Hopp til innhold

Vitne i giftsak: – Han spør om ostefat. Så fortel han at kona er død

Familieven vart overraska over form på dødsbodskap frå tiltalte i giftsak.

Bildet fra en rettsal. Dommerne kommer inn etter en pause. I midten ser vi Eirik Lereim. To meddommere ved siden av ham

VITNA OM DØDSBODSKAP FRÅ TILTALTE: Ei venninne av avdøde fortalde i tingretten om korleis ho fekk vete om dødsfallet.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

May Irene Eliassen døydde 29. juni i Ørland kommune, 73 år gamal.

Les også Lydopptak om morfin:– Æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå

En person holder sine hender sammen. vedkommende sitter og er iført blå jeans og en grønn genser

Obduksjonen viste at ho hadde ein dødeleg overdose med morfin i kroppen.

Ektemannen er tiltalt for drap, men nektar.

Ostesnakk og dødsbodskap

Kvinna i 70-åra som vitna i drapssaka onsdag, har kjent tiltalte og avdøde i mange år.

Ho er næringsdrivande og hadde kontakt med ekteparet med jamne mellomrom. Etter kvart vart dei også vener.

Seint på kvelden 29. juni ringde telefonen. Vitnet hadde hatt ein tøff dag med eit nært familiemedlem på sjukehus. Ho trudde det var sjukehuset som ringde, men oppdaga at det var tiltalte.

Han starta samtalen med å spørje om det var mogeleg å bestille eit ostefat.

Vitnet trudde tiltalte hadde drukke sidan han spurte om ost på den tida av døgnet.

Men han verka edru og glad, ifølgje vitnet.

– Eg ville berre fortelje deg at ho May er død, skal tiltalte så ha sagt til vitnet.

– Det var eit veldig krasj for meg. Han spør om ostefat og så fortel at han at May er død.

Vitnet spurte om tiltalte tulla før ho skjønte at han snakka sant.

Ho vart så sjokkert at ho bad han ringde dagen etter.

– For glad i livet til å ville døy

Då fornærma vart innlagd på sjukehus med morfinforgifting i februar, var vitnet på ferie i utlandet.

Dagen ho tilfeldigvis ringde til May, fortalde fornærma at ho var på sjukehus.

– Det har skjedd noko forferdeleg, sa May til meg. Men så seier ho at (N.N. namn på tiltalte) kjem inn på rommet så han kan fortelje kva som har skjedd.

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

May Irene Eliassen ville at ektemannen skulle hjelpe henne med å døy, har han forklart.

Foto: Privat

Tiltalte sa då til vitnet at kona hadde fått i seg ein overdose morfin.

Då vitnet seinare spurte May kva som hadde skjedd, ville ho ikkje snakke om det.

Aktor spør kva inntrykk vitnet hadde av fornærma etter at ho fekk diagnosen Parkinson.

Vitnet seier ho aldri høyrde May klage, sjølv om ho vart prega av sjukdomen.

Etter innlegginga i februar sa tiltalte til vitnet at kona hadde freista å ta livet sitt.

Vitnet vart etter kvart i tvil om det kunne vere sant.

Korleis May hadde fått tak i morfinen kunne kvinna heller ikkje forstå.

Men ho var klar på at ho ikkje trur på at fornærma tok livet av seg.

– May var for glad i livet til å ville døy.

Les også Drapstiltalte til aktor: – Eg blir framstilt som ein kald fisk

Nærbilde av beina til en mann som et tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune. Mannen er iført svart og hvite joggesko, i tillegg til mørke jeans. Vi ser også nedre del av hans mørkegrønne grenser

Mistanke frå sønene

Spørsmålet om korleis fornærma skulle ha fått tak i morfinen opptok også vitnet. Ho fortalde at tiltalte sjølv skal ha sagt til henne at han hadde mistanke til sønene hennar:

At det var dei som hadde gjeve henne morfinen mens ho var på rehabilitering i januar 2023.

200 mg Dolcontin tablett. Morfin.

Tiltalte har forklart at han kjøpte turkise morfintablettar av typen Dolcontin. Men at dette var ein avtale med kona som ingen måtte få vete om.

Foto: Politiet

Vitnet seier i retten at ho syntest det var rart at tiltalte ikkje hadde spurt sønene om dette dersom det var slik.

Men ho kan ikkje hugse at ho sa det til tiltalte.

Derimot hugsar ho godt at tiltalte fleire gonger bad henne om å ikkje seie noko til May fordi det ville føre til at kona vart lei seg.

