Hopp til innhold

Lydopptak om morfin:– Æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå

Kvinna som døydde av ei overdose morfin, nekta for å ha tatt tablettane sjølv då ho overlevde første gongen.

En person holder sine hender sammen. vedkommende sitter og er iført blå jeans og en grønn genser

I tjue minutt var tiltalte på telefonen med AMK-sentralen mens han freista å gje hjarte- og lungeredning til kona. Samtalen vart spelt av i retten måndag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

–Eg får ikkje liv i henne, seier tiltalte like etter at han har fått svar frå AMK-sentralen.

Operatøren på AMK spør om ho pustar.

– Nei, ho gjer ikkje det, svarer tiltalte

Klokka er straks før 22 på kvelden 29. juni i fjor.

Les også Tiltalte hadde skriftleg kontrakt på dødshjelp, seier narkotikaseljar

Skoene til en person som vitner i rettsaken hvor en mann er tiltalt for å ha drept kona med morfin i Ørland kommune

– Det går veldig bra

Ektemannen er tiltalt for å ha forgifta kona med ei overdose med morfintablettar.

Han nektar for å ha drepe henne. Han har vedgått å ha skaffa tablettane etter ønske frå kona. Ho ville døy fordi ho hadde parkinsons sjukdom, har tiltalte forklart.

I samtalen fortel tiltalte vidare om kva han har gjort før han ringde AMK.

– Eg har fått henne ned frå stolen og ned på golvet.

– Så eg tenkte å begynne med sånn hjarte – lungeredning dersom eg får det til.

Tiltalte spør om hjelp til dette og operatøren rettleiar han undervegs.

Mannen på AMK ber tiltalte sjekke om det kan vere framandlekam i munnen.

– Ingenting, svarer tiltalte.

–Nei, då held vi med to innblåsingar, når du har tatt 30 kompresjonar. Går det greitt å komprimere N.N. (fornamn på tiltalte), spør operatøren.

– Ja, det går veldig bra, svarer ektemannen til avdøde.

Retten høyrer han halde fram med å telje til 30. Innimellom høyrast også nokre svake blås.

Les også Son om forgiftinga av mora: – Eg trur det har skjedd i affekt og sinne

– Ho slo seg i andletet

Etter rundt tre minutt, spør operatøren om tiltalte treng hjelp til å telje hjartekompresjonane.

Tiltalte svarer først nei, men etter kvart hjelper operatøren til.

Han rettleier også tiltalte om når han skal ta dei to innblåsingane etter 30 kompresjonar.

Innimellom fortel tiltalte at han var ute ei tid frå om lag klokka 21. Då han kom tilbake fann kan kona livlaus i stolen.

Han fortel også om noko som skal ha skjedd tidlegare på dagen.

– Ho slo seg i andletet. Ho har parkinson. Ho har tendens til å dette. Ho slo seg først på høgre kinnbein, ho er litt blå der, ser eg, seier tiltalte.

Operatøren seier tiltalte må trykke hardare. Om han knekkjer nokre ribbein på kona, så er det berre bra, seier operatøren.

Les også Drapstiltalte til aktor: – Eg blir framstilt som ein kald fisk

Nærbilde av beina til en mann som et tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune. Mannen er iført svart og hvite joggesko, i tillegg til mørke jeans. Vi ser også nedre del av hans mørkegrønne grenser

– Eg kjenner at følelsane begynne å kome

Så langt har tiltalte høyrdest roleg ut.

Ti minutt ute i naudsamtalen brest stemma hans litt.

– Eg kjenner at kjenslene byrjar å kome.

– Det er veldig forståeleg. Men det som er viktig er at du held fram, seier operatøren. Han fortel at ambulansen er der snart.

Tiltalte held fram med kompresjonar og innblåsingar med rettleiinga over telefon.

Brannmann om kompresjonane: «pjuskete»

Den første redningspersonen som kom til huset var frå brannvesenet.

