Hopp til innhold

Giske vald som nestleiar i Trondheim Ap

Pål Sture Nilsen er vald som ny leiar for Trondheim Ap, med Trond Giske som nestleiar.

Trond Giske like etter at han er valgt inn som ny nestleder i Trondheim Ap. Han snurt seg mot salen og smiler

NESTLEIAR: Trond Giske vald inn som ny nestleiar i Trondheim Ap.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det er dette som er demokrati. Det er det motsette av eit kupp.

Det seier Trond Giske etter at han er vald inn som nestleiar i Trondheim Arbeidarparti.

Er dette eit seg på vegen tilbake til rikspolitikken?

– Eg er open for det, men eg har ikkje konkludert på det. Eg konkluderer når den tid kjem, svarar Giske.

I forkant av årsmøtet til Trondheim Ap har Giske blitt skulda på for å jobbe i kulissane og planlegge eit kupp.

Trond Giske utelukkar ikkje å kome tilbake til rikspolitikken

– Skal bli enno sterkare

Saman med ny leiar Pål Sture Nilsen skal Giske styre Trondheim Ap i eitt år.

– Eg kjem til å bruke all mi vakne tid til å sørge for at me saman med fagrørsla blir enno sterkare. Eg håper verkeleg at dette er starten på noko nytt, spennande og ordentleg godt arbeid for Trondheim Ap, seier den nye leiaren i Trondheim Ap.

I 2003 blei Nilsen verva inn i Klæbu Arbeidarparti og har sidan 2015 sete på fylkestinget.

Pål Sture Nilsen er akkurat valgt til ny leder av Trondheim Arbeiderparti. Han holder begge hendene på brystet, over hjertet. Han kikker mot salen og takker delegatene for tilliten.

Ein rørt Pål Sture Nilsen etter at han blei vald som ny leiar for Trondheim Ap.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det var eigentleg Marit Selfjord som var innstilt nestleiar i det nye styret, men foreslo sjølv ei endring i innstillinga.

– Eg foreslår at eg og Trond Giske bytter plass, sa ho.

Og slik blei det.

Valkomiteen i Trondheim Arbeidarparti kom einstemmig fram til innstillinga til nytt styre.

Me har hatt ein krevjande jobb og me får mykje kritikk.

Det sa leiar for valkomiteen, Eva Kristin Hansen, rett før nytt styre skulle veljast.

– Giske sa eg var illojal

Det har vore eit dramatisk døgn i Trondheim Arbeidarparti. Leiar måtte gå etter at det blei stilt mistillitsforslag.

Då tok eit oppgjer med Trond Giske frå talarstolen.

– 22. mai fekk eg ein telefon frå leiar i Nidaros, Trond Giske, med beskjed om at eg var tilhengar av AUF og at eg var illojal til partiet.

Det sa Gunn Elin Høgli i avskjedstalen sin.

Leder Gunn Elin Høgli i Trondheim Ap fikk mistillitsforslag mot seg. Hun tapte kampen og måtte gå av som leder. En partikollega holder hånden over skulderen til Høgli og støtter henne ut av møteområdet.

Gunn Elin Høgli gjekk av som leiar for Trondheim Arbeidarparti med ei trøystande hand over skuldra frå partikollega.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Både ho og fleire i partiet har dei siste dagane retta kritikk mot Giske.

Ei av dei er Trude Basso i Trondheim Ap.

– No var det nok for oss. Nok er nok. Ein kan seie ting sjølv eller ein kan jobbe strategisk og langsiktig for å få det som ein vil. Det er ikkje greitt, seier Basso.

Ho beskreiv situasjonen til Adresseavisen som om partiet lever i nåde fordi Giske har ambisjonar for seg sjølv.

Det er ikkje Giske einig i.

Politisk kommentator i NRK Tone Sofie Aglen seier det er tydeleg på årsmøtet at Giske har all makt i Trondheim Ap.

Giske: Høgli snakkar ikkje sant

– Eg synest sånne prosessar alltid er vond og vanskeleg, men nokon gonger må du ha eit nytt team, seier Trond Giske etter at Høgli har gått av.

Han seier Høgli si framstilling ikkje stemmer.

