Hopp til innhold

Drapstiltalte til aktor: – Eg blir framstilt som ein kald fisk

Tiltalte har fleire gonger endra forklaring om kva som skjedde i tida før kona døydde. Det skjedde også i retten tysdag.

Nærbilde av beina til en mann som et tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune. Mannen er iført svart og hvite joggesko, i tillegg til mørke jeans. Vi ser også nedre del av hans mørkegrønne grenser
Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Her vedgjekk tiltalte at kona ikkje var med første gongen han kjøpte tablettar i rusmiljøet.

Kona døydde 29. juni i Ørland kommune, 74 år gamal.

Obduksjonen viste at ho hadde ein dødeleg overdose med morfin i kroppen.

Stadig nye forklaringar

Aktoratet viste til fleire avhøyr av tiltalte der han forklarer seg om opptakten til at han kjøpte tablettar.

Tiltalte har tidlegare forklart at han og kona allereie før jul i 2022 var på fleire «sonderingar» rundt Vår frue kirke i Trondheim. Her er det kjent at det er eit rusmiljø.

Vår Frue Kirke

Parken ved Vår Frue kirke i Trondheim

Foto: Morten Andersen / NRK

For tiltalte og kona var dette heilt ukjent terreng, har han fortalt.

Målet var å få kjøpt tablettar som kona skulle ta sjølv fordi ho ikkje lenger ønska å leve. Ho fekk Parkinson pluss i februar 2022.

Allereie i fengslingsmøte to veker etter at han vart sikta for drap, endra han forklaring og fortalde om avtalen med kona.

Les også Drapssikta seier kona var med då han kjøpte gifta ho døydde av

Drap Ørland stills

Medaktor Ole Andreas Aftret konfrontere tiltalte med at han då sa at kona var med.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret i rettsaken hvor en mann er tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune

Medaktor, politiadvokat Ole Andreas Aftret, konfronterte tiltalte med fleire opplysningar som viser seg å ikkje stemme tiltalte si forklaring.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Eg har ingen strategi

Etter litt fram og tilbake i retten, vedgjekk tiltalte at kona ikkje var med då han møtte personen som selde han fire tablettar.

Aftret ville vete kvifor tiltalte stadig endrar strategi og forklaringar.

– Eg har ingen strategi, svarte tiltalte.

Han seier det har vore vanskeleg å skilje både datoar og kva han skulle fortelje om avtalen han hadde med kona om å ikkje fortelje at ho ønska å døy.

Seinare vart han også for tiltalt drapsforsøk då det viste seg at kona hadde vore innlagd på sjukehus i februar 2023 for det same.

Frå starten av januar 2023 var kona på rehabilitering heile månaden.

Det var då tiltalte kontakta folk som hadde kontakt med rusmiljøet i Trondheim.

– Kvifor ventar du til ho er borte? spør medaktor Aftret.


–I ettertid kan det oppfattast som rart. Men vi levde eit tett liv. Når ho var på rehabilitering så vart det frigjeve masse tid, svarer tiltalte.

–Hadde du det for travelt elles då? spør Aftret.

Tiltalte gjentek det han har sagt mange gonger:

Han ville ikkje påføre kona unødige belastningar ved å snakke for mykje med henne om avtalen dei hadde.

Les også May Irene døydde av forgiftning – fann morfinrestar i støvsugar

Innhold i støvsuger fra åsted giftdrap Ørland

–Akkurat kva ord ho brukte, veit eg ikkje

Tiltalte forklarer i retten at det var kona som sa han kunne undersøke moglegheitene for å skaffe tablettar mens ho var på rehabiliteringa frå januar 2023.

Medaktor Aftret spør korleis ho sa dette til mannen.

–Akkurat kva ord ho brukte, veit eg ikkje. Men vi snakka jo om det like før ho skulle dra, svarer tiltalte.

Han har tidlegare har sagt at det var først etter at dei hadde sett filmen med Petter Vennerød som fekk Parkinson, at kona sa ho ville døy.

Filmen vart vist for parkinsonforeininga på Ørland 19. april 2023.

