Hopp til innhold

Fastlegen om avdøde: – Eg tenkte ho var drepen

Inntrykket var at tiltalte og kona var fortvila etter at ho fekk Parkinson, men då fastlegen fekk høyre at pasienten hadde døydd trudde ho ikkje det var sjølvdrap.

Oppvaskmaskin der det ble funnet morfin mm på glass og fat i nedre del, mens ingen funn i øvre del av maskinen.

OPPVASKMASKINA: Ingen morfinspor på det som stod i øvste korga, berre i den nedste.

Foto: Politiet

– Eg tenkte at ho var drepen, sa fastlegen i Trøndelag tingrett tysdag.

Det var ho som melde frå til politiet då ho fekk vete at ektemannen ønska obduksjon.

Dermed starta politiet etterforsking i juli 2023.

Ikkje suicidal, meiner legen

I retten fortalde legen om ein pasient som hadde vanskar med kommunikasjonen og balansen på grunn av Parkinson som ho fekk i 2022.

Men fastlegen oppfatta May Irene Eliassen (73) som ein person som likevel ville leve.

Ektemannen er tiltalt for å ha drepe kona med ein overdose morfintablettar.

Les også Lydopptak om morfin:– Æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå

En person holder sine hender sammen. vedkommende sitter og er iført blå jeans og en grønn genser

Han har forklart at det var kona som ønska å døy på grunn av Parkinson. Avtalen var at han skaffa tablettar, men at ho skulle ta dei når han ikkje visste om det.

Fastlegen oppfatta tiltalte og kona som eit «harmonisk» par. Det verka som mannen tok godt vare på henne, ifølgje legen.

Paret ville ikkje ha hjelp i form av til dømes heimesjukepleie og utdeling av medisinar.

Siste gong ho møtte May var i slutten av mars 2023.

Det var etter den første forgiftinga.

Då verka pasienten nervøs og ikkje så smilande som før, meinte legen.

Morfin på glasa nede i oppvaskmaskina, men ikkje oppe

Glass med delvis funn av blant annet morfin fra drapssak Ørland 2023

Morfinspor vart funne på dei tre glasa til venstre.

Foto: Politiet

Det vart funne ei blanding av morfin, alprazolam og klonazepam i kroppen til avdøde. Ho tok maten eller drikka og fekk dermed i seg stoffa i ei slik mengde at ho døydde same dag, ifølgje tiltalen.

Som alternativ til drap er mannen også tiltalt etter paragraf 277 for å ha medverka til at nokon tok livet sitt. Det erkjenner han straffskuld for.

Les også Tiltalt for giftdrap og forsøk på drap på kona

Drap Ørland stills

Tysdag fekk retten høyre om det omfattande arbeidet som kriminalteknikarane gjorde då dei undersøkte åstaden i Ørland dagane etter dødsfallet.

Det vart ikkje funne morfintablettar i huset der May Irene Elisassen døydde i juni i fjor.

Men spor etter morfin, alprazolam og klonazepam vart påvist fleire stader, mellom anna i oppvaskmaskina.

Her stod det seks glas. To av dei var blå. Det eine stod i øvste korga, og hadde ikkje spor av morfin på glaskanten.

I den nedste korga stod same type glas der det vart påvist morfinrestar.

Det same galdt eit kvitt fat.

Kriminalteknikerne Marit Bratberg Nilsen og Frode Reiten ved en talerstol i en rettsal. Reiten kikker på Bratberg Nilsem som holder i noen papirer

Kriminalteknikarane Marit Bratberg Nilsen og Frode Reiten presenterte rapporten om det dei fann i huset og som seinare vart analysert.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Overbetjent Frode Reiten sa i retten at dersom maskina hadde vorte køyrd, så forventa ein ikkje å finne morfinrestar etterpå.

I vasslåsen i maskina vart det funne restar av alprazolam.

Morfinspor på fleire kjøkenreiskap

Ørland. bilde av skuff med steikespade som inneholdt morfin.

Morfin er funne på to steikespadar som låg i ei skuffe i kjøkenbenken.

Foto: Politiet

Kriminalteknikarane tok ei rekke prøver med bomullsdottar der dei stryk på gjenstandar og overflater. Prøvene blir sende til analyse.

Resultatet viste funn av morfin og/eller alprazolam og klonazepam på bad, stovebord, kjøkenbenk, to steikepanner og steikespadar.

Vidare på eggen av ei saks, fire kjøkenknivar, kjøkenklutar og to pappsugerøyr i søpla.

Tiltalte har tidlegare forklart at han synest det er vanskeleg å svare på om kona brukte sugerøyr i samband med måltid for å få i seg drikke.

På dei tre glasa med morfinspor er det ikkje funne DNA på drikkekanten.

Kvelden kona døydde, skal ho og mannen ha ete ein omelett, ifølgje tiltalte.