– Me har nok hatt våre usemjer og me har jobba tett saman på lag. Men her var det medlemmane i Trondheim arbeidarparti som sa at me trong ei ny leiing, ny giv og ny retning.

Giske sitt lokallag Nidaros sosialdemokratisk forum støtta Høgli då ho blei vald for eit år sidan. No har dei snudd. Giske forklarar dette med resultata det siste året.

– Det er sjølvsagt alltid vondt når ein skal gjere personval.

Men det er ikkje berre Høgli som har peika på Giske som hjernen bak mistillitsforslaget.

Tidlegare avviste Giske avviser at han ønsker å bli leiar, men han blir no innstilt som styremedlem.

Ny leiar og nytt styre blir stemt over og vald på slutten av årsmøtet laurdag.

Les også Full strid i Trondheim Ap – her blir mistillitsforslaget mot leiaren fremma

Leder Gunn Elin Høgli i Trondheim Ap fikk mistillitsforslag mot seg. Hun tapte kampen og måtte gå av som leder. En partikollega holder hånden over skulderen til Høgli og støtter henne ut av møteområdet.

– Ganske alvorleg

NRK har vore i kontakt med Statsministerens kontor for å få ein kommentar frå Jonas Gahr Støre om partikulturen i Arbeidarpartiet og situasjonen i Trondheim. SMK viser til partisekretær Kjersti Stenseng, som er lite imponert over lokallaget fredag kveld.

– Det er ganske alvorleg for Trondheim Ap når persondiskusjonar og konfliktar blir oppladinga til eit veldig viktig årsmøte.

Laurdag seier Stenseng at dette også er alvorleg for Arbeidarpartiet generelt.

Me veit veldig godt at den type personkonflikt og diskusjonar tek fokuset bort frå politikken.

Like før nytt styre skal endeleg veljast har Stenseng klare forventningar til å samle partiet.

Det kviler eit veldig stort ansvar på det nye styret i Trondheim Arbeidarparti. Bakteppet er ganske dramatisk, med mistillit mot ein leiar som ikkje er på val, legg Stenseng til.

Ho seier det er trist å lese om konfliktane i media, og ber alle respektere usemje både i politikk og personar.

– Også håpar eg at det som har skjedd no blir ein vekker for dei, og at vi kan bruke denne helga til å kome oss styrka vidare.

Partisekretær i Arbeiderpartiet, Kjersti Stenseng og ordførerkandidat i Trondheim Arbeiderparti, Emil Raaen. De sitter på årsmøtet til Trondheim Ap og ser mot hverandre. Det er mye folk i bakgrunnen

Partisekretær Kjersti Stenseng var lite imponert over Trondheim Ap. Her er ho saman med Emil Raaen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Trekte seg som nestleiar

Dette ser ut som ein koordinert og regissert kampanje for å fjerne styreleiar.

Det sa Jørn Arve Flått då han trekte seg som nestleiar i Trondheim Arbeidarparti i natt.

I går måtte sittande leiar i Trondheim Ap gå etter mistillitsforslag. Heile prosessen blir kritisert av fleire andre.

I natt sende nestleiaren ein e-post til valkomiteen med beskjed om at han trekker seg som nestleiar og kallar mistillitsforslaget eit uakseptabelt kupp.

Prosessane synest eg har vore uryddig og til dels ufin. Også denne prosessen. Derfor varsla eg om at eg ikkje vil sitte i det nye styret.

Det var Adresseavisen som omtalte e-posten først.

Jørn Arve Flått fra Arbeiderpartiet i Trondheim har brillene på panna. Han kikker ned mot bakken og går mot fotografen. Flått trakk seg kvelden før som nestleder i Trondheim Arbeiderparti. Det er folk foran og bak ham.

Jørn Arve Flått trekker seg som nestleiar i Trondheim Ap og kallar mistillitsforslaget mot leiar Gunn Elin Høgli for eit uakseptabelt kupp.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Les også Mener det er krise i Ap – slik vil Giske få velgerne tilbake

En engasjert Trond Giske sitter på en stol og snakker,. Han holder den ene hånda inn til kroppen, mens han beveger ivrig den andre