Då hadde det gått 12 minutt sidan tiltalte ringde naudtelefonen.

Brannmannen var ikkje nøgd med kompresjonane som tiltalte gjorde:

– Eg brukte vel ordet «pjuskat» i avhøyret hos politiet, sa han i retten måndag.

Han tok over gjenopplivinga straks, men oppdaga at brystkassa ikkje heva seg då han tok innblåsingar. Det tyda på at det ikkje var frie luftvegar.

Brannmannen oppdaga då at det var mykje oppkast i halsen.

– Ein person som utfører hjarte- og livredning blir både andpusten og sveitt.

Tiltalte stod fram heilt upåverka, sa brannmannen i retten.

Ambulansen som kom like etter freista også å gjenopplive henne.

Men livet stod ikkje til å redde.

Bildet fra en rettsal. Tre dommere sitter ved et bord. Dommer i midten er Eirik Lereim. Det sitter en meddommer på hver side av Lereim.

Retten fekk høyre opptak av naudsamtalen som tiltalte ringde 29. juni 2023.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Lydanalysen underbyggjer inntrykket til ambulansepersonalet

Senioringeniør i Oslo politidistrikt, Truls Birkeland, har i tjue år jobba med lydopptak som bevis i straffesaker.

Han har høyrd gjennom AMK-samtalen frå 29. juni mange gonger. Birkeland bruker analyseprogram som kan fange opp mykje meir lyd og rørsle enn det vanleg lytting kan avdekke.

I november 2023 vart det også gjort ein rekonstruksjon med AMK på telefonen i huset med tiltalte til stades.

Sentralt i denne saka er lyden av alle hjartekompresjonane som tiltalte utfører mens han eller AMK-operatøren tel.

Birkeland konkluderte i retten med at det 29. juni ikkje vart utført fysiske, repeterande handlingar med same kraft som under rekonstruksjonen.

Først då brannmannen kjem tretten minutt ut i samtalen og tek over livredninga høyrer ein kraftige, repeterande kompresjonar og deretter innblåsingar forklarte Birkeland i retten måndag.

Lydanalysen underbyggjer dermed inntrykket til brann- og ambulansepersonalet.

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

Avdøde May Irene Eliassen.

Foto: Privat

May Irene på sjukehuset:– Kan itj værra nå sant i at æ ha blitt dopa ned

I februar i fjor var May Irene Eliassen sendt i luftambulanse til St. Olavs hospital. Ho var medvitslaus, men overlevde fordi ho fekk motfgift.

Ein urinprøve viste at ho hadde ein overdose morfin i kroppen.

Ein av sønene hennar og eit familiemedlem tok eit hemmeleg lydopptak då dei besøkte henne.

Opptaket vart spelt av i retten måndag.

Vi høyrer at kvinna er svak i stemma, men at ho tilsynelatande skjønar alt som blir sagt og at ho svarer, delvis også i fullstendige setningar.

Korleis ho skal ha vore forgifta er hovudtemaet i samtalen.

May Irene seier mellom anna:

Samtalen er frå transkipsjonen til politiet:

(...) det kan itj værra nå, kan itj værra nå sant i at æ ha blitt dopa ned.

Litt seinare:

Da vet dem dem no itj kæm det e da, (N.N. fornamn på tiltalte) da, men det kan æ aldri i verden tenk mæ at han har gjort, men vi har aldri hatt morfin hjem.

Eit par minutt seinare i samtalen:

Nei huske ingenting æ. (...) Æ kom heim fra (usikkert hva hun sier) om onsdan. Da æ våkna her var det heilt svart.

Ho gjentek at ho veit at det ikkje var noko morfin heime hos henne og ektemannen.

Jo, men veit med mæ sjøl at vi har itj nå sånn, æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå.

Les også Son om forgiftinga av mora: – Eg trur det har skjedd i affekt og sinne