Ein del av kommunikasjonen med personar som tiltalte kontakta for hjelp med narkotikakjøp, er via mobil og SMS.

Tiltalte viser igjen til at han ikkje ville involvere kona for å skåne henne.

Førstestatsadvokat Unni Sandøy stående ved en PC i en rettsal. Sandøy er iført sort kappe. Vi ser tomme publikumsstoler i bakgrunnen. Sandøy har kort, lyst hår og mørke briller

Aktor Unni Sandøy spurte tiltalte om dei ulike forklaringane han har kome med.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Nektar for å ha fortalt narkotikaseljar om kona

Personen som selde han dei første tablettane vart sikta i juli i fjor.

Då bestemte tiltalte seg for å vere ærleg, seier han i retten.

I politiavhøyr sa han at han i januar fortalde seljaren om kona som ønska å døy på grunn av sjukdom.

Dette står i strid med at han ikkje ønska å dra henne inn i saka, påpeika Sandøy i retten tysdag.

Tiltalte kunne ikkje forklare kvifor han sa dette i avhøyr.

–Eg var tung i hovudet, Eg surra i kålen, seier tiltalte.

–Er det no du surrar eller i avhøyr? spør aktor Sandøy.

– Begge delar, svarer tiltalte.

Han seier han er redd for å seie noko gale.

Han er sikker på at han ikkje nemnde kona for seljaren i 30-åra.

Vedkomande skal seinare vitne i retten.

Glass med delvis funn av blant annet morfin fra drapssak Ørland 2023

Det er funne spor av mellom anna morfin på fleire glas heime hos tiltalte. Kona skal ha fått i seg gifta gjennom mat eller drikke, ifølgje tiltalen.

Foto: Politiet

Skulle hjelpe ven med bukspyttkjertelkreft

I kontakten med rusmiljøet i januar 2023 sa tiltalte at han hadde ein kamerat som ville ha hjelp til å døy.

Han hadde bukspyttkjertelkreft, fortalde tiltalte til personar i miljøet.

3. januar 2023 kom han til redaksjonen i Gatemagasinet Sorgenfri og spurte etter ein namngjeven bladseljar.

Vedkomande ville ikkje hjelpe tiltalte med å skaffe narkotika.

Politiet vart same dagen tipsa om at tiltalte hadde sagt at han ville hjelpe ein person med å døy.

Tipset vart ikkje registrert hos politiet, noko dei har beklaga i ettertid.

Dermed vart det ikkje noka etterforsking av hendinga i februar då kona vart innlagd på sjukehus med morfinforgifting.

– Tenkte ikkje at ho kunne ha tatt tablettane

Då kona vart innlagd ved St Olavs hospital i februar fortalde ikkje tiltalte om at ho kunne ha tatt morfintablettane han hadde kjøpt og levert til henne i januar.

I retten tysdag gjentek han at avtalen mellom han og kona var at dei ikkje skulle fortelje nokon om at ho ville ta sjølvmord.

–Dessutan tenkte eg ikkje at ho kunne ha tatt tablettane då, seier tiltalte.

Han kunne ikkje forklare nærare kvifor han tenkte slik.

På ferja heim frå sjukehuset skal kona ha sagt til han at dosen ikkje var stor nok, sidan ho overlevde. Ho skal ha bede han om skaffe meir.

Mens ho var innlagd viser mobildata at det var kontakt mellom tiltalte og mannen som hadde selt stoffet til han i januar.

I retten kan ikkje tiltalte hugse at det var nokon ny kontakt då.

Han avviser at han kjøpte meir morfin av seljaren i februar.

–Eg blir framstilt som ein kald fisk.

Det svarer tiltalte på spørsmål frå aktor Aftret om korleis det kan sjå ut at tiltalte kontakta seljaren mens kona framleis låg på sjukehus.

Kona heller ikkje med då tiltalte kjøpte dose to i mai

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

May Irene Eliassen (74) døydde i heimen sin i Ørland 29. juni 2023 av ein overdose morfintablettar.