Ho fortel også at tiltalte kunne vere veldig sjalu og at ho sjølv hadde sett han svært sint fleire gonger.

Vitnet fortel om nokre episodar ho sjølv var vitne til der tiltalte ikkje skal ha likt at kona såg på eller snakka med andre menn.

I ettertid har vitnet tenkt på at ho var naiv.

Mange sa jo at dei syntest May verka sløv ved fleire høve.

– Nokre sa at ho såg dopa ut. Eg sa at det sikkert var på grunn av Parkinson-medisinen ho tok.

Ektemannen (68) har erkjent at han skaffa tablettar etter avtale med kona. Han har forklart at ho ønska å døy på grunn av diagnosen Parkinson pluss.

Vi ser to personer som står ved siden av hverandre. Bildet er tatt bakfra og vi ser kun bena på dem. De er begge iført blå jeans og joggesko. Bildet er tatt inne i rettsal. De avbilda er sønnene til en kvinne som er død, og de er i retten for å vitne mot tiltalte

Dei to sønene til avdøde vitna i retten førre veke. Dei meiner mora ikkje tok livet sitt.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

«Den gode samtalepartnaren»

Tiltalte har tidlegare under rettssaka fortalt om ei kvinne han kallar ein «god samtalepartnar». Dei snakka saman mykje på telefon etter at kona vart sjuk.

Onsdag vitna venninna i Trøndelag tingrett.

Kvinna i byrjinga av 50-åra vart kjend med tiltalte i januar 2022 via familien sin.

Tiltalte sende svært mange meldingar til henne. Dei snakka også mykje på telefon heilt til han vart arrestert i juli året etter.

Venninna sa i retten at ho oppfatta at tiltalte trengde nokon å snakke med sidan kona ikkje lenger var så flink til å føre lengre samtalar.

Vitnet sa at ho ikkje hadde noko imot det.

Meldingane inneheldt mange hjarteemojis. Han sende ofte meldingane seint på kvelden og skreiv at telefonen hans var på lydlaus.

Andre gonger skreiv han at venninna ikkje måtte svare.

Førstestatsadvokat Unni Sandøy er i retten. Holder en hånd opp mot haka. Kikker på- og snakker med politiadvokat Ole Andreas Aftret. Vi ser Aftret bakfra

Aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy i retten onsdag. Eit av vitna var ei venninne av tiltalte som han kalla «ein god samtalepartnar».

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Venninna: Sa aldri til tiltalte at det vart litt for mykje

I mange av meldingane skriv tiltalte at kona er på fysioterapi, besøk eller andre ærend. Kvifor han skriv det slik til venninna, har ho heller ikkje noko forklaring på.

Ein gong sende han SMS med koden til hotellresepsjonen og romnummeret sitt og skreiv at ho gjerne måtte kome.

– Eg drog ikkje dit, sa venninna i retten.

Aktor, førstestatsadvokat Unni Sandøy, spurte kva relasjon det var mellom henne og tiltalte.

Vitnet svarer at ho ikkje var interessert i noko nærare forhold.

Les også Fastlegen om avdøde: – Eg tenkte ho var drepen

Oppvaskmaskin der det ble funnet morfin mm på glass og fat i nedre del, mens ingen funn i øvre del av maskinen.

Tiltalte: Aldri nokon kjærleiksrelasjon

Dagen etter at kona hans vart innlagd i februar 2023 sende tiltalte også mange meldingar til venninna.

Han skriv at han sit utanfor akuttmottaket. Seinare at han har ete ein god middag på ein restaurant. Litt seinare at han er installert på hotell og at han kjenner seg veldig aleine.

En person holder sine hender sammen. vedkommende sitter og er iført blå jeans og en grønn genser

Tiltalte sende mange SMS-ar til ei kvinne han vart kjend med i januar 2022.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Han sender også «nattaklem» og skriv at han har telefonen aleine med eit hjarte.

– Eg greier ikkje å sjå at May er nemnt her, sa aktor Sandøy ho tiltalte forklarte seg i retten førre veke.

– Det er ikkje uvanleg det.

Aktor spurte om det ikkje var naturleg for han å nemne på SMS at han var bekymra for kona.

– Eg trur dei som kjenner meg godt, dei veit kva eg er bekymra for og kva eg er glad over, svarte tiltalte.

Han gjentok at han og venninna aldri har hatt nokon «kjærleiksrelasjon», berre «hyggeleg selskap».