under årsmøtet til Trøndelag Ap. De står på gangen utenfor møtesalen og diskuterer. Hopsø gestikulerer

Per Olav Skurdal Hopsø er leiar i redaksjonskomiteen som legg fram forslaget om nye reglar. Her er han saman med leiar i Trøndelag Ap, Ingvild Kjerkol.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Slik det er i dag har Trondheim Ap som det største lokallaget i fylket også flest stemmer når representantar skal nominerast.

Det er venta at redaksjonskomiteen i Trøndelag Ap vil endre vedtektene til å vektlegge geografi meir og talet medlem mindre.

Me har ein overordna tanke om at me skal få til ei bra geografisk fordeling, seier Skurdal Hopsø til NRK.

Me følger årsmøtet til Trøndelag Ap Trøndelag Ap vil at utvikling av fornybar kraft skal skje i dialog med reindrifta

Ingvild Kjerkol på årsmøtet til Trøndelag Ap

Kan påverke enkelte kommuneparti negativt

Dersom dette blir vedtatt kan det redusere Trondheim Ap sin innflytelse på kven som skal stå på lista frå Sør-Trøndelag valkrets.

Dei diskusjonane me har vil jo kunne påverke alle kommuneparti i positiv og negativ forstand, legg han til.

Papira med vedtektsforslaget skal etter det NRK erfarer leggast ut etter møteslutt i dag og stemmast over i morgon.

I februar blei det bråk på årsmøtet i Trondheim Arbeidarparti der Trond Giskes lokallag Nidaros brukte medlemsmakta si til å sikre Giske nestleiarvervet.

Trond Giske sitter i en møtesal og kikker konsentrert på en PC-skjerm. Han holder hånda opp til ansiktet. Det er mange delegater i salen, men de fleste er ute av fokus. Det er årsmøte i Trøndelag Ap. Bildet er tatt på avstand

Trond Giske på fylkesårsmøtet til Trøndelag Arbeidarparti.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Held stortingsdøra på gløtt

10. februar blei Giske vald til nestleiar i Trondheim Arbeidarparti.

Dryge to veker seinare fekk redaksjonskomiteen i oppgåve å lage eit forslag til nye vedtekter.

I etterkant har det blitt spekulert i om dette er eit steg på vegen tilbake til rikspolitikken for Trond Giske.

På fylkesårsmøtet held politikaren framleis døra open for eit comeback på Stortinget.

Eg har sagt at eg er open for å vurdere det, men at eg ikkje har konkludert. Det tar eg når den tid kjem.

Les også Giske vald som nestleiar i Trondheim Ap

En smilende Trond Giske strekker hals og kikker utover delegatene i årsmøtet til Trondheim Ap. Giske har akkurat blitt valgt til nestleder i lokallaget

Støre: – Må avgjerast lokalt

– Inn mot nominasjonen er det alltid diskusjonar i alle fylke. Nokon tek attval, andre tar det ikkje og det kjem nye kandidatar. Det må avgjerast lokalt, seier statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.

På spørsmål om korleis han ser på mogelegheitene for at Trond Giske kan gjere comeback på Stortinget neste år, svarar han:

– Nei, det må Trøndelag avgjere. Dyktige folk, erfarne folk, det treng me. Så får dei avgjere dette lokalt.

Les også Maktkrav i Trøndelag Ap: «Nærhet til grasrota»

En smilende Trond Giske sitter i en sal med masse folk. Giske klapper.

Roste Giske sitt lokallag

I opningstalen gav Ingvild Kjerkol skryt til Trond Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum.

– Me har hatt betydeleg medlemsvekst i spesielt eit lokallag.

Det seier Kjerkol som er leiar for Trøndelag Ap.

– All ære til Nidaros for den jobben.

Næringsminister og nestleiar i Arbeidarpartiet, Jan Christian Vestre, roste også Giske sitt lokallag for dette.

Les også Full strid i Trondheim Ap – her blir mistillitsforslaget mot leiaren fremma

Leder Gunn Elin Høgli i Trondheim Ap fikk mistillitsforslag mot seg. Hun tapte kampen og måtte gå av som leder. En partikollega holder hånden over skulderen til Høgli og støtter henne ut av møteområdet.