Foto: Privat

I avhøyr forklarte han at kona var med til byen begge gongane han kjøpte tablettar av seljaren i 30-åra.

Tysdag sa han i retten at ho var ikkje med til byen første gongen som var i januar 2023. Då var ho på rehabilitering.

11. mai avtalte tiltalte møte med seljaren igjen i Trondheim.

Tiltalte betalt om lag fire tusen kroner for den andre dosen.

I dag seier tiltalte at kona ikkje var med på dette møtet heller.

Tiltalte fortel at ho var på besøk hos ei venninne i byen.

–Dette er jo ikkje ei enkeltståande mistyding eit avhøyr. Det er eit mønster, seier aktor Aftret.

–Kvifor har du vore så opptatt av å plassere May ved sida av deg når du kjøpte narkotikaen?

–Vi var jo alltid i lag. Vi var som siamesiske tvillingar.

–Ho var alltid mentalt til stades sjølv om ho ikkje var med meg fysisk, svarer tiltalte og legg til, tydeleg provosert:

– Dersom eg ville ha kvitta meg med May, så hadde eg jo skilt meg, i staden for å kriminalisere meg sjølv.

–Eg skulle ønske det vart tatt ein hjernetest av meg som viser at eg er ikkje er slik som før, bryt tiltalte ut.

Aftret viser til at den rettspsykiatriske undersøkinga av tiltalte ikkje viser noko som kan gi grunnlag for straffefridom.ab

Tablettane leverte han til kona i bilen seinare.

–Ho fekk tårer i augo, seier tiltalte.

–Var det alt, sa ho noko, spør aktor Sandøy.

Tiltalte seier at han ikkje kan hugse det no.

Han seier han hadde ein valdsam respekt for kona og det valet ho hadde tatt.

–Kvifor ringde du då AMK 29. juni då ho vart dårleg?

–Det var vel ein refleks, seier tiltalte.

St. Olavs Hospital i Trondheim

St. Olavs hospital i Trondheim

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Hyppig SMS-kontakt med venninne mens kona låg på sjukehuset

Mannen har tidlegare fortalt om ei kvinne han kallar ein «god samtalepartnar». Dei snakka saman mykje etter at kona vart sjuk.

Dagen etter at ho vart innlagd i februar 2023 sende tiltalte også mange meldingar til venninna.

Han skriv at han sit utanfor akuttmottaket. Seinare at han har ete ein god middag på ein restaurant. Litt seinare at han er installert på hotell og at han kjenner seg veldig aleine.

Sender også «nattaklem» og skriv at han har telefonen aleine med eit hjarte.

–Eg greier ikkje å sjå at May er nemnt her, seier aktor Sandøy. Ho viser til at dette er skrive mens kona er innlagd.

–Det er ikkje uvanleg det.

Aktor spør om det ikkje var naturleg for han å nemne på SMS at han var bekymra for kona.

– Eg trur dei som kjenner meg godt, dei veit kva eg er bekymra for og kva eg er glad over, svarer tiltalte.

Han gjentek at dei to aldri har hatt nokon «kjærleiksrelasjon», berre «hyggeleg selskap».

Kvinna skal vitne seinare.

Skreiv lapp før nytt politiavhøyr

Då tiltalte vart kalla inn til eit nytt avhøyr før han vart sikta for drap, skreiv han ein lapp som vart funne i bilen hans.

«Min største kjærlighet gjennom 35 år, plutselig er hun borte».

Han skreiv at han passa på henne så godt han kunne, men at han «var ikke på plass på slutten.»

– Eg gjorde kanskje ikkje nok for å støtte henne. Eg kunne ha pusha henne meir.

Tiltalte sa at han var redd for å bli dømd for drap og sone i fengsel til han kanskje vart 80 år.

Han skreiv at dersom noko gjekk gale, så ville han ikkje leve.

Lappen var skriven til barna til avdøde og tiltalte.

Aktor Sandøy spurte kvifor det ikkje stod noko i brevet om at dette var noko kona ønska sjølv.

–Det har eg vore innom før. Eg trur ikkje eg vil seie noko meir om det, svarte tiltalte.