– Det er viktig at Trøndelag Ap viser veg og at det går an å ha eit samfunn der me tar vare på kvarandre.
Det seier Fransisca Kappfjell Herbst, leiar i Arbeidarpartiet sitt Samepolitisk råd.
– Det har vore mange Fosen-saker før Fosen-saka, og det kjem nye Fosen-saker seinare.
Kappfjell Herbst seier ho blir overraska dersom Trøndelag Ap ikkje vedtek det innkomne forslaget.
Ingvild Kjerkol ville ikkje kommentere forslaget til NRK ved oppstart av årsmøtet. Ho vektlegg at det er kome einigheit i Fosen-saka etter at forslaget blei sendt inn.
Må ta lærdom av Fosen-saka
«Me må ta lærdom av Fosen-saka og jobbe for at framtidige prosessar skjer i dialog med reindrifta, og i tråd med Noreg sine internasjonale forpliktingar.»
Det skriv Trondheim Ap i sitt forslag om å verne kring urfolk sine rettar, men setninga er fjerna frå det endelege forslaget fylkespartiet skal stemme over.
– Me mista mange medlemmar i kjølvatnet av Fosen-saka, seier Kappfjell Herbst.
I det endelege forslaget vil dei sikre samisk deltaking i avgjerder om areal- og ressursbruk samiske område.
– Trøndelag arbeidarparti vil at myndigheitene skal følge lova og respektere urfolk sin rett til å utøve sin kultur, står det i forslaget.
Forslaget skal behandlast og stemmast over under fylkesårsmøtet til Trøndelag Arbeidarparti i helga.
Dette skjer samstundes som den pågåande rettssaka mot Fosen-aksjonistane.
Vil styrke samisk språk
I tillegg er det kome inn to forslag med mål om å styrke samisk språk i Trøndelag.
Forslaga kjem frå AUF i Trøndelag og Trondheim Ap.
– I dag kan norske elevar lære tysk, fransk, spansk og kinesisk. Men ikkje språket til si eiga urbefolkning.
Det seier Ellen Bernersen frå Trondheim Ap, som vil at alle elevar i kommunen skal kunne velje samisk som framandspråk i skulen.
AUF vil at dette skal gjelde alle elevar i Trøndelag fylke. I tillegg vil dei at samisk kultur og historie skal få meir plass i læreplanen.
13 aksjonistar er tiltalt etter Fosen-demonstrasjonar
Aktivistane er tiltalt for å ikkje fjerne seg frå resepsjonen på Olje- og energidepartementet (OED) etter pålegg frå politiet.
Etter dei hadde aksjonert i resepsjonen blei dei på natta 27. februar 2023 fjerna av politiet.
– Me blir straffa fordi me har beskytta menneskerettane i Noreg.
Det sa Ella Marie Hætta Isaksen til NRK då rettssaka mot ho og resten av aksjonistane starta.
Siste dag av rettssaka er måndag 18. mars og det er forventa at dommen kjem fredag 12. april.
Roste Giske sitt lokallag
I opningstalen gav Ingvild Kjerkol skryt til Trond Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum.
– Me har hatt betydeleg medlemsvekst i spesielt eit lokallag, seier Kjerkol.
– All ære til Nidaros for den